Iskald dans med ulvar
Manusmeister Taylor Sheridan har regissert ein topp thriller.
Del noko blåøygde FBI-agenten Jane (Olsen) og Cory (Renner) finn ei kvinne drepen.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
ACTION/THRILLER
Regi: Taylor Sheridan
Wind River
Med: Jeremy Renner, Elizabeth Olsen, Graham Greene
Ei ung arapahokvinne spring berrføtt og blodig gjennom snøen frå ein fiende vi ikkje ser. Klipp til stifinnar og jaktmann Cory (Renner) som skyt ulv på sauejakt. Då ein puma har felt storfe, får Cory i oppgåve å ta livet av rovdyret. Langs spora finn han kvinna frå opninga daud, med spor av valdtekt. Etter at ordensmakta i Wind River Indian Reservation i vakre Wyoming og FBI har sagt sitt, skal Cory hjelpe FBI-agent Jane (Olsen) frå Florida med å finne udyra som står bak. Det blir ei kald og farlig ferd.
Vill, vill vest
Enkelte scener er vilt nervepirrande. Regissør Taylor Sheridan viste med manus på Sicario og Hell or High Water at han kan meisle ut spenning. Lik sistnemnde har Wind River ei rekkje westernelement i seg. Igjen har vi med hardhausar å gjere, men sjølv om merkelappen seier actionthriller, er det meir drama i rytme og figurar. Nick Cave og Warren Ellis tek att tonen frå Hell or High Water med intenst lydspor.
Kalde, harde tekniske detaljar får ei tåre til å trille. Ben (Greene) leier reservatpolitiet, som med seks menn skal styre eit område med storleiken til staten Rhode Island. Lukke til. Jane er blåøygd på meir enn eitt vis, men ho har dugleik og driv. Isolerte oljefelt i ville vesten kan gje vekstvilkår for miljø med trist syn på kvinner og urfolk. Sosiale og juridiske strukturar blir strippa.
Urutfordringar
Sheridan er ein meir hardtslåande og kommersiell kollega av smålåtne Chloé Zhaos fine The Rider. Båe skildrar sosiale problem i statane aust om Rocky Mountains med talent. Fornærmingar og forsømingar frå storsamfunnet får god handsaming av Sheridan, men stemmene til dei kua er meir resignerte enn rebelske. Greene og ei anna av Nord-Amerikas store urfolksstjerner, Gil Birmingham, gjer gode roller, men dei spelar andrefiolin andsynes heltane Cory og Jane. Båe hovudrollene er solid spelte med nyansar av nedstemd kampvilje.
At Hollywood framleis fortel om overgrep mot urfolkskvinner frå perspektivet til ein kvit duo, seier sitt om strukturelle utfordringar, men det er trøyst i dei trygge hendene til Taylor Sheridan. Wind River er ein knakande god spenningsfilm med fine figurar og viktig bodskap.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.