Fai bei sogni, heiter det på italiensk om søte draumar.
Barbara Ronchi og Nicòlo Cabras i rollene som lukkeleg mor og son, før familiedramaet eksploderer i italienske Marco Bellochios film.
Foto: Simone Martinetto / Tour de Force
Drama
REGI: MARCO BELLOCHIO
Drøm søtt
MED: BERENICE BEJO, VALERIO MASTANDREA, FABRIZIO GIFUNI, GUIDO CAPRINO
Vi er i Torino i 1969. Niåringen Massimos idylliske barndom fell i tusen bitar då mor hans blir borte på mystisk vis. Han godtek ikkje forklaringa om at det var eit sjølvmord. Åra går, og han vert ein framgangsrik journalist. Men etter å ha rapportert frå krigen på Balkan kjempar han med stadige panikkanfall. Han vil selje barndomsheimen, men når gamle minne atter dukkar fram, som det står i songen, ramlar det skrømt og levande vette ut av skåpa. Mange er dei har sine aksjar i dramaet.
Etter å ha levert fleire tital scenedrama er Marco Bellocchio godt skodd. Massimo er tvinga til å atteroppleve den traumatiske fortida si. Meir enn éin kunne ha hjelpt han, men den dugande legen Elisa (Bejo), held korta tett til brystet. Familieband på kryss og tvers raknar, og regissøren har sjølv røynsle for kva dynamitt som enno ulmar etter krigen på Balkan. Faren (Caprino) vil definitivt ha eit ord med i laget.
Soga er bygd på romanen Sweet Dreams, Little One av Massimo Gramelli. Scena er Roma, Sarajevo og Torino. Massimo vert spela av Valeria Mastandrea. I rolla som Massimo som barn har Nicòlo Cabras ei verkeleg berande rolle i ei soge som held deg i age i over to timar.
ROALD HELGHEIM
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Drama
REGI: MARCO BELLOCHIO
Drøm søtt
MED: BERENICE BEJO, VALERIO MASTANDREA, FABRIZIO GIFUNI, GUIDO CAPRINO
Vi er i Torino i 1969. Niåringen Massimos idylliske barndom fell i tusen bitar då mor hans blir borte på mystisk vis. Han godtek ikkje forklaringa om at det var eit sjølvmord. Åra går, og han vert ein framgangsrik journalist. Men etter å ha rapportert frå krigen på Balkan kjempar han med stadige panikkanfall. Han vil selje barndomsheimen, men når gamle minne atter dukkar fram, som det står i songen, ramlar det skrømt og levande vette ut av skåpa. Mange er dei har sine aksjar i dramaet.
Etter å ha levert fleire tital scenedrama er Marco Bellocchio godt skodd. Massimo er tvinga til å atteroppleve den traumatiske fortida si. Meir enn éin kunne ha hjelpt han, men den dugande legen Elisa (Bejo), held korta tett til brystet. Familieband på kryss og tvers raknar, og regissøren har sjølv røynsle for kva dynamitt som enno ulmar etter krigen på Balkan. Faren (Caprino) vil definitivt ha eit ord med i laget.
Soga er bygd på romanen Sweet Dreams, Little One av Massimo Gramelli. Scena er Roma, Sarajevo og Torino. Massimo vert spela av Valeria Mastandrea. I rolla som Massimo som barn har Nicòlo Cabras ei verkeleg berande rolle i ei soge som held deg i age i over to timar.
ROALD HELGHEIM
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen