Den engelske kanal er ein godt komponert antologi for ny poesi.
Jørn H. Sværen er redaktør for diktantologien.
Foto: Vidar M.S. Husby
DIKT
Jørn H. Sværen (red.):
Den engelske kanal
Kolon forlag 2017
Antologien for ny poesi, Den engelske kanal, er i sin femte årgang. Kanalen samlar ung eksperimentell poesi frå inn- og utland, denne gong i alt 11 poetar. Gunnar Berges teseliknande formuleringar i «Det som følger» kan forresten lesast som ei programfråsegn for antologien: «Hvor det vil vise seg at oppfinnsom-/ heten blir til idet den blir funnet opp.» Den typen samtidspoesi som er representert her, trekkjer merksemda mot handlinga, kva språket gjer, snarare enn mot kva det tyder.
Nye tilskot
Gjengangarar i Den engelske kanal-samanheng, til dømes poetane Claude Royet-Journoud og Victoria Xardel, står her saman med nye tilskot. Årets antologi utmerkar seg positivt ved at han innlemmar tekstar med tydelege politiske og maktkritiske impulsar. Til dømes med utdraga frå den amerikanske poeten Anne Boyers Garments Against Women.
Når ein blar gjennom boka, er inntrykket strengt og reint. Arket nærmar seg eit utstillingsrom. Fleire bidragsytarar går i dialog med andre kunstformer, noko fjorårets antologi også synte. Rune Christiansens 30 nummererte tenksame dikttekstar går i møte med komponisten Eliane Radique. Ein som verkeleg tek ut klangpotensialet i språket, konsekvent og overtydande, er Vemund Solheim Ådland: «Munntørket arrdråpe. Vårdråpe. Skjør, grov tåresåpe.»
Hos den danske forfattaren Andreas Vermehren Holm får forholdet mellom poesi og biletkunst eit heilt konkret uttrykk: Bidraget består av målings- og kulepennmanipulerte boksider frå Dostojevskijs En forfatters dagbok. Gjennom å fargesladde delar av boksidene og la enkeltord stå att, dannar det seg nye tekstar, samstundes som tekstsida vert ei biletflate. Som dagbok les ein Vermehren Holms tekstmontasje òg som ein kommentar til autofiksjonstrenden i skjønnlitteraturen. Kan den skapande maltrakteringa av Dostojevskij-teksten liknast med det levande modellar vert utsette for i røyndomslitteraturen?
Vidt spenn
Samtidspoesien som kjem ut i Noreg, spenner vidt, frå det forteljande til det fortettande diktet. Dikta i Den engelske kanal treng å lesast med merksemd, eller utan at ein har foten på assosiasjonsbremsen. Og er det så enkelt at dikt berre må vere tilgjengelege for å bli lesne, må ikkje lesaren gjere seg tilgjengeleg og opne seg for diktet også? Antologien gjer eit viktig arbeid med å introdusere nye poetar og poesiar, og boka gjer døra så til den nyaste poesien open og høg.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er litteraturvitar og fast lyrikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den engelske kanal gjer eit viktig arbeid med å introdusere nye poetar og poesiar.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen