Frå St. Sunniva til Svarta Bjørn
Dei vel 90 minnesmerka som finst over namngjevne kvinner her i landet, er no dokumenterte i boka Fast plass. Samstundes gjev ikkje alle fotografia eit godt nok inntrykk av kvinnene på sokkel.
Statuen av Cici Klein, ei jødisk jente frå Trondheim som døydde i Auschwitz i 1942.
Foto: Marte Aas
SAKPROSA
HILDE HERMING (red.). FOTO: MARTE AAS:
FAST PLASS. Norske kvinner på sokkel
FORLAGET PRESS
Med denne boka har Hilde Herming og Nora Ceciliedatter Nerdrum vilja kaste lys over eit lite kjend felt: offentleg plasserte monument over norske kvinner. Dei tok initiativ til ei nasjonal registrering av slike monument som ein lekk i feiringa av 100-årsjubileet for røysteretten til norske kvinner i 2013. Alt i alt har dei og hjelparane deira funne vel 90 minnesmerke over namngitte kvinner over heile landet; langt dei fleste er plasserte i Oslo, som det går fram av eit nyttig register bak i boka, men elles er dei spreidde frå Kristiansand i sør til Skaland i Berg og Torsken i nord, og frå Narvik i aust til Bergen i vest.
Mange av kvinnene som er heidra med monument, er kjende forfattarar og andre kunstnarar, politikarar, sportsutøvarar og skodespelarar – sjølvaste Marilyn Monroe er med, på grunn av ein mogleg norsk far. Men her er òg ei rekkje meir ukjende eller berre lokalt kjende kvinner frå alle samfunnslag og yrke, som misjonæren Bodil Biørn i Kragerø, fiskekona Fea Bolt i Sandefjord, anleggskokka Svarta Bjørn i Narvik eller den jødiske jenta Cissi Klein frå Trondheim, som døydde i Auschwitz i 1942. Kongelege kvinner manglar heller ikkje; soleis prydar ein statue av mellomalderprinsessa Kristina av Tunsberg omslaget til Fast plass. Diverre er ikkje statuen av dronning Sonja i Slottsparken i Oslo komen med; han vart nok oppført for seint, no i juli 2017.
Kvinnediskriminering
Redaktøren Hilde Herming trekkjer fram som eit poeng i forordet at nesten alle desse statuane vart til etter initiativ frå sportsforeiningar, lokale historielag, venelag, privatpersonar og så bortetter, medan statuar av menn oftast vert initierte av kommunale eller statlege organ. Herming kritiserer altså indirekte offentlege instansar for å diskriminere kvinner. Dess gledelegare er det då at dei halvprivate initiativa ser ut til å ha auka monaleg i dei siste 40–50 åra; av dei registrerte minnesmerka er godt og vel 60 reiste i åra etter 1970-talets kvinnerørsle. Det er med andre ord ei veksande interesse for å heidre kvinner på dette viset.
I et interessant essay om det norske minnelandskapet fremst i boka peiker kulturhistorikaren Helge Jordheim på dette som eit gode: At det er sivilsamfunnet som har gitt desse kvinnene deira «faste plass», forankrar dei meir, ikkje mindre, i den norske minnekulturen, av di kollektiv hukommelse krev aktiv deltaking. Jordheim peiker òg på at det ikkje er dei unike kvinnene (store politikarar, diktarar og så bortetter) som pregar utvalet, slik det oftast er for menn som vert sette på pidestall, men heller dei eksemplariske og representative, dei som kroppsleggjer historiske prosesser, tendensar og utviklingsliner meir enn eit embete eller enkeltståande hendingar, som eit avgjerande slag. Dermed ser Jordheim dei mannlege statuane som representantar for eit gamaldags, autoritært paradigme, medan dei kvinnelege står for ei demokratisering av minnekulturen. Dei representerer folkestrevet; dei peiker ut over seg sjølve og på gagnlege samfunnsendringar i skule, arbeid og helse.
Idéhistorikaren Kristin Brandtsegg Johansen har skrive dei korte tekstane om kvar kvinne og har så vidt denne meldaren kan sjå, lukkast med å få fram det særeigne ved kvar av dei. Boka er òg utstyrt med eit nyttig etterord av kunsthistorikaren Olga Schmedling, der ho plasserer dei ulike skulptørane innanfor eit større kunsthistorisk felt.
Kunstnariske foto
Om innhaldet i boka er til å få forstand av, verkar biletmaterialet heller ullent og uklårt. Ofte ser ein ikkje andletet på kvinna, anten fordi ho i mange høve er fotografert bakfrå, fordi ho er redusert til ein detalj i eit større bilete eller fordi attgjevinga er for uskarp. Denne strategien ser ut til å være tilsikta, då fotografen Marte Aas ikkje berre vil gjere ei visuell registrering. Ho freistar «formulere et utsagn omkring hvordan statuen og konteksten virker i samspill og kan leses i forhold til hverandre», som ho seier i eit intervju med Torunn Liven sist i boka, om det kunstnariske prosjektet sitt. Resultatet er «poetisk, til tider absurd og noen ganger utilsiktet komisk», vert det hevda i forordet. Slik vert det eit stort mangfald i tilnærminga til dei portretterte kvinnene, men samstundes får ein ofte ikkje noko presist inntrykk av dei. Her kolliderer fotografens behov for å uttrykke seg kunstnarisk med lesarens von om klårleik og informasjon og med redaksjonens uttala hensikt: å lage ein registrant over norske kvinner på sokkel.
Diverre er dette i og for seg fine tiltaket skjemt av uklår språkføring hos enkelte av skribentane, her er noko overlapping mellom dei ulike essaya og presentasjonane, og somme titlar som det er vist til i dei, manglar i litteraturlista. Av dei meir bisarre feila er denne: Om Wenche Foss står til dømes å lese at ho vart fødd i 1817, ikkje berre i presentasjonen, men òg i registeret. Korrekturlesinga kunne med andre ord ha vore betre. Når ein først gjer seg i kast med eit så storlagd nybrottsarbeid som dette, burde resultatet ha vore perfekt på dette relativt banale nivået.
Jorunn Hareide
Jorunn Hareide er professor emeritus i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo og fast bok-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Diverre er dette i og for seg fine tiltaket skjemt av uklår språkføring hos enkelte av skribentane.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.