Bøker

Leve motsetnadene

Du trur Erlend Kaasa skriv liketil, og så ser du ein gong til.

 

Erlend Kaasa har skrive bøker sidan debuten i 2009 og kjem no med si første novellesamling.
Publisert Sist oppdatert

Det er ofte sagt at det finst to typar menneske. Men som regel meiner ingen det same når dei seier det. Typane deler seg inn i ei uendeleg rekke forslag: Dei som tykkjer glaset er halvfullt eller halvtomt, dei som likar kattar eller hundar, dei som stemmer raudt eller blått, dei som likar oliven, og dei som ikkje gjer det. 

I Erlend Kaasas novellesamling deler det seg inn i dei menneska som ser framover, og dei som ser bakover. Det interessante er at samlinga sjølv insisterer på begge retningar.

Lågmælt og uredd

Etter tre romanar vender Kaasa seg no mot kortformatet. Dei åtte novellene kretsar kring nostalgi, ettertanke, framtidslengt og framtidsfrykt. Her møter vi ein forfattar som gruar seg til tilbakemelding frå konsulenten, ei som grundar over alt frå skulekunnskap til universet, ein konkurranseinnstilt amatørløpar som lar hybris ta over for sunn fornuft, ei kvinne som kjenner på kontrasten mellom ei stormande forelsking og – mange år etterpå – den deigen av ein mann ho vaknar ved sida av. 

Ein reinsdyrjeger tenker tilbake på disiplinen i militæret og ser med avsky på døgenikt-lærlingar av i dag. Vi finn ei mor som hentar stadig nye koneemne frå utlandet til sonen sin, i håp om at det skal «ordne seg for han» før ho døyr, ei kvinne som ikkje har hell i datinglivet, og ein mann som kjem heim på besøk og finn at mora har gjort rommet hans om til eit museum over han sjølv.

Kaasa er ein lågmælt forfattar i stil og tone, samstundes uredd og poengtert i innhaldet. I opningsnovella oppstår ein kontrast mellom familiemannen med kone og døtrer, som han elskar, og skuldinga han møter frå forlagskonsulenten om misogyni, altså kvinnehat. Det er skrive fram utan dikkedarar, men utan å vere for openbert; lesaren oppdagar sjølv den urettvise/oppsiktsvekkande koplinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement