Livet under v atn
Endå eit heilt streit historisk fransk drama kjem på kino.
Familien over vatnet om bord i båten «Calypso».
Foto: KontxtFilm
BIOGRAFI/DRAMA
Regi: Jérôme Salle
Jacques – Havets erobrer (orig.tittel: L’Odyssée)
Med: Lambert Wilson, Pierre Niney, Audrey Tautou
Jacques – Havets erobrer fortel om livet til havmannen over alle, Jacques-Yves Cousteau (Wilson) frå dei første freistnadane på å utforske verda under vatn på tampen av 40-talet til han mista son sin i 1979. Filmen skildrar livet om bord i det vidgjetne skipet «Calypso», kamp for kapital og forholdet til familien.
Vanleg vakkert
Det biografiske dramaet har ein fin porsjon med storslagne bilete i breitt scopeformat frå livet i havet. Kvalar og haiar er majestetiske. Franskmennene leverer solide rolleprestasjonar, men amerikanarane i perifere roller er parodiske. Lambert Wilson er stø som kapteinen, stjerneskotet Pierre Niney er sterk som sonen Philippe, og Audrey Tautou som kona Simone strålar sjarm til sjalusien tar henne.
Historia om den gamle mannen og havet handlar i stor grad om forholdet mellom desse tre. Oppdagaren manglar blikk for familien, som vanleg for slike figurar. Det ber på kostskule med borna når dei sju hav skal erobrast. Stjernestatus sikrar at helten vinn kvinners gunst, mens Simone sit att på skipet og sturar. Eit sentralt element er konflikten med den talentfulle Philippe, som går i farens fotspor som filmskapar, men har høge ambisjonar for seg sjølv. Konfliktane kjennest kjende, men ikkje kjære. Ein ny vri hadde vore verdifull. Forteljing og form er konvensjonelle.
Trygt og traust
Regissør Jérôme Salle illustrerer fint paradokset i å syne det pittoreske havet til publikum med hjelp frå petroleumsselskap på jakt etter olje på havbotnen. Vitskapspioneranes vantande forståing for eiga ureining og slett handsaming av dyr får han òg fram. Philippes forståing av foreldregenerasjonens mistak gjev håp om betre tider. Diverre veit vi at reaksjonane på Cousteaus flammande tale på tampen av filmen har vore skrekkeleg seine.
At ein vel eit trygt format for å nå ut til folk flest, er difor heilt greitt, men ein stor film blir det ikkje. Litt som aktuelle Cezanne og Zola endar Jacques – Havets erobrer som ein traust og litt fin film om modige menn i nyare fransk og global historie. Pionerane som er portretterte, står for noko fryktlaust filmen ikkje vågar å følgje opp.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At ein vel eit trygt format for å nå ut til folk flest, er heilt greitt, men ein stor film blir det ikkje.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen