Bøker I Guri Sørumgård Botheim
Livsviktig historieforteljing
Den lange vandringen blir omtala med begeistring i villreinmiljøa. Er boka noko for andre lesarar òg? Svaret er ja. Forhistoria vår kan neppe forteljast på ein meir meiningsfull måte enn med reinen som omdreiingspunkt.
Reinsdyr ved toppen av Gråhøa i Sødorpfjellet i Gudbrandsdalen.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Dei siste åra har eg både lese mykje og skrive om villrein, og engasjert meg i bevaringsarbeidet. Den lange vandringen gjer meg nysgjerrig, for boka strekkjer opp eit uvanleg langt tidsperspektiv.
Mange kjenner forteljinga om at forfedrane våre etter istida følgde etter reinen inn i landet frå sør og frå aust. Men det er
ikkje berre dei 11.000 siste åra at menneska har vore avhengige av reinen.
Denne boka teiknar opp ei 500.000 år lang historie om kontakten mellom rein og
menneske.
I kalde periodar vandra villreinen sørover i Europa. Og det var særleg i desse kalde periodane at reinen var heilt avgjerande for overlevinga til menneska. Reinen var kjøtmaten deira, har arkeologar avdekt.
Fag og erfaring
Forfattarane har funne både informasjon og forteljargrep som gjer det mogleg å skildre kva som skjedde for titusenvis av år sidan. Forsen deira er å kople saman kunnskap frå ulike felt: biologi, arkeologi, genetikk, kultur- og vitskapshistorie. Reidar Andersen har vore professor i biologi, direktør for Statens naturoppsyn (SNO) og direktør for NTNU Vitskapsmuseet, medan Olav Strand er seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (Nina) og tilsett ved Norsk villreinsenter.
Innslag av skjønnlitterære passasjar gjev varme til boka. Jegerar som levde på tundraen for 30.000 år sidan, blir levande skildra. Haustjakta skaffar ikkje berre mat, men òg skinn til klede, soveskinn, teltdukar og vesker. Med tynne nåler av reinsdyrbein syr jegerfolket varme og vasstette klede. Kjøtet grev dei ned i permafrosten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.