Musikk
Nytt band, ny vår
Det nye kompet gjev musikken til Mathias Eick eit løft.
Mathias Eick er ein låtsmed av rang, skriv Lars Mossefinn. Foto: Colin Eick
Foto: Colin Eick
På
den sjette ECM-plata si stiller Mathias Eick med flunkande nytt mannskap, og det gjer
han godt. Det skal ikkje mange tonane til før trompetaren Eick avslører
seg, og på Lullaby er han trufast mot det konseptet han har utvikla i
samarbeid med tidlegare band og ECM-sjefen Manfred Eicher.
Musikken ynskjer
velkomen heim, men Kristjan Randalu, Ole Morten Vågan og Hans Hulbækmo tilfører uttrykket eit
forfriskande løft som eg ikkje har høyrt før frå Eick si side.
Eick
er ein låtsmed av rang. Mange av dei folkemusikkaktige temaa er ikkje akkurat
allsongmateriale, men dei festar seg lett, og han lèt desse temaa stå i fokus
heile vegen. Arrangementa har nærast som funksjon å «ljossetja» dei
frå skiftande vinklar.
I eit slikt konsept har improvisasjonen avgrensa
plass. Eick sjølv ornamenterer. Improvisasjon i tradisjonell forstand overlèt
han til Randalu. Det etterlèt eit ynske om ei kollektiv utflukt i uutforska
terreng, og det er ikkje langt unna at me vert bønhøyrde på eit av høgdepunkta
på plata, den mangslungne låten «Vejle (for Geir)».
Den
sida ved plata som fascinerer mest – og like sterkt ved kvar gjennomhøyring, er
dei mange kreative detaljane i arrangementa. Dei treffsikre harmoniske vala til
Randalu, det leikande og drivande samspelet mellom Vågan og Hulbækmo passar som
hand i hanske i storforma til Eick. Det nye bandet har gjeve Eick ny glans!
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.