JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Omsorg og død

Cecilie Løveid vart løna med Brageprisen 2017 for diktboka Vandreutstillinger.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Cecilie Løveid fortener Brageprisen som ho fekk tysdag kveld, meiner meldaren.

Foto: Helge Skodvin

2475
20171124
2475
20171124

DIKT

Cecilie Løveid:

Vandreutstillinger

Kolon forlag 2017

I Vandreutstillinger skriv Cecilie Løveid dikt til ulike kunstverk, til fotografi, målarstykke eller eit performanceverk. Men også til tenkte bilete. Til dømes skildrar dikta ein teikneserie med Sigbjørn Obstfelder i hovudrolla, og Løveid skriv dikt om dei omstridde planane kunstnaren Jonas Dahlberg har for 22. juli-minnesmerket.

Løveids skildringar krinsar rundt biletpresentasjonane, ho stiller spørsmål og diskuterer, ofte i ein tone prega av varleg omsorg: «Kan bilder vekke døde til live?/ Gråter bilder? Pipler det blod?» I ordet omsorg ligg ei krinsande rørsle. I krinsen, banen eller vandringa rundt dei ulike bileta og biletrepresentasjonane oppstår dikta i Vandreutstillinger. Slik vert dikta òg til ei øving i bruk av kunst.

Biletpresentasjon

I midten av dikta står ein biletpresentasjon av død, av ei uforståeleg sorg, av ei traumatisk kollektiv hending som framleis rir oss. Til dømes dei 15 målarstykka til Gerhard Richter over den siste tida og døden til Baader-Meinhof-medlemmane. Eller diktet skrive til det einaste eksisterande fotografiet av dampskipet «Donau» då det gjekk ut Oslofjorden med norske jødar til utryddingsleirane. Eller diktet der Andy Warhols popkunstframstilling av den tomme elektriske stolen står i sentrum. Diktrefrenget, nesten som i ein poplåt eller ein voggesong, gir det sjokkerande kontrastar.

Eksistensiell nerve

Til slutt i boka kjem Løveid til sine eigne og til si eiga framstillingsform, poesien. I sistediktet skriv ho om poeten John Donnes «Death’s duel», preika Donne heldt i 1630, eitt år før han døydde, også omtala som ein gravferdsseremoni over seg sjølv. Preika fell, som treeininga og diktboka til Løveid, i tre bolkar. Slutten gir den overordna strukturen til diktboka, slik døden gir den eksistensielle forma til livet.

Dei fysiske biletframstillingane forevigar ved at dei så å seie trekkjer motiva ut or tida. Men Løveids dikt lèt det som har stivna på bileta, kome inn i tida att, dirrande av eksistensiell nerve og røyst. I kunsten Løveid har som objekt, finst mykje død og forderving. Men dikta til Løveid leier oss så å seie frå døden og inn i livet att, og flettar livet og den dødelege kroppen vår saman med kunsten.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast lyrikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Løveid leier oss så å seie frå døden og inn i livet att.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis