Bok

Pengar og makt

Érik Vuillard spiddar den franske makteliten innanfor storfinans og politikk.

Éric Vuillard er fransk filmskapar og forfattar.
Publisert

Med æren i behold er den tredje boka på norsk av franske Éric Vuillard. Dagsordenen og De fattiges krig kom begge i 2019, og alle tre bøkene er sjangerplasserte som historier. Og det er historisk stoff han går inn i og gjennomlyser med satirisk tankekraft i møtet med dei store tyske industrikonserna som skodde seg på nazi-regimet. Reflektert og nærgåande løftar han også fram bondeopprøret i Tyskland i åra 1524–1525, da kyrkje og statsmakt slo ned dei fattige sitt forsøk på å endre spelereglane.

Med æren i behold er meir på heimleg grunn og tar for seg brotsverka til den franske storfinansen i Indokina frå 1920-talet og fram til Frankrike trekker seg ut av området «med æren i behold» i 1954, etter å ha blitt slått på slagmarka ved Dien Bien Phu nær grensa til Laos.

Mishandling

Vuillard opnar med å skildre arbeidstilhøva på ein gummiplantasje eigd av Michelin. Ein inspeksjonsrapport frå 1928 gir innsikt i eit brutalt slaveri med systematisk mishandling, underernæring, utspekulerte straffemetodar og høge dødstal som fort fører tanken mot arbeidsleirar av verste kaliber, gjennomsyra av rasisme og ei blind tru på «sivilisering» av andre folkeslag.

I korte kapittel tar Vuillard for seg alliansen mellom kapitalmakt og politisk makt, og han viser det kyniske spelet om overskot og avkastning, som blir fordelte innanfor ein liten elite av aristokrati og storborgarskap på tvers av landegrenser. Han held seg stort sett til fransk overklasse, men han rettar også fingeren mot USA og spesielt brørne Foster Dulles, den eine utanriksminister, den andre sjef for CIA, begge med tunge økonomiske interesser i United Fruit. Begge er bakspelarar i statskupp og alliansar mot verdskommunismen, som var det store spøkelset på 1950-talet da Frankrike trekte seg ut av Indokina og amerikanarane overtok krigen og undertrykkinga fram til 1975.

Inderleg forakt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement