JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Platt Paddington

Action og drama skuggar for skjemt i ordinær oppfølgar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bjørnen Paddington hamnar i fengsel på feil vilkår.

Foto: SF Studios

1689
20171208
1689
20171208

FAMILIEFILM/KOMEDIE

Regi: Paul King

Paddington 2

Med: Hugh Grant, Hugh Bonneville, Sally Hawkins

Paddington frå 2014 var vittig, søt og sjarmerande. Filmen gav meirsmak. No er den folkekjære bjørnen trygt plassert hjå familien Brown i London. Han slit for å tene pengar til ei flott bok om London til tante Lucy, men boka har ein løyndom. Når den sjølviske skodespelarnaboen (Grant) stel boka, er det den hårete venen vår som hamnar i fengsel.

Stjernetolking

Ein heil hurv høgt akta skodespelarar er i sving. Ringrevar som Brendan Gleeson, Julie Waters og Jim Broadbent borgar for kvalitet. At filmen har norske stemmer, så dei minste forstår kva som blir sagt, er av det gode, men det er litt synd ikkje å få høyre stemmene til stjernene. Dubbarane slit med å halde på sjarmen i stemma til folk som Gleeson og Sally Hawkins. Mykje av humoren som slo an i førre film, stør seg på språkleg finesse som ofte forsvinn i omsetjinga.

Lite lått

Bjørnen er bygd på god grafikk og har ein festleg framtoning. Stundom slår slapsticken til. Språkleiken som gav den geniale rulletrappscena i førre film, er det mindre av. Søtlåte drama og halsbrekkande action tar for stor plass. Difor blir Paddington 2 meir ei middels samlebandsoppleving. Filmen minner meir om teiknefilmserien frå seint åttital enn den første varianten for fjernsyn på syttitalet. Diverre når ikkje denne oppfølgjaren opp til standarden frå 2014, korkje i sjarm eller humor.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Paddington 2 blir meir ei middels samlebandsoppleving.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis