JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Poesiens park

Morten Langeland skriv ville og krevjande dikt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Morten Langeland leikar seg med lyd- og ordbilete.

Foto: Heidi Furre / Flamme

2449
20171208
2449
20171208

DIKT

Morten Langeland:

Zoonetter

Flamme 2017

I Zoonetter, Morten Langelands fjerde diktbok, er det 36 sonettlikande dikt i eit tilnærma kaudervelsk språk. Her kan det feedes opp og morfes, og ein krisemaxer. Og her møter lesaren ofte bokstavrim: «lur lemur ler, sjh, sjh». Sjølv om dikta plasserer seg eit godt stykke frå normalspråket, er dei likevel spekka av attkjennelege språkteikn frå den teknologiinfluerte verda me lever i: slanguttrykk, tekniske termar, referansar frå populærmusikk, forkortingar, ordspel, anglisismar og varemerkenamn, alt i ei herleg babelsk bryting. Nylagingar av ord finn ein også, til dømes «øyegjerning», som peikar på at det å sjå ikkje er ein passivitet, men ein aktivitet.

Lyd- og ordleik

Leiken med lyd- og ordbilete, som er så karakteristisk for dikta, finn ein alt i tittelen. Zoonetter viser til diktforma sonettar, til ordet zoo og den delen av døgeret som ligg i mørket, nettene. Det nattlege vert understreka av at dikta er sette i kvit skrift på svart bakgrunn, i det som elles må seiast å vere ein fiffig og innbydande bokbunad. Den nattlege undergangstematikken, ja, den økopoetiske impulsen, peikar desse dikta på i rikt mon, mellom anna viser dei til «Noahs ark», farkosten Noah bygde før storflaumen.

Noahs Ark rimar på park. I bokas første bolk, «dyret», er vi i ein zoologisk park med løver, elefant og sjiraff. I bolken «menneske» verkar vi å vere i ein fritids- eller underhaldningspark. Båe stadene er regulerte og inngjerda reservat, til liks med sonetten. Sonettforma er eit bur, eit gitter språket vert låst i. Bak versegitteret mobiliserer Langeland til motstand, han freistar å finne vegar ut or den språklege tvangsordninga poesien sjølv skriv seg fram i. Betrakta som sonettar er dikta til Langeland ureine, ville og organiske, fordi dei ikkje følgjer det etablerte rim- og stavingsmønsteret. Berre linjefordelinga er som i sonetten.

Forunderleg

Langelands ark er bygd av papir og språk. Ofte er diktsekvensane forunderlege, beint fram morosame å lese, men tidvis også nokså krevjande. Men om ein tenkjer at verda og alt som finst i henne, inkludert poesien, ikkje er objekt som skal erkjennast og herskast over, men skapnadar som berre finst, vert tilgangen til Zonetter kneppet lettare.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ofte er diktsekvensane forunderlege, beint fram morosame å lese.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis