Opplev på ny Japans animemeister Miyazaki sine slagscener i «åndenes skog».
Saman mot vonde vette, prins Ashitaka og prinsesse Mononoke.
Foto: Arthaus
ANIMASJON
REGI: HAYAO MIYAZAKI
Prinsesse Mononoke
MED: YURIKO ISHIDA, YÖJI MARSUDA, YÜKO TANAKA, KAORO KOBYASHI
Bak filmen frå 1997 står Hayao Muyazaki. Handlinga er lagt til den såkalla Muromachi-perioden i Japan og krinsar rundt kampen mellom dei overnaturlege vaktarane av ein skog og menneska som treng skogsressursane.
Snart er lerretet fylt av levande både to-, fire- og fleirbeinte skapnader i det som gjorde filmen fortent til omtalen «animasjonsfilmens svar på Stars Wars» då han hadde premiere i 1997.
Forheksa
Helten i soga heiter Ashitaka, ein Emish-prins som bergar landsbyen sin frå den forheksa villsvinguden Nago, som kastar ei forbanning over han. På tur vestover møter prinsen ein vandrande munk som meiner han kan vere til hjelp i kampen. I det som heiter Jernbyen, fører prinsessa Eboshi ein krig mot dei mektige krigaråndene. Intelligente villsvin, aper og ulvar forsvarar skogen mot dei vonde saman med ho som vert kalla prinsesse Mononoke, og natur og alskens vette er involvert i nokre drama som får alle krigerske massescener i film til å bleikne.
Kuler
Veldige kuler gjer reint bord. Utyske av alle slag, stadig i ny ham, aular gjennom landskapet – til prins Ashitaka og Lady Eboshi sameinar seg i den gode striden og heile kloten blir eit paradis. Filmen vart kåra til beste film i Japan 1998, og spelte inn litt under 14 milliardar yen då han gjekk på kino i heimlandet. Nytt sjansen no i filmtida til ei oppleving av dei sjeldne.
ROALD HELGHEIM
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
ANIMASJON
REGI: HAYAO MIYAZAKI
Prinsesse Mononoke
MED: YURIKO ISHIDA, YÖJI MARSUDA, YÜKO TANAKA, KAORO KOBYASHI
Bak filmen frå 1997 står Hayao Muyazaki. Handlinga er lagt til den såkalla Muromachi-perioden i Japan og krinsar rundt kampen mellom dei overnaturlege vaktarane av ein skog og menneska som treng skogsressursane.
Snart er lerretet fylt av levande både to-, fire- og fleirbeinte skapnader i det som gjorde filmen fortent til omtalen «animasjonsfilmens svar på Stars Wars» då han hadde premiere i 1997.
Forheksa
Helten i soga heiter Ashitaka, ein Emish-prins som bergar landsbyen sin frå den forheksa villsvinguden Nago, som kastar ei forbanning over han. På tur vestover møter prinsen ein vandrande munk som meiner han kan vere til hjelp i kampen. I det som heiter Jernbyen, fører prinsessa Eboshi ein krig mot dei mektige krigaråndene. Intelligente villsvin, aper og ulvar forsvarar skogen mot dei vonde saman med ho som vert kalla prinsesse Mononoke, og natur og alskens vette er involvert i nokre drama som får alle krigerske massescener i film til å bleikne.
Kuler
Veldige kuler gjer reint bord. Utyske av alle slag, stadig i ny ham, aular gjennom landskapet – til prins Ashitaka og Lady Eboshi sameinar seg i den gode striden og heile kloten blir eit paradis. Filmen vart kåra til beste film i Japan 1998, og spelte inn litt under 14 milliardar yen då han gjekk på kino i heimlandet. Nytt sjansen no i filmtida til ei oppleving av dei sjeldne.
ROALD HELGHEIM
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen