Musikk

Reiser ikkje lenger åleine

Psykologisk tryggleik i 2025 er å starte band. I alle fall om ein heiter Sharon Van Etten.

Sharon Van Etten & The Attachment Theory. Van Etten (i front) har med seg Devra Hoff, Jorge Balbi og Teeny Lieberson.
Publisert Sist oppdatert

«I eit band deler du alt – suksess, pengar og nederlag. Som soloartist veit du i det minste kven du kan skulde på», skal Paul Simon ha sagt. Sharon Van Etten kan stadfeste dette. Heilt sidan debuten Because I Was in Love (2009) har ho halde folk på høveleg avstand.

Ein valdeleg ekskjærast såg så ned på dei musikalske ambisjonane hennar at ho berre skreiv i løynd. Musikken vart eit symbol på eige sjølvstende då ho til slutt lét andre enn eksen få høyre dei heimebrende CD-ane sine. Noko ho skulle klare på eiga hand. Difor har ho, til no, laga seks sterke soloalbum med personlege tekstar.

Sjølvsagt har andre musikarar vore med. Men det er Sharon som har bestemt alt. Slik at ho veit kven ho kan skulde på.

Frå solo til samspel

Dei fleste soloartistar, anten dei heiter Paul Simon, Beyoncé eller Stein Torleif Bjella, spelte i band før dei tok mikrofonen åleine. Få – om nokon – går andre vegen. Likevel, på si sjuande studioutgjeving vender Van Etten om og startar band. Eit band der namnet hennar står først, ja visst. Like fullt ein god, tradisjonell rockekvartett med trommer, bass, gitar og tangentar.

Eit band som ser ut til å vilje bort frå det til tider akustiske og litt vel covid-19-prega førre albumet We’ve Been Going About This All Wrong.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement