JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Sanseleg mellom-alder

Aina Villanger ser inn i eit historisk verdsbilete med nye perspektiv på korleis vi i dag tenkjer om kropp og kjensler, fridom og fellesskap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aina Villanger har skrive ei sjangeroverskridande andrebok.

Foto: Ingrid Eggen / Oktober

3845
20170623
3845
20170623

Prosaverk

Aina Villanger:

Baugeids bok

Oktober 2017

I litteraturlista bak i Baugeids bok finn vi tittelen Sanselig senmiddelalder. Tittelen formulerer eit slåande trekk ved Aina Villangers sjangeroverskridande andrebok: I ein fragmentarisk miks av historisk oppdagingsferd og skjønnlitterær innleving teiknar ho opp eit verdsbilete i skjeringspunktet mellom katolsk mystikartradisjon og norrønt vikingliv (rett nok i tidleg høgmellomalder). Det kjennest som at det er noko viktig å hente der, noko som manglar i vår moderne tid.

Visjonær kropp

Aina Villanger debuterte med langdiktet Langsang: et flytans habitat i 2012 og fekk positiv merksemd for denne skapingssoga i talemål frå Grenlandsområdet. Med Baugeids bok går ho vidare i uventa retningar, men viser den same interessa for opphav.

Boka tar utgangspunkt i livet til den historiske personen Baugeid Dagsdatter. Ho er nemnd i Håkon Herdebreis saga fordi broren Gregorius Dagsson i 1161 vart gravlagd ved nonneklosteret i Gimsøy, der Baugeid var abbedisse. Men meir enn ei historie om livshendingar, som det finst lite informasjon om, er boka ei innføring i eit anna verdsbilete.

Bruk av mat og urter som medisin er eit sentralt motiv, samt korleis ein såg for seg at kropp, psyke og ånd hang saman. Til dømes står det i lista «Råd mot reisesyke og vind i hjernen»: «Kylling kokt med isop kurerer melankoli, den tristheten som stammer fra uavbrutt vind og suges opp i hjernen.» Det slår meg kor sjølvsagt negative kjensler blir omtala som del av ein praktisk og fysisk situasjon. No for tida kan ein få inntrykk av at alle negative kjensler er teikn på veikskap eller sjukdom.

Kroppen er sentral òg i det religiøse livet. Spesielt minner den bramfrie skildringa av sanseleg lyst om at seksualangsten i konservative, religiøse miljø ikkje utan vidare kan projiserast bakover på forhistoria.

Villangers blanding av sakprosa og skjønnlitterære skildringar, lister med gode råd, draumar og notisar frå autentiske loggbøker, understrekar på sett og vis samanhengane mellom kropp og ånd, det konkrete og det imaginære. Men det fragmentariske gjer lesaropplevinga springande, slik vi berre i glimt kan skjøne ein så annleis mentalitet.

I eit kort sluttord skriv forfattaren at det meste i boka er funne opp, men at mykje også er funne i gamle bøker. Pedanten i meg skulle gjerne visst meir om kor representative formuleringane er for det historiske, og kor den kreative ordsmeden har tatt over. Men litteraturlista skaper tillit til at forfattaren baserer seg på solide kjelder.

Fridom og fellesskap

Det er noko underleg frigjerande i møtet med eit verdsbilete så prega av kropp, med den sjølvsagde aksepten av at folk er ulike og dei svakare skilja mellom individ og fellesskap. I klosteret var alt, frå når og kva ein kunne ete, til bønneliv og kroppslege tilstander, ei sak for fellesskapet. Men har vi eigentleg større individuell fridom i dag? Normene treng ikkje vere svakare om dei er uformelle. Kanskje er ikkje fridom det viktigaste for eit godt liv, spørsmålet er snarare om grensene vi lever innanfor også tilbyr fellesskap.

Gimsøy kloster ligg i Villangers heimkommune, Skien, og utforskinga av livet i klosteret er òg lokalhistorie. Slik blir også denne boka uttrykk for det å søkje identitet i geografiske, historiske og kulturelle fellesskap. Samstundes formulerer Baugeids bok ei anna form for fridom; ei annleis estetisk oppleving og eit nytt perspektiv på vår eiga tid.

Merete Røsvik Granlund

Merete Røsvik Granlund er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Pedanten i meg skulle gjerne visst meir om kor representative formuleringane er for det historiske, og kor den kreative ordsmeden har tatt over.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis