Teater
Scenografien som høgdepunkt
Ei velspelt og engasjerande framsyning på sine premissar.
Mattis (Henrik Bjelland), Hege (Irene Waage) og Jørgen (Endre Hellestveit) i dramatiseringa til Ida Høy.
Foto: Andreas Roksvåg
Mykje godt kan seiast om denne oppsetjinga. Aller mest, kanskje, om danske Olga Regitze Dyrløv Høeghs scenografi, som nyttar heile scenerommet på eit vis som gir djupn til teksten og handlinga. Så er det alltid ope for diskusjon om kva slags person ein vil gjere Mattis til. «Problemet» er at han er norsk folkeeige, og kvar og ein av oss har difor sitt indre bilete av denne nasjonalskatten.
Regissør Ida Høy – og Henrik Bjelland i hovudrolla – gjer han til noko eg ikkje heilt kan sjå at han er hos Tarjei Vesaas, ein hyperaktiv karakter som aldri er i ro og heile tida lèt skravla gå. På sitt kanskje enkle vis er Mattis også ein reflekterande skikkelse, noko som ikkje kjem like godt til uttrykk i denne framsyninga. Men det skal seiast, at slik Mattis er tolka her, gjer Bjelland ein framifrå jobb med å levandegjere han både kroppsleg og på andre måtar. Spelet er gjennomført og står absolutt til truande, anten ein godtek denne utgåva av hovudpersonen eller ikkje.
Noko for seg sjølv
Mattis, eller «Tusten», er ikkje som dei andre, han er ikkje så «skarp». Han veit det sjølv, men krev respekt for den han er. Søstera Hege (Irene Waage) vil at bror hennar skal gjere nytte for seg, få arbeid på ein gard og bidra til det fattigslege hushaldet. Men «alt vart berre tull».
Då eit rugdetrekk fer over huset, merkar Mattis ei samkjensle med fuglane. Han forstår seg på naturen og trur han kan kommunisere med fuglane, som lover han «uendeleg venskap».
Så set Hege han til ferjemann over vatnet, sjølv om ho veit at det er ingen å ro. Men alt første dagen får han ein passasjer, tømmerhoggaren Jørgen (Endre Hellestveit), som Mattis bed inn til å overnatte hos dei. Det han ikkje innser, er at han den dagen har ferja over si eiga ulukke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.