Film
Sex, dop og språkkamp
Klart Sundance-publikumsvinnaren handlar om irsk-gælisk hiphop!
Filmen om anarkistane i rappegruppa Kneecap vann publikumsprisen på Sundance-festivalen i fjor og var Irlands Oscar-kandidat. e
Foto: Tour de Forc
Belfast, Nord-Irland: To dophovud og bråkmakarar (Mo og Mòglaì) har få interesser utanom dop og bråk, og kjem dei i trøbbel med purken, brukar dei sin rett til å snakka irsk for å gjera seg ekstra vanskelege. Heilt til dei får ein tolk, JJ (Ó Dochartaigh), som ser potensial i dei Sirske tekstsnuttane han finn i notatboka til Mo.
Tilfeldigvis er JJ lærar og lei av dei trauste lærebøkene elevane hans lir seg gjennom i irsktimane. Herfrå er det ei linje inn og ei linje ut.
Språk rett i nasen
Nok ein slags musikal i filmspaltene seier noko om renessansen sjangeren har hatt. Kvifor ein som filmskapar vel dette formatet, blir eg ikkje heilt klok på, men i hybridtilfellet Kneecap er det opplagt. For Kneecap er eit ekte band. Det er eit par år sidan eg fyrst høyrde eit program om dei på BBC6 (plassen for å oppdaga ny musikk, om du ville ha tips) og straks vart nysgjerrig: hiphop på irsk?
Litt som at nynorsk blir tillagt alle eigenskapar utanom å berre vera eit språk ein uttrykker seg best på, så er irsk (eller irsk-gælisk) også noko ein kanskje forbind med gamle gubbar som tviheld på språket. Men som alle veit: Språk er identitet, enten ein vil det eller ikkje. Endå meir enn nynorsk er sjølvsagt samisk det, om ein vil omsetja problematikken til norske tilhøve.
Som nynorskbrukar må tankane gå til Runar Gudnason og Side Brok: «kjenne meg så høge som ho Anne Grete Preus, stein som ei røys». Å, det er gull, om enn noko hasjforherlegande. Det er uansett lettøl samanlikna med Kneecaps dophyllest.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.