Storm i eit vinglas
Møte mellom brautande levemenn og kelneren med nervetryne gir ei underhaldande blanding av dekadanse og kos.
Matias Faldbakken har skrive den mest underhaldande norske romanen i år, meiner Merete Røsvik Granlund.
Foto: Ivar Kvaal / Oktober
Roman
Matias Faldbakken:
The Hills
Oktober 2017
Ein av dei mest særeigne og definitivt den mest underhaldande norske romanen frå 2017 er The Hills av Matias Faldbakken. Romanen var også nominert til Brageprisen. Men tittelen er altså på engelsk og signaliserer med det affinitet til transeuropeisk kultur. Ordtaket Faldbakken har sett som epigraf, er derimot norsk: «Skremt hund blir aldri fet». Det viser til hovudpersonen og forteljaren, mannen som har heile identiteten sin knytt til stillinga som kelner på den tradisjonsrike restauranten som har gitt romanen namn.
«Det er et flidens sted. Flid og bekymring henger sammen, det tror jeg helt sikkert», slår han tidleg fast, og dermed har forfattaren alt skissert ein person det er relativt lett for ein kritikar å identifisere seg med: Han som står på sidelinja med eit skarpt blikk for detaljar, som har ei meining om alt, men raskt blir stressa om det skulle oppstå krav om spontan samhandling utover dei programmatiske rutinane.
At kelneren er på randa av noko, merkar vi også tidleg, når han tek seg i å illustrere ordet rømmedip med å bøye peikefingeren i eit lite «dip» – og straks kjenner seg ute av kontroll: «Hva er det jeg driver med?» Mykje verre skal det bli når ei ung, vakker kvinne trer inn blant stamgjestane.
Munter dekadanse
Matias Faldbakken er ein av Noregs mest feira samtidskunstnarar, for tida aktuell med utstilling på Astrup Fearnley Museet i Oslo. Eg fekk aldri lese romantrilogien han slo gjennom med tidleg på 2000-talet under pseudonymet Abo Rasul: Skandinavisk misantropi. Det var liksom noko med fokuset på porno, vald, nazisme, pedofili og reklamebransjen som ikkje verka så lokkande på meg. Kontrasten kunne knapt vore større til den høgsensitive kelneren som er hovudperson denne gongen – det måtte i så fall vere om han også var nyfrelst. Men det er han ikkje. I staden representerer romanen den andre versjonen av dekadanse, den typen kor livet handlar mest om raffinert smak og kjappe replikkar.
I starten opplevde eg dei mange innforståtte referansane til kunst og diverse forbruksmateriell som særs irriterande. Men sett gjennom den nevrotiske hovudpersonen ser ein jo at både samling av verdslege skattar og snobberi er strategiar for å gjere verda trygg og føreseieleg, og samtidig definere seg sjølv inn i eit godt selskap.
Det skarpe blikket i kombinasjon med ditto formuleringsevne kjem likevel meir til sin rett når forteljaren kommenterer menneska og livet meir generelt. Som når han konstaterer at ein av stamgjestane «sprader ut gjennom filtforhenget med markedsliberale skritt». Diverre (for kelneren) er mykje av merksemda retta mot han sjølv, og han er fortvila over at kjenslene riv og slit i andletet slik at han får «nervetryne». Kapittelet om kva som skjer når han drikk for mykje kaffi, er også kosteleg.
Lengt etter tradisjon
Faldbakken viser med denne romanen at han har blikk for dei evige bipersonane i livet og talent for nevrosehumor. Evna til å orkestrere koseleg, gamaldags snobberi i kombinasjon med frisk formuleringsevne gjer at tankane går til både Oscar Wild og P.G. Woodhouses Jeeves og Wooster-serie. Meir lokalt slektar romanen på Terje Holtet Larsens like kresne, men mørkare satire – også lagd i munnen på velkledde menn.
I den grad det finst samfunnskritikk i romanen, kjem han indirekte fram: Dei rike stamgjestane er sett med tydeleg skepsis. Men mest viser det nostalgiske portrettet av restauranten lengt etter tradisjonar som kan stå imot teknologiske – og andre slags – revolusjonar. Det gir The Hills den same idylliske sjarmen som gamle julefilmar.
Merete Røsvik Granlund
Merete Røsvik Granlund er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

The Hills har den same idylliske sjarmen som gamle julefilmar.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.