Teater

Sviket det ikkje skal talast om

Mor og barn er eit møte som kunne vore meir intenst.

Ragnhild Gudbrandsen og Anders Vårdal Gjerde som Mora og Guten i stykket av Jon Fosse.
Publisert

At ei Fosse-framsyning er nokså konvensjonell, er vi vande med, både her i landet og i mange andre land. Men at det ikkje blir gjort meir ut av teksten, forundrar meg. For Mor og barn skil seg frå mange Fosse-stykke på somme område.

Det eine er at forfattaren, som aldri har nokon «bodskap» med skrivinga si, her legg ord i munnen på Guten som kan oppfattast som ein antiabortbodskap: «Dei gamle skal drepast/ og ikkje dei små ufødde barna/ For det finst ikkje noko svakare/ enn eit ufødt barn». Det andre er at forholdet mellom Mora og Guten er så konfliktfylt at eg hadde venta ein høgare intensitet i møtet mellom dei. Ein litt forsiktig regi gjer framsyninga «flatare» enn ho kunne vore.

Mor og barn er ikkje av dei mest spelte stykka hans, men har vore sett opp i fleire storbyar i fleire verdsdelar. Stykket har berre to roller, Mora (Ragnhild Gudbrandsen) og Guten (Anders Vårdal Gjerde).

Det er ein asymmetri i forholdet mellom dei. Normalt vil kanskje mora ha eit «overtak» i eit slikt forhold, men her er situasjonen at ho tidleg reiste frå heimbygda på Vestlandet for å gjere karriere i Oslo, og overlét sonen, som ho eigentleg ikkje ønskte å bere fram, til besteforeldra. Dette «sviket» er ho sjølvsagt medviten om, difor snakkar ho i veg for å unngå det ho fryktar kan bli ein ubehageleg konfrontasjon.

Ho har budd mange år i hovudstaden, og gjort karriere der, og sjeldan oppsøkt heimstaden og sonen. Når han brått står i døra til det nittitalsmøblerte husværet hennar, som publikum sit vagla kring, kjem besøket som ei ubehageleg overrasking på henne. Difor er det frå første stund noko nervøst over dialogen, dei to er ikkje fortrulege med kvarandre.

Ho er sjølvsentrert og full av talemåtar om at dei skulle ha trefst oftare, men veit inst inne at ho ikkje har ønskt nokon nærare kontakt. Og Guten, som har studert i utlandet, har vel ikkje vore så ivrig etter å oppsøkje den sjølvopptekne mora som ikkje ville ha han. Ho masar i veg, han ytrar seg i korte setningar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement