JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Framsyninga Sju dagar i august er sterk og sympatisk
om livskrise i langdrag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nina Woxholtt i rolla som Sofie. I bakgrunnen Ellen Birgitte Winther som kollegaen og venninna Karin.

Foto: Dag Jenssen

2928
20170428
2928
20170428

Teater

Det Norske Teatret, Scene 3:

Sju dagar i august

av Brit Bildøen
Regi: Morten Borgersen
Sceneansvarlege: Pelle Dengsø / Tryggve Ildahl

Katastrofehendinga 22. juli 2011 er eit traume vi vanskeleg kan verte ferdige med. Sjølv dei av oss som ikkje vart personleg råka, vil nok tenkje på dette resten av livet. Det vart sett på som litt modig da Brit Bildøen for to år sidan gav ut romanen Sju dagar i august, ei historie om eit foreldrepar som skal leve med tapet av dotter si, som vart drepen på Utøya. Kunne ein bruke ei slik hending som utgangspunkt for fiksjon? Romanen vart varmt motteken, og mange lesarar har hevda at han kan hjelpe folk i sorg på mange plan.

Omarbeidd

No har forfattaren omarbeidd boka til eit scenestykke – eit stramt og intenst kammerspel for fire personar. Det er ein effektiv teatertekst, utan sjenerande preg av dramatisert roman, som slepp skodespelarane til i klåre og appellerande uttrykk.

Hovudfokuset er på mora Sofie, som trass i eit på overflata velfungerande liv, både i ekteskap og karriere, på innsida aldri slepp unna tankane på kva som hende med Marie dei siste minutta ho levde, og dette at ho aldri kjem til å få vite det. Sjølvsagt verkar det inn på tilhøvet til ektemannen Otto, som var stefar til Marie, og på andre omgangspersonar, som venninna og kollegaen Karin. Men det vi etter kvart merkar, er at sorga gjev ringverknader, og nye konfliktar, som til dels er bagatellar som kan vekse seg store og uløyselege av di dei kviler på skuldrene til ein annan konflikt – den store konflikten i hjartet. Slik vert òg påstanden til Sofie lett forståeleg: «Det er sant at sorga vert mindre med åra. Det er òg sant at ho vert større.»

Enkle sceneskift

Stykket er oppdelt i korte sekvensar med ytst enkle sceneskift og lysverknader, slik vi eigentleg er kjende med at det er på Scene 3. Det er stort sett berre eit par sofaer som vert flytta på. Med omsyn til flyt og vedvarande stemning kviler såleis mykje på at regissøren Morten Borgersen og skodespelarane er kjenslevare til fingerspissane. Dei meistrar det heile med varme og til dels skakande kjensleutblåsingar. Øyvind Berven som psykoanalytikar og Ellen Birgitte Winther som Karin gjev fint baklys til det skadeskotne paret: Geir Kvarmes opprådde og kjærleiksfulle Otto og Nina Woxholtt som Sofie i ein eineståande heil og varm rollestudie. Woxholtt har jobba på Det Norske i eit kvart hundreår og fått mykje merksemd; eg har aldri sett henne betre enn her.

Og til sjuande og sist handlar Brit Bildøens tekst sjølvsagt om meir enn berre sorg. Her handlar det òg om stillstandsfellene vi alle kan hamne i gjennom livet. Sluttreplikken seier sitt: «Ein lyt ha blikk for forvandling. Elles vert verda berre mindre og mindre.»

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Eg har aldri sett Nina Woxholtt betre enn her.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis