JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Varme glimt

Songbok for hesten er ein varm og ofte morosam roman, men augeblunkane er betre enn heilskapen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arne Ruset skriv frå bygda der han voks opp.

Foto: André Løyning

3816
20171117
3816
20171117

Roman

Arne Ruset:

Songbok for hesten

SolumBokvennen 2017

Arne Ruset skreiv ei av dei beste bøkene i 2013 med novellesamlinga Berg brest. Dei særs velformulerte tekstane gav til saman eit gripande bilete av ei sunnmørsbygd på 30-talet før og etter at ein bit av fjellet fall i fjorden og flodbølgja la mange liv aude. Den ferske romanen Songbok for hesten tar oss til eit liknande miljø i ei tid nærare vår eiga, men manglar det ladde språket i novellene. Fine augeblunkar og artige anekdotar vantar det likevel ikkje på.

Tankar på vegen

Det er eplebonden Haugmann som fortel. Han er ein einstøing som trivst best med å syngje for hesten Lykke eller stelle epletrea. Han er plaga av at han er fødd med eit vanskapt øyre som også er slik innretta at det tar inn stemmer langt borte frå. Etter at faren døyr, mora kjem på sjukeheimen og han blir aleine med den hissige bror sin, blir livet så vanskeleg at han må leggjast inn på psykiatrisk avdeling.

I det litterære landskapet plasserer romanen seg ein stad mellom Tarjei Vesaas Fuglane (1957) og Ingvar Ambjørnsens fire romanar om Elling – ein av medpasientane til Haugmann har då også fått namnet Elling. Det er fint selskap, men òg litterære suksessar som er særs ulike i stil. Haugmann har noko av alvoret og smerta til Mattis når han vandrar rundt om natta og omfamnar epletre. Andre gonger kling tonen meir humoristisk i Elling-stil, som når Haugmann fortel om si sterke beundring for den sovjetiske kulestøytaren Tamara Press. Av og til er det vondt og artig på ein gong:

«Men først må eg få tilbake tankane mine. Dei blir no tenkt av andre, ved nokre høve er dei til og med blitt overført til media. Det er vondt å høyre sine eigne tankar på radio. Eg har også sett tankane mine kome gåande som personar.»

Historia om Haugmann festar likevel aldri riktig grepet om lesaren, kanskje fordi uttrykksmåten og det han fortel, ikkje er karakteristisk nok til at eg synest eg blir kjend med han. Når han fortel anekdotar frå bygda, blir han ein nøytral formidlar, og anekdotane tilfører sjeldan portrettet av han nye dimensjonar.

Opp og ned

Den tematiske parallellen til Olav H. Hauges liv er klår, og legg ein godsida til, kan ein seie at også den korthogne dagboksstilen gir assosiasjonar til den store diktaren. Humoren i dei mange anekdotane frå bygdelivet vekkjer dessutan minne om ei litterær perle frå 2005, Krinsereglane av Edmund Austigard.

Men Songbok for hesten er svekt av at komposisjonen ikkje er tilpassa så store flater som Ruset prøver å dekkje i tid og sjanger. Der portrettet av Mattis i Fuglane viser gjennom nokre få, avgjerande hendingar kor einsamt og vondt det kan vere å skilje seg ut i ei lita bygd, vil Ruset vise opp- og nedturar gjennom mange år. Etter kvart endar han i eit slags feel good-spor som går litt hit og litt dit.

Det finaste i romanen er varmen Haugmann er sett og skildra med. Glimten i auget er der ofte, men Ruset viser solid innsikt i korleis tankane kan te seg for dei som høyrer og ser slikt andre ikkje høyrer og ser, men elles er prega av den same kulturelle arven som folk flest har.

Ruset har arbeidd som psykiater fram til nyleg pensjonsalder. Ved sida av har han skrive poesi og prosa for både barn og vaksne. Når ein konstaterer at to av dei tre mennene i romanen som har litterære ambisjonar, er pasientar på avdelinga for sinnslidande og éin jobbar der, tenkjer ein sitt om kva psykiateren kan ha opplevd av fellesskap på tvers av diagnosar gjennom eit langt arbeidsliv. Marginane som avgjer kven som hamnar kor i livet, kan vere små.

Merete Røsvik Granlund

Merete Røsvik Granlund er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det finaste i romanen er varmen Haugmann er sett og skildra med.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis