JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Vennskapens pris

Filmen om store franske kunstnarar man glar motet til meistrane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Cézanne (Galienne) og Zola (Canet) med vener, klare for ein dag ute i Provence.

Foto: Luc Roux / Another World Entertainment Norway AS

2374
20170623
2374
20170623

BIOGRAFI/DRAMA

Regi: Danièle
Thompson

Cezanne & Zola (orig. tittel: Cézanne et moi)

Med: Guillaume Canet, Guillaume Gallienne

Vennskapen mellom målaren Paul Cézanne (Gallienne) og forfattaren Émile Zola (Canet) byrja i barndomen. Cezanne & Zola skildrar opp- og nedturar for kameratskapen og kunsten deira i tidssprang fram og tilbake med konvensjonelt narrativ.

Typegalleri

Kunstnarsjela Cézanne er skildra som særs eksentrisk og trøblete. Han var bindeleddet mellom impresjonismen og typar som Picasso og Matisse. Dei kalla han båe for far, reint kunsthistorisk. Samtida var ikkje samd. Figuren får form som arketypen av ein plaga, misforstått kunstnar som legg seg ut med alt og alle. Naturalismens nestor Zola slo seg på si side opp som kioskveltar og gjekk frå fattigdom til herskapshus. Historia deira vekslar mellom Aix i måleriske Provence og Parisarsalongen.

Det skortar ikkje på gnissingar og rop. Den tilknappa konservative eliten skuldar den unge vinen for å vere vulgær. På privaten er det heilt rett. Når dei samlar store namn av typen Guy de Maupassant til middag, kappast karane om å lire av seg sjåvinistiske skrøner. Cézanne er i særklasse, og det er høgst forståeleg at Zola distanserer seg frå våpendragaren sin. Ein sårar, som Mills-brørne song, alltid dei ein elskar. Når Zola skreiv om kunstsirklar i staden for kolgruver, reagerte Cézanne som ein gjennomsnittleg debattant om norsk røyndomslitteratur. Vennskap og vondskap er grannar.

Trygt og traust

Som kunstnarportrett av profilerte pionerar følgjer dette kostymedramaet alle skuleeksempel. Cezanne & Zola står for noko heilt anna enn nybrottsarbeidet figurane representerer. Det er ikkje noko å seie på kvaliteten til filmelementa, men ingen krumspring utfordrar malen. Regissør Danièle Thompson har valt ein trygg veg. I 2017 lèt ingen seg provosere av dei frilynte og framsynte franske føregangsmennene. Diverre ryk sjansen til å halde den nyskapande ånda deira i live med eit friskare filmatisk uttrykk. Cezanne & Zola blir berre ein standard historietime om eit tema med langt større potensial.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Cezanne & Zola står for noko heilt anna enn nybrottsarbeidet figurane representerer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis