Smart humor hevar heilstøypt superheltfilm.
Gal Gardot i spissen som prinsesse Diana alias Wonder Woman.
Foto: Clay Enos / SF Studios
ACTION/EVENTYR/FANTASY
Regi: Patty Jenkins
Wonder Woman
Med: Gal Gadot, Chris Pine
Filmen som formar figuren Wonder Woman, byrjar på ei løynd øy med amasoner. Idyllen sprekk då den amerikanske spionen Steve (Pine) strandar der, på flukt frå tyske soldatar under den første verdskrigen. Snart reiser naive Prinsesse Diana (Gadot) ut for å drepa krigsguden Ares og få fred.
Fengande furie
Wonder Woman ser ut som 149 millionar dollar. Fargar, kameraføringar og kostymer er framifrå, og i ein nymotens kinosal kjenner ein lyden i luggen. Gal Gadot fyller hovudrolla med mimikk og fysikk. Ho har fartstid frå tre Fast and Furious-filmar og har alt debutert for DC Comics som Wonder Woman. At stor strykarmusikk og sakte film høyrer til sjangeren, kjem eg ikkje unna. Stereotype skurkar som snakkar tulletysk og pompøst prat om menneskeætta, er likevel teit. Eg blir letta når språk står fram som ein styrke i heltinnas herjingar, og lèt meg rive med.
Vittige tvistar
Filmskapar Patty Jenkins set sitt preg på dette kapittelet i superheltsagaen. Ho slår hol i eit par filmhistoriske formelfeil og hersar med høge herrar. Ein heil del av humoren er herleg. Enkle triks gjer jobben. Vend på ein vinkel og brått er låtten der. Filmens feminisme finst mest her. Smarte stikk mellom smella skapar ulike nivå og vinn sjeler på fleire frontar. At ein snur på det vante, løftar opplevinga. Vonleg vinn Wonder Woman over makkverket The Mummy i kampen mellom gigantane i vekene som kjem.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
ACTION/EVENTYR/FANTASY
Regi: Patty Jenkins
Wonder Woman
Med: Gal Gadot, Chris Pine
Filmen som formar figuren Wonder Woman, byrjar på ei løynd øy med amasoner. Idyllen sprekk då den amerikanske spionen Steve (Pine) strandar der, på flukt frå tyske soldatar under den første verdskrigen. Snart reiser naive Prinsesse Diana (Gadot) ut for å drepa krigsguden Ares og få fred.
Fengande furie
Wonder Woman ser ut som 149 millionar dollar. Fargar, kameraføringar og kostymer er framifrå, og i ein nymotens kinosal kjenner ein lyden i luggen. Gal Gadot fyller hovudrolla med mimikk og fysikk. Ho har fartstid frå tre Fast and Furious-filmar og har alt debutert for DC Comics som Wonder Woman. At stor strykarmusikk og sakte film høyrer til sjangeren, kjem eg ikkje unna. Stereotype skurkar som snakkar tulletysk og pompøst prat om menneskeætta, er likevel teit. Eg blir letta når språk står fram som ein styrke i heltinnas herjingar, og lèt meg rive med.
Vittige tvistar
Filmskapar Patty Jenkins set sitt preg på dette kapittelet i superheltsagaen. Ho slår hol i eit par filmhistoriske formelfeil og hersar med høge herrar. Ein heil del av humoren er herleg. Enkle triks gjer jobben. Vend på ein vinkel og brått er låtten der. Filmens feminisme finst mest her. Smarte stikk mellom smella skapar ulike nivå og vinn sjeler på fleire frontar. At ein snur på det vante, løftar opplevinga. Vonleg vinn Wonder Woman over makkverket The Mummy i kampen mellom gigantane i vekene som kjem.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen