JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Human teknologimusikk

Burial stokkar om på eit tiårs labyrintiske, regnvåte komposisjonar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1663
20191213
1663
20191213

Elektronisk

Burial:

Tunes 2011–2019

Hyperdub

Den enormt populære, men langt frå populistiske, britiske produsenten Burial gav ut sitt første album i 2006, nummer to i 2008, og sidan då har han gjeve ut ei rekkje EP-ar. Det er desse – med nokre unntak – som er samla på denne framifrå samleskiva.

 Burial lagar regnvåt musikk – her dryp, sprakar og knakar det nærast konstant, «for å skjule det kjipe i låtane», som den audmjuke artisten sjølv sa i eit intervju med kritikaren og filosofen Mark Fisher i 2012. Kanskje det å dynke lydbiletet i samplingar av høljeregn og vinylstøv faktisk hjelper på inntrykket av det lydtekniske, men nettopp mangelen på glattpolering er ein enorm kvalitet i Burials musikk. Han lagar det meste av musikken sin i SoundForge, eit svært enkelt lydredigeringsprogram utan kvantiseringsrutenett og automatisert digital presisjon, noko som gir det heile eit svært organisk og særeige preg – ingen andre lagar trommebeats som gyngar akkurat slik som dette.

 Samleplata er sett saman på interessant vis, i ukronologisk rekkjefølgje, og i nokre tilfelle er spor frå ymse EP-ar stokka om på og vovne saman på nye vis – til dømes tar det tre spor og tjuefem minutt før noko som liknar ein stødig rytme får etablert seg. Låtane til Burial er oftare enn ikkje svært labyrintiske, og denne samleplata legg til eit ekstra nivå av kompleksitet til den alt kjensle- og referansetunge musikken, spekka som han er med samplingar frå dataspel, R&B, Youtube-vedkjenningar og mykje meir.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis