JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Kammermusikalsk hyggestund

Helge Iberg får det beste ut av medmusikantane sine.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1958
20171124
1958
20171124

Jazz

HELGE IBERG’S JAZZ-KAMMER:

A Musical Offering

Elin Rosseland, vokal; Bendik Hofseth, tenor- og sopransaks; vokal, Helge Iberg, piano; Mats Eilertsen, bass; Paolo Vinaccia, trommer. odiN ODINCD9563

Helge Iberg (63) er musikalsk altetande: frå samtidsoperaen Det ondes problem – et sosialdarwinistisk Gesimskunstverk til «Fisking i Valdres» med Viggo Sandvik. Øystein Sunde og Sigmund Groven er to, blant mange artistar, som har brukt Ibergs tenester. Plater i eige namn er det lenger i mellom. Det er grunn til å kryssa av i almanakken for hausten 2017, for det var då Iberg gav ut både kammermusikkplata Life Music og A Musical Offering.

Iberg har late seg inspirera av ei rekkje klassikarar, men det er stort sett ikkje snakk om tradisjonelle tolkingar. Det dukkar opp sitat i ny og ne, elles ligg inspirasjonen og påverknaden på eit anna plan. Unnataket er to komposisjonar Iberg har skrive til tekstar av Erich Fried og dei to Lennon/McCartney-låtane «Here There And Everywhere» og «Blackbird». Sistnemnde er ei lita perle takk vere eit vedunderleg sopransakskor frå Hofseth og ditto basskor frå Eilertsen. At det framleis er verd å lytta til vokalisten Hofseth, syner han på desse låtane, særleg sistnemnde.

Pianostilen til Iberg er minimalistisk med utsøkt sans for harmonisering. I Rainbow Studio med Kongshaug ved spakane er pianolyden garantert stroken. Lydbiletet opnar opp for Eilertsen og Vinaccia i dels frie roller og med mykje boltreplass. Vinaccia fargelegg og kommenterer i kjent stil. I 2009 gav Iberg og Rosseland ut Standards and Vanguards i lag. Rosselands bidrag her avgrensar seg til medverknad på «Eifriger trost», «All The Things You Are»-inspirerte «Alle dinge» og duett med Hofseth på «When A Heavy Drop Falls». Ei elles god plate hadde tolt meir Rosseland.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazz-
meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis