JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Pecknolds lommesymfoniar

Folkrockbandet Fleet Foxes er tilbake.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2515
20170616
2515
20170616

Folkrock

Fleet Foxes:

Crack-Up

Nonesuch/Warner

Eit slag som kjem mot deg innanfrå, slik skildra forfattaren F. Scott Fitzgerald (1896–1940) det psykiske samanbrotet i essayet «The Crack-Up» (1936): Når du kjenner det, skreiv han, så er det for seint å gjere noko med det.

No har Robin Pecknold gjort tittelen til sin eigen, med Crack-Up, det første Fleet Foxes-albumet på seks år, ein dokumentasjon på ein sjølvgranskande, tidvis retningsvill periode for frontmannen, som trong å komme vekk frå rolla som frontmann. Pecknold var utkøyrd, klar for ein uvisst avgrensa time out, og forsvann for å studere, surfe og reise. Framtida for bandet vart usikker.

Komplekst

Crack-Up kjennest litt som Pecknolds Brian Wilson-album. Den kunstnarlege visjonen er i all hovudsak unnfanga i det rastlause sinnet hans og realisert under hans kreative styring, slik Beach Boys-legenda og grublaren Wilson dominerte dei megalomane, geniale produksjonane til det bandet på siste halvdel av 1960-talet. I likskap med desse utgivingane er også Crack-Up samansett av komplekse komposisjonar, kvar og ein av dei små musikalske eventyr, folkrocksymfoniar i miniatyr.

Som Wilson er også Pecknold vokalist og multiinstrumentalist (bass, piano og meir viltre innslag som marimba og moog, for å nemne noko). Han har skrive tekst og melodi på alle songane, og co-produsert saman med gitarist Skyler Skjelset, som har vore ein sentral samarbeidspartnar i løpet av det halvåret då songane vart spelte inn i New York. I omslagsheftet er Pecknold faktisk kreditert med vel tjue instrument og lydeffektar i studio, og han spelar ei viktig rolle på alle spor, medan dei andre musikarane i bandet tek del meir spreidd og her og der. Universet vi møter i Crack-Up, er på mange måtar Pecknolds forteljing om reisa han har vore på, uttrykt slik han ønskte at det skulle verte uttrykt.

Varm og variert

Vakkert er det no i alle fall. Crack-Up er ei rik, varm og variert plate. Ho er langt frå dyster, snarare djup og utforskande i ord og tone, leikande, spørjande og fabulerande. Sjølv om referansane kjem tett, litterære så vel som musikalske, frå Stravinskij til Beowulf, så kjennest aldri albumet innforstått, stivt eller tilgjort i si musikalske og litterære utfalding. Pecknolds retningsløyse var nok ikkje kalkulert, ho verkar reell nok, men ho resulterte i alle fall i eit karrierehøgdepunkt for Fleet Foxes.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis