JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Lite å læra

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Detalj frå målarstykket «David med hovudet til Goliat» av Caravaggio.

3514
20171201
3514
20171201

Kunst

Ellen J. Lerberg, som er seniorkurator ved Nasjonalmuseet, kom førre veke med kritiske kommentarar om kunstreisebreva mine frå Roma, som har stått på trykk i denne avisa. Kritikk frå fagfolk skal ein lytta til, men Lerbergs lesarbrev gjer meg ikkje klokare. For brorparten er ei opplisting av tilleggsfakta som kunne stått i mine artiklar, men ikkje står der. Resten er anten mistolkingar av det eg har skrive, eller påstandar som er direkte feil. Lat oss gå punktvis gjennom alle Lerbergs ankepunkt:

Til saka om Augustus’ fredsaltar (27. oktober), skriv ho: «[Bringeland] snakker om ’slaktarbenk’. Det er vel et alter, eller en offerbenk? Dyra ble ikke slakta, men ofra.» Ordet slaktarbenk er mi biletlege omskriving i samband med ei skildring av eit slaktoffer. Når eg i teksten min nyttar «slaktarbenk» éin gong og «altar» 27 gonger, trur eg lesaren skjønar at det dreier seg om eit altar og ikkje eit slakteri. Vidare misliker ho omgrepet «biletrelieff», for «alle relieffer er vel ei bildemessig famstilling?». For å skilja tydeleg mellom to typar relieff som finst på altaret, nyttar eg omgrepet «biletrelieff» om dei som syner bilete av menneske, og «planterelieff» om dei reint ornamentale relieffa. Vidare påpeiker ho «en annen, og viktigere ting», nemleg plasseringa av fredsaltaret, som i dag står ein annan stad enn det gjorde i antikken. Men eg har aldri hevda at altaret på Augustus’ tid stod i det moderne museet som hyser det i dag.

Når det gjeld omtalen min av den antikke Laokoongruppa i Vatikanmuseet (3. november), skriv Lerberg eit heilt avsnitt om Laokoons høgrearm og at han er original, sjølv om eg aldri har hevda at han ikkje er det ? eg har ikkje eingong nemnt armen. Når det gjeld Portunus-tempelet i artikkelen min om Pantheon (10. november), skriv ho at eg påstår at heile templet er grave fram. Det har eg aldri hevda, eg skreiv at «det har ein djup søylehall og står på eit høgt podium; sistnemnde er no grave fram».

I omtalen min av Caravaggio (17. november) misliker Lerberg at eg koplar biografien til kunstnaren med verka hans. Men slikt er vanleg praksis i moderne Caravaggio-formidling. Og når Caravaggio i målarstykket «David med hovudet til Goliat» (sjå illustrasjon) gjorde det avhogde hovudet til eit sjølvportrett, har han sjølv overskride skiljet mellom livet sitt og verka sine. Vidare har eg aldri hevda at Caravaggio er den einaste eller den fyrste som framstiller Judith idet ho skjer hovudet av Holofernes. Og dømet ho syner til, er skivebom: Det stemmer at Artemisia Gentileschis måla den same scena på same måte. Men ho var ein etterliknar av Caravaggios stil. Biletet hennar var ferdig atten år etter Caravaggios.

Eg ser at eg kunne vore tydelegare på at «Den botferdige Magdalena» ikkje er eit kvinneportrett, men ei kvinneframstilling. Men eg trur lesarane skjønar at kunstnaren ikkje hadde den bibelske personen framføre seg då han måla biletet i 1595. Til slutt skriv Lerberg at Maria Magdalena òg kan bli avbilda med mørkt hår. Eg har aldri hevda at ho ikkje kan ha mørkt hår, men at det i kunsten er typisk at ho har raudt hår. Dette vil alle som gjer eit biletsøk på internett med søkjeteikna «maria magdalena + painting» erfara.

Av ein seniorkurator ved Nasjonalmuseet hadde eg forventa betre fundert kritikk. Alle mine kunstreportasjar blir lesne gjennom av ein fagperson før dei blir publiserte, og eg er sikker på at dei held mål fagleg.

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis