Opprør utan variasjon og dekor
«Opprørarane sveisar fast at berre den typen arkitektur opprørarane sjølve godtek, er kultur.»
Brosundet i jugendbyen Ålesund.
Foto: Halvard Alvik / NTB
Les også
Brudeferda i Hardanger justert med modernistisk arkitektur? Døme på slike innslag i landskapet breier seg snøgt over landet, meiner artikkelforfattaren.
Biletcollage av Signe Barratt Rafoss
«Lenge har eit rom for ulike formspråk i den offentlege arkitekturen vore uhøyrt.»
Les også
Modernisme ved Vøringsfossen.
Foto: Ulf Andenæs
Arkitektur: «Heile vår klode vert einsretta i eitt allmektig formspråk.»

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Arkitektur
I den kritikken som leiar Thomas Fleming i Arkitekturopprøret sette fram mot eit tilbygg av Sverre Fehn i Dag og Tid (27. september), var det éi setning som fekk meg til å reagere (4. oktober). «Kultur spiser strategi til frokost», skreiv han. Tilsvaret frå Ulf Andenæs (11. oktober) syner at eg må bli tydeleg, for den eine setninga røper grunnlaget for heile opprøret.
Arkitektur er kultur, skreiv Fleming, men ikkje kva arkitektur som helst. Opprørarane sveisar fast at berre den typen arkitektur opprørarane sjølve godtek, er kultur. Det er for meg ei illiberal og autoritær tenking. Å godta berre éi form for kultur, og dermed indirekte hevde at det andre står for, ikkje er kultur, er velkjent verda rundt. Det viste eg med eitt døme frå den nære fortida i Noreg, foreldreopprøret mot samnorsk.
Det ville ha vore den enklaste sak av verda å vise til verre framferd i andre land, men eg valde dette opprøret av di det fall saman med ei latterleggjering av bestemte former for litterær modernisme. Dette glepp for Andenæs. Han opnar aldri døra inn til kritisk refleksjon om slike hegemoniske utestengingar av det andre står for.
Andenæs ser «magisk bygningsarv» i «magisk landskap». Eg ser byggverk og landskap forma av slitne hender med dei materiala, reiskapane og kunnskapane ein hadde. Treskurden blei ikkje borte berre av di ein tok til å byggje på andre måtar. Industrialiseringa førte over tid til at handarbeid jamt over blei for dyrt og handboren kunnskap gjekk ut av bruk.
Han saknar «variasjon, ornament, venleik, varme, fargar» i samtidsarkitekturen og går inn i den same tenkinga om kultur og estetikk som Fleming målber. For Andenæs er jugend siste utgåva av god arkitektur. Greitt, det, men kva for ei utgåve av jugendbyen Ålesund er den gode etter hundre år? Den originale, murgrå bygningsmassen anno 1910 eller den byen som i seinare tiår har fått fargar på husveggene og no arbeider med ein eigen fargepalett?
Eg er samd i at utbyggjarar altfor ofte utarmar både bygningstradisjonar og annan kulturarv. Det blir berre så forenklande å forklare dette med ein udefinert modernisme, som om modernisme er ein gitt storleik. Det Sverre Fehn skapte, har lite til felles med dei byggverka som kneisar med sine umotiverte former i urbaniserte område. Han skapte knapt eit verk som stikk meir enn to–tre etasjar over bakken, og han bygde inn eigne observasjonar frå tradisjonell byggjeskikk mellom anna i Nord-Afrika. Fehn forvalta ein respekt for tradisjon som Andenæs med rette etterlyser.
I bygdebyen Volda har ferdighusbransjen fått kle ei heil åsside med hus som med mykje styr er liksomtilpassa bratte tomter. Då eit ektepar fekk ein arkitekt til å teikne eit hus som faktisk var laga for tomta, sa dei folkevalde nei. Av di huset braut med byggjestilen elles.
Makta ligg hos utbyggjarane etter slike svake politiske vedtak. Det var dei som reiste eit grævligt malplassert høghus på flate Bryne, teikna av arkitektar som ikkje var gode nok. Ingen skaper berre meisterverk, verken forfattarar, biletkunstnarar eller arkitektar, heller ikkje Sverre Fehn. Arkitektopprøret hadde stått seg på å vedgå at somme er betre enn andre, og ikkje ruinere ordskiftet med vandalisme og brutalisme.
Opprørarane har valt å plassere seg midt i ei tidsånd fylt av kategorisk og generaliserande argumentasjon. Opprøret manglar sjølv både variasjon og ornament. Fundamentet for kritikk bør difor vatrast opp på nytt om den viktige meiningsbrytinga om kulturlandskap skal byggje ny forståing.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.