Syn og Segn om Finn-Erik Vinje

Professor Finn-Erik Vinje.
Professor Finn-Erik Vinje.

I biografien om Finn-Erik Vinje, tillegg Per E. Hem meg hensikter han trur eg hadde.

Publisert Sist oppdatert

«Det er Finn-Erik Vinje.» Røysta i telefonen var roleg. Det var 21. september 1988, klokka tikka mot 13.00, borte i Trondheimsvegen i Oslo dundra ein blåtrikk.

Over ei heilside hadde Dagbladet same dagen omtalt ein kritisk artikkel av Tove Bull om den språkpolitiske makthavaren Finn-Erik Vinje i det nye nummeret av Syn og Segn. Til avisa hadde eg sagt at Vinje ikkje nådde lenger enn til å bli varamedlem i Norsk språkråd. Mannen i telefonen peika roleg på at det ikkje stemte. Han var fast medlem dei første åra frå 1972. «Ja, hva vil du gjøre med dette, da?» Eg skal få retta feilen snarast råd, svara eg, og Dagbladet trykte retting to dagar etter.

Vinje er ein smart fyr og tok ein gerhardsen. Då Per Øyvind Heradstveit gav ut den uautoriserte biografien Einar Gerhardsen og hans menn i 1981, var slike bøker uvanlege i Noreg. Landsfaderen nytta eit intervju om boka i Dagsrevyen til å peike på eit par feil i boka. Det var nok til å desavuere forfattaren og gjere boka irrelevant.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement