JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Tvisyn med skylappar

Eg synest det er freidig av Steinar Løberg å vere den som skal mane til tvisyn i den norske språkdebatten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Per E. Hems biografi om Finn-Erik Vinje har ført til debatt.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

3758
20240412
3758
20240412

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Språk

I eit langt og krunglete innlegg i Dag og Tid 5. april skriv Steinar Løberg om nokre sider i Per E. Hems biografi om Finn-Erik Vinje. Med utførlege sitat frå boka blir Løberg ein ukritisk støtteskrivar som har lite nytt å tilføre etter meldinga av boka i avisa 22. februar og innlegget mitt 8. mars om Tove Bulls kritiske artikkel om Vinje i 1988.

Løberg hevdar eg tinga ein «brannfakkel av ein artikkel» frå Tove Bull. Som Hem skriv han noko han ikkje veit noko om. Det er å undervurdere Tove Bull å tru at ein bed henne skrive ein artikkel med bestemte meiningar og konklusjonar. Eg bad henne skrive om Vinje, og ho fann sjølv ut korleis ho ville gjere det.

Som Hem viser Løberg til kva dåverande formann Jon Låte sa om Vinje på landsmøtet i Noregs Mållag i 1988. Der er berre ingen samanheng mellom landsmøtet og artikkelen. Både Hem og Løberg kunne lett ha funne ut at landsmøtet blei halde 28.–30. juli. Berre fem dagar seinare sende Bull manuskriptet til Vinje. Ingen skriv ein artikkel av dette formatet på så kort tid. Eg tinga artikkelen lenge før landsmøtet, visste ikkje noko om kva som kom til å bli sagt på landsmøtet, og var ikkje til stades der.

«Som så ofte før kjem formaninga om å beherske seg frå dei som forvaltar det historiske fleirtalshegemoniet i denne debatten.»

I biografien vik statsvitaren Hem unna å ta stilling til det språkpolitiske grunnlaget for den kritikken Bull la fram. Han ser også bort frå at eit viktig moment i Bulls kritikk var at Vinje brukte den vitskaplege professortittelen til å gi normative synspunkt på emne han var til dels lite kjent med. I staden gjer Hem seg til ein polemisk referent som hentar poeng frå både trykte og private kjelder, men han finn ikkje grunn til å kontakte «motparten». Ukritisk refererer Løberg somt av dette og set orda «sakleg» og «kritisk» i hermeteikn.

Då synest eg det er freidig av Løberg å vere den som skal mane til tvisyn i den norske språkdebatten. Som så ofte før kjem formaninga om å beherske seg frå dei som forvaltar det historiske fleirtalshegemoniet i denne debatten. Merkeleg nok hadde Løberg til dømes inkje å seie då eg i minste detalj dokumenterte bruken av bokbål og annan symbolsk vald mot nynorsk- og samnorskbrukarar gjennom heile 1900-talet i boka Brent ord for to år sidan. Den einaste som var anstendig og tok innover seg alvoret i saka, var formann Trond Vernegg i Riksmålsforbundet. Sanneleg er det noko å hente om dette og språkkonfliktar generelt i den nye boka Farlege språk også.

Men det skal Finn-Erik Vinje ha: Han er framleis den einaste som har skrive eksplisitt om desse bokbåla i eit språkhistorisk oversynsverk. Dei åtte linjene står på side 380 i Et språk i utvikling (1978).

Følgjene av hegemoniets usjarmerande framferd veit vi nynorskbrukarar alt om. Sist kom det til uttrykk i Debatten på NRK1 4. april. Der fortalde den stødige nynorskbrukaren Frank Kjosås frå Hardanger at også han hadde skrive «Spynorsk mordliste» på skuleboka si. Den som vil forklare slikt, kjem ingen veg med noko A.O. Vinje skreiv om tvisyn vinteren 1861, då den norske språkdebatten hadde vart i ni år.

Hos Løberg stengjer skylappar for tvisynet. Sjenerøst og profesjonelt sende altså Bull manuskriptet til Vinje lenge før publisering. Dette kommenterer Løberg på verste vis: «Han fekk på førehand vite at han skulle avrettast!» Slike drapsmetaforar byd meg sterkt imot, og setninga burde ikkje ha passert redaksjonen i Dag og Tid.

Steinar Løberg gjer klokt i å finne fram att dei normene for sakleg debatt og metaforar som Arne Næss sette opp i dei krigsåra då folk faktisk blei avretta her til lands.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis