Tvisyn med skylappar

Per E. Hems biografi om Finn-Erik Vinje har ført til debatt.
Per E. Hems biografi om Finn-Erik Vinje har ført til debatt.

Eg synest det er freidig av Steinar Løberg å vere den som skal mane til tvisyn i den norske språkdebatten.

Publisert

I eit langt og krunglete innlegg i Dag og Tid 5. april skriv Steinar Løberg om nokre sider i Per E. Hems biografi om Finn-Erik Vinje. Med utførlege sitat frå boka blir Løberg ein ukritisk støtteskrivar som har lite nytt å tilføre etter meldinga av boka i avisa 22. februar og innlegget mitt 8. mars om Tove Bulls kritiske artikkel om Vinje i 1988.

Løberg hevdar eg tinga ein «brannfakkel av ein artikkel» frå Tove Bull. Som Hem skriv han noko han ikkje veit noko om. Det er å undervurdere Tove Bull å tru at ein bed henne skrive ein artikkel med bestemte meiningar og konklusjonar. Eg bad henne skrive om Vinje, og ho fann sjølv ut korleis ho ville gjere det.

Som Hem viser Løberg til kva dåverande formann Jon Låte sa om Vinje på landsmøtet i Noregs Mållag i 1988. Der er berre ingen samanheng mellom landsmøtet og artikkelen. Både Hem og Løberg kunne lett ha funne ut at landsmøtet blei halde 28.–30. juli. Berre fem dagar seinare sende Bull manuskriptet til Vinje. Ingen skriv ein artikkel av dette formatet på så kort tid. Eg tinga artikkelen lenge før landsmøtet, visste ikkje noko om kva som kom til å bli sagt på landsmøtet, og var ikkje til stades der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement