Ordskifte

Ukraina, Cuba og Kursk

Det er tragisk at Vesten, i alle fall utetter, ikkje har søkt andre løysingar enn å vinna krigen. 

Ein soldat ved frontlinja i Kharkiv-regionen i Ukraina.
Publisert

Endeleg er det mogleg å fremja ulike syn på krigen i Ukraina. Kai Skagen fremjar alternative synspunkt i Dag og Tid. Sven Holtsmark frå Forsvarets høgskole har gitt eit tradisjonelt gjensvar.

Det tragiske er at debatten om krigen i Ukraina har vore bastant einsidig. Kritikk av linja til Vesten har unisont vorte teken som støtte til Putin og invasjonen, men utan ulike ytringar forvitrar demokratiet. Kanskje me no kan få ein breiare debatt om konflikten. Det tragiske er at denne først finn stad når ukrainske styrkar er på tilbaketog. Ikkje minst bør debatten dekkja også andre historiske hendingar enn München, Chamberlain og Churchill. Ei av dei er Cuba-krisa i 1962.

Den byrja med Grisebukta i 1961. Eksilcubanarar ønskte å gjenerobra Cuba etter at kommunisten Castro hadde overteke styringa av øya. USA og president John F. Kennedy godkjende aksjonen, som i stor grad var organisert av den amerikanske etterretningsorganisasjonen CIA. Dei militære støtta invasjonen. Dei rekna med at cubanarane ville gjera opprør mot Castro. Slik gjekk det ikkje. Invasjonsstyrkane vart raskt nedkjempa av styrkane til Castro.

USAs militære ville intervenera, men Kennedy sa nei. Deretter spurde Castro om Sovjet kunne senda rakettar for å forsvara Cuba. Sovjets statssjef, Khrusjtsjov, gjorde dette. USA såg på det som ein trussel og sette hardt mot hardt. Dei militære, med flyvåpenet i sentrum, ønskte at USA skulle bomba rakettrampene. Kennedy tenkte tilbake på Grisebukta og korleis dei militære då hadde teke feil. Han gjekk i staden inn i forhandlingar.

Kennedy og Khrusjtsjov vart etter ein hektisk korrespondanse samde om at USA skulle trekkja tilbake rakettar frå Tyrkia i byte mot at Sovjet trekte rakettane tilbake frå Cuba. Dermed unngjekk verda ein mogleg atomkrig.

Lærdom: Det går an å forhandla. Det går an å inngå kompromiss. John F. Kennedy hadde ei sterk tru på demokratiet og at folk og nasjonar ønskjer å styra sjølv. Han avviste kommunismen, men ikkje å forhandla med kommunistar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement