JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Innvandring er alt

Danmark er det mest sosialdemokratiske landet i Europa. Svaret er innvandring, seier Henrik Dahl frå Liberal Alliance.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Partileiar for Socialdemokratiet i Danmark, Mette Frederiksen, då ho talte på landsmøtet til Arbeidarpartiets landsmøte i Folkets Hus i Oslo i vår.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

4491
20171215

Samtalen

Henrik Dahl

sosiolog og politikar

Aktuelt

Kommuneval i Danmark

4491
20171215

Samtalen

Henrik Dahl

sosiolog og politikar

Aktuelt

Kommuneval i Danmark

jon@dagogtid.no

Det har vore kommuneval i Danmark. Socialdemokratiet gjekk fram og vart den store vinnaren. Henrik Dahl er kan henda Danmarks mest kjende sosiolog. Han har gjeve ut ei rekkje bøker og har i mange år vore forskar og føredragshaldar. No sit han på Folketinget for Liberal Alliance, som gjekk attende.

– Danmark har i røynda dei siste åra hatt tre sosialdemokratiske parti: Venstre, Dansk Folkeparti og Socialdemokratiet. Alle er mot innvandring. Er det der suksessen ligg?

– Ja, om vi går attende til Anker Jørgensens tid, var ordførarane i grannekommunane til København særs urolege for innvandring. Dei klaga mykje over kor dårleg det gjekk. Jørgensen sette ned eit utval som nett konkluderte med at det gjekk særs dårleg, og kom med konklusjonar som det i dag er brei semje om var rette. Socialdemokratiet vart dimed eit innvandringskritisk parti. Men fyrst etter ei tid.

– Kva skjedde?

– Jørgensen gjekk av i 1987. Han vart avløyst av Svend Auken. Han var særs innvandringsvenleg, og dimed opna han opp for det som vart Dansk Folkeparti som hadde sitt utspring i Mogens Glistrups Fremskrittsparti. Det var i si tid eit særs liberalistisk parti, men enda opp med å vera særs innvandringskritisk og ein sterk motstandar av islam. Partiet gjekk nærast gjennom ein metamorfose. Det vart det utvalet til Jørgensen sa burde vera Socialdemokratiet. Suksessen vart enorm, og partiet vart ei utruleg sterk kraft i Danmark. Men partiet oppfatta seg likevel som borgarleg og vart dimed ein garantist for borgarleg side.

– Som vart Anders Fogh Rasmussen?

– Ja, han fekk makta i 2001 gjennom nett gjennom ein streng innvandringspolitikk. Saman med Dansk Folkeparti nesten knekte han Socialdemokratiet. I Danmark oppfattar Socialdemokratiet seg – som dei tilsvarande partia i Sverige og Noreg – som det naturlege maktpartiet. Dei skal vera i regjering. Utan makt er ikkje Socialdemokratiet eksisterande, då er det utan meining. Under Fogh Rasmussen gjekk dei gjennom ei stor krise. Til slutt kunne dei ikkje trekkja nokon annan konklusjon enn at dei måtte verta minst like innvandringskritiske som Dansk Folkeparti.

– Men dei tapte likevel makta ved førre folketingsval?

– Ja, for Dansk Folkeparti i konstellasjon med Venstre vart av veljarane oppfatta som meir innvandringskritiske enn Socialdemokratiet. Dette såg Mette Frederiksen, den nye leiaren, som er ein særs kompetent politikar. Ho rydda all tvil til side. Socialdemokratiet i Danmark vart det mest innvandringskritiske arbeidarpartiet i Europa. Ho har lært det dei ulike arbeidarpartia i grannelanda Sverige, Noreg, Tyskland og for den del Nederland ikkje har forstått: Om ein vil ha makt, må ein i Nord-Europa vera særs innvandringskritiske, eller rettare sagt, særs kritiske til muslimsk innvandring.

– Men veljarane i Danmark har uavhengig av innvandring fått sosialdemokrati sidan Fogh Rasmussen?

– Ja, veljarane i Danmark har verkeleg fått viljen sin. Anker Jørgensen var viljug til å verta innvandringskritisk, men han var ikkje viljug til å føra ein ansvarleg økonomisk politikk. Regjeringane etter han fekk eit stort ryddearbeid, som også Socialdemokratiet tok ansvar for ved regjeringa Poul Nyrup Rasmussen. Denne regjeringa rydda verkeleg opp i dansk økonomisk politikk. Men ho var ikkje kritisk til innvandring, og dimed, som nemnt, tapte Socialdemokratiet i 2001. Då ryddearbeidet i dansk økonomisk politikk var gjort, røysta veljarane inn eit nytt sosialdemokratisk regime som var innvandringskritisk.

– Men Fogh Rasmussen var då borgarleg?

– Ja, han sa det. Men sanninga er at han med Dansk Folkeparti som støtteparti nærast måtte gjera Venstre til eit sosialdemokratisk parti. Veljarane i Danmark vil ha ein stor velferdsstat i kombinasjon med streng innvandringspolitikk. No har dansk økonomi ein sterk trong til økonomiske reformer, meiner eg. Men ein slik politikk er djupt upopulær. Dagens melodi er stor velferdsstat i kombinasjon med streng motstand mot islam. Eg er sterkt for ein streng innvandringspolitikk, men partiet mitt og eg vil òg ha ein skattepolitikk som den Sverige innførte under Gøran Persson. Men før vi får ei økonomisk krise, ser det ut til å vera umogleg. I Danmark vinn dimed Socialdemokratiet i alle høve.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Veljarane i Danmark har verkeleg fått viljen sin.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis