JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Då pengane reiste med ferja

Fallet i oljeprisen knekte nesten Per Sævik, men så fekk han kjøpa Fjord1 av Sogn og Fjordane fylkeskommune. No er han på ny rik, og Sogn og Fjordane fattigare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Styreleiar i Havila Shipping ASA, Per Sævik, ringde i bjølla då selskapet vart notert på Oslo Børs i 2005.

Foto: Cornelius Poppe

8411
20170512

Bakgrunn

Per Sævik eig 100 prosent av Fjord1

For det har han betalt 1,4 milliardar kroner

Samstundes har han tent 1,7 milliardar kroner

No sel han 49 prosent, men held kontrollen over selskapet

Ferjer

jon@dagogtid.no

Om ein spør den jamne mannen på Sunnmøre kva sunnmøring han liker best, er sjansen eller risikoen – alt etter korleis ein ser det – stor for at dei svarer Per Sævik. Sævik bur i eit husbankhus utanfor Fosnavåg, er djupt kristen og køyrer, så vidt eg kan hugsa, Skoda. Sævik plar anten å vera nær konkurs eller steinrik. I tillegg har han sete på Stortinget, vore statssekretær og mykje anna, alt for Kristeleg Folkeparti. I Sunnmøre KrF er Sæviks ord lov. I alle høve: No syner det seg at fylkespolitikarane både i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har gjeve Sævik eit par milliardar, og det innanfor noko såpass perifert som ferjedrift.

Supplyhovudstaden

Når Sævik døyr, om ikkje før, kjem det garantert ein stor statue av Sævik i sentrum av Fosnavåg i Herøy. Før oljeprisnedgangen var Fosnavåg den staden i Noreg som hadde flest milliardærar per innbyggjar, og Herøy kommune var, takka vera det Sævik starta, særs rik og hadde eit uvanleg høgt servicenivå for innbyggarane (sjå Dag og Tid 27. februar 2015).

Og det Sævik starta, var supplyrikdomen på Sunnmøre. Sidan 1980 har han starta tre supplyreiarlag: Trico Marine, Havila Supply og Havila Shipping. Men nett av di Sævik lukkast, starta også fleire andre i Fosnavåg opp med leveransar til oljeindustrien, og slik vart det som kanskje var Noregs mest kompetente supplyklynge, liggjande i Fosnavågen.

I 2012 vart då også Sævik utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden av kongen. Sævik fekk utnemninga mellom anna «for hans innsats for skipsfartsnæringen». I 2012 hadde Fosnavåg fire supplyselskap og ei rekkje milliardærar. Så dominerande var dei fire reiarlaga at 94 prosent av all arbeidsgjevaravgift betalt inn frå privat sektor i Herøy kommune, kom frå supplynæringa. Sagt på ein annan måte: Herøy var i praksis supplyskip og lite anna.

Teknisk konkurs

Fire år seinare var i røynda alle reiarlaga teknisk konkurs, og dei måtte innleia tingingar med kreditorar og bankar. Som Sævik sjølv sa det til Sysla, då han gjekk av som styreformann i Havila Shipping tysdag denne veka: «Det er ikke til å legge skjul på at det har vært veldig utfordrende. Vi var ikke sikre på om Havila ville komme ut av det som ett selskap, eller gå konkurs». Havila Shipping gjekk ikkje konkurs, långjevarane gjekk med på å taka store tap og konvertera gjeld til aksjar, men Sævik har framleis kontroll over selskapet. Etter restruktureringa av gjelda no i februar eig han 51 prosent av selskapet, men, vedgår han til Sysla: «Vi har påført aksjonærer, obligasjonseiere og banker et ikke ubetydelig tap. Det er ikke en god følelse.»

Marknaden på si side har heller ikkje ei særmerkt god kjensle for Havila Shipping. Ved utgangen av 2008 stod aksjekursen på 32 kroner per aksje. Då Sævik gjekk av som styreformann tysdag, var prisen 16 øre, rett nok etter mange utvatningar. Ved utgangen av mars i år var nettorenteberande skuld på 4,3 milliardar, og i skrivande stund verdset børsen selskapet til 283 millionar.

Men kva gjorde Sævik då han såg at det store supplyselskapet hans i praksis var konkurs? Gav han opp? På ingen måte. Sævik er no god for minst to milliardar meir eller mindre nye kroner. Han har aldri vanta næringsvit. Det gjer tilsynelatande dei fylkeskommunale politikarane i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane. Førre veke kunne Finansavisen og Dagens Næringsliv fortelja at Sævik var i gang med å børsnotera Fjord1 og selja 49 prosent av aksjane. Det lukkast han i. Lat oss sjå på tala.

100 prosent

Då Sævik la inn tilbodet om å selja aksjar, eigde han 67 prosent av aksjane i Fjord1, men han hadde ein såkalla opsjon til å kjøpe resterande 33 prosent frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til ein fast pris. I det dette vert lese, fredag 12. mai, eig Sævik 100 prosent av aksjane. Dei heile byrja med at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane i 2001 slo saman alt dei eigde innan samferdsel i det dei kalla Fjord1. Møre og Romsdal fekk 41 prosent, og Sogn og Fjordane 59 prosent av aksjane. I 2011 fann så Møre og Romsdal fylkeskommune ut, til liks med dei fleste andre fylka i Noreg, at dei ville kvitta seg med alt av samferdselsselskap. Sævik stod klar med holdingselskapet sitt, Havilafjord AS. Han betalte 341 millionar for 41 prosent av aksjane, og gjekk i det minste etter eige syn inn ein intensjonsavtale med Sogn og Fjordane om få kjøpa resten den dagen fylket eventuelt ville selja. Det ville til slutt fylkeskommunen, men fyrst etter mykje om og men.

I alle høve: Sævik – om vi skal tru fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, Senterpartiets Jenny Følling – vil når han sit med alle aksjane fredag, ha betalt Følling og kompani 1065 milliardar kroner. Det er tilsynelatande ein god pris samanlikna med kva Møre og Romsdal fekk i 2011; etter inflasjon har sogningane fått dobbelt så godt betalt som møringane. Men har dei fått godt nok betalt? Etter at Sævik har inngått avtaler om å selja 49 prosent av aksjane til eksterne investorar, har vi svaret, og svaret er at Sogn og Fjordane har fått vel 1 milliard for noko som med dagens prising og manglande utbyte var verdt minst 1,8 milliardar.

Tre milliardar

Vinsten Sævik sit att med, er som henta ut av eventyra. I fjor gjekk Fjord1 med eit overskot på 500 millionar før skatt, då tilseier konservativ prising at selskapet er verdt mellom 4 og 5 milliardar, men Sævik bad ikkje om mykje då han sa at han ville børsnotera og selja 49 prosent. Han sa at eigenkapitalen, som er det interessante, var verd 2,9 milliardar. Det er òg vanleg å selja med litt rabatt når ein vil verta børsnotert og samstundes vil halda på majoriteten av aksjane. I alle høve, Sævik selde 49 prosent, og fekk betalt det han ville ha.

Så kva har han betalt, og kva har han fått? (Og her reknar vi med utbytet han tok ut i 2016.) Jau, han har betalt 1,4 milliardar og fått attende 1,7 milliardar samstundes som han eig aksjar til ein verdi av 1,5 milliardar. Men for å vera sikre på at vi har rekna rett, spurde vi Sævik sjølv om han var samd.

– Ja, tek du med utbytet som vi tok ut, har vi fått attende 1,7 milliardar. Eg ser elles at det står i media at vi skal ha gjeve 1,8 milliardar samla sett for Fjord1, men det er feil. 1,4 milliardar er det vi har betalt for alt.

– Du ser sjølv at du har gjennomført eit utruleg gunstig kjøp?

– Kjøpet er godt, det, ja. Vi såg nok at dette var eit interessant selskap å få kontroll i. Det har heller ikkje kome store overraskingar. Og når det gjeld prisen og børsen: Vel, ein lyt treffa når marknaden er der. Vi trefte der.

– Men i røynda er vel selskapet meir verdt enn det du tok deg betalt? Så lenge du vil sitja på majoriteten av aksjane, er ikkje marknaden viljug til å betala full pris?

– Vi har lova Sogn og Fjordane at vi skal ha majoritetsposisjon, og det ynskjer vi i alle høve for vår eigen del òg. Men ja, så lenge vi sit med majoriteten av aksjane, vil det ha ein reduserande verknad på pristotaliteten.

– Du eig skipsverft òg. Skal dei no få alle kontraktane om levering av nye ferjer?

– Det er på ingen måte gjeve. Verfta lyt konkurrera på kommersielle vilkår både på pris og levering. Havila holding gjev ingen gratisbillettar, men det skal sjølvsagt heller ikkje vera ei ulempe å vera under vår paraply.

– Har du dårleg samvit for å ha fått noko så verdfullt så billig frå Sogn og Fjordane fylkeskommune?

– Her er eg samd med Jenny Følling som seier at fylkeskommunen fekk den prisen dei kunne få då dei ville selja. Det var vi og éin konkurrent til som baud. (Torghatten fekk tilslaget, men Konkurransetilsynet kunne ikkje godkjenna det, red. merk.) Då det fyrste salet ikkje gjekk gjennom, adopterte vi avtalen som Sogn og Fjordane hadde inngått med Torghatten. Og så må du hugsa dette: Folk har lett for å idiot- eller geniforklara andre. Det var ikkje mykje ros å få då vi brende av ein tilsvarande sum offshore som vi tente på desse ferjene.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Folk har lett for å idiot- eller geniforklara

andre. Det var ikkje mykje ros å få då vi brende

av ein tilsvarande sum offshore som vi tente på

desse ferjene.

Per Sævik, reiar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis