JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Bandet Good Time Charlie inviterer barn med inn i ei verd full av rytmisk blues – på sunnfjorddialekt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei siste åra har bandet laga bluesmusikk for barn.

Alle foto: Kristin Jørgensen

7762
20170630

Bakgrunn

Good Time Charlie

Etablert i 1982 i Bergen av Arle Hjelmeland og Bård Ose

Inspirert av blues- og soulmusikk frå 50- og 60-talet

Konsertkonseptet Jubelblues består av låtar for barn på sunnfjorddialekt

Skulekonsert

elovereide@gmail.com

Bluesen kom frå Afrika til Amerika for over 100 år sidan, seier Arle Hjelmeland entusiastisk til den unge folkemengda. Han har akkurat fått med seg elevane ved Ny-Krohnborg skule i Bergen på strofer som «Hei, har du lyst til å synge mange fine songar», og barna har ikkje vore vanskelege. Til og med på kviskringa, dei rare lydane og den tilgjorde latteren etterlikna dei vokalisten. «Ah ha ha ha! Eh Eh Eh O! Agubagubaguba! Ha ha ha ha!»

Det er ikkje rart, desse songane er like fengande for oss vaksne. Iført gullfarga jakke og purpurraud bukse svingar Arle seg på golvet – ja, han vil helst ikkje stå på nokon scene, han må vere på nivå med barna.

Rotekongane

Fem rosakledde jenter i rada framfor meg kranglar om sitjeplassane. Dei endar med å dele fire sete. Det er nok av underhaldning i salen denne fredagen.

– Er det nokon her som liker å rydde, spør gitarist Steinar.

– Njaaa, kjem det frå salen. Enkelte rekk opp handa.

– Er det nokon som liker å rote, då?

– Ja! brøler barna unisont, og nesten alle hendene går i vêret, noko som innleiar til songen «Rotekongen» mens lysa blinkar frå trommesettet.

«Da eg likar aller best, er å lage rotefest», syng Arle på rein sunnfjorddialekt. Han er fødd i Førde og far til den kjente artisten Thea Hjelmeland. Men Good Time Charlie, som han har hatt sidan 1982, definerer han som eit bergensband. Bandet har hatt over 20 medlemmar sidan den gong. Dei fire medlemmane lagar låtar både til barn og vaksne, og er aktuelle med det nye vaksenalbumet Ready to Rumble.

Barneskuleturné

Ny-Krohnborg skule i Solheimsviken er den ellevte i rekka av 41 skulekonsertar. Det er Rikskonsertane og Kultur- og idrettsavdelinga ved Hordaland fylkeskommune som gjer det mogleg. Rikskonsertane, eller det som no heiter Kulturtanken, er ein kulturinstitusjon som arbeider for å gjere variert musikk levande for alle. Målet er å opne dører til kunsten i framtida for barn som veks opp i Noreg, same kor dei bur.

Få skular i Hordaland har kunstfag som satsingsområde, med ressursane det inneber. Trass i positive haldningar og auka offentleg merksemd om kva desse faga har å seie, blir dei altså ikkje prioriterte i kvardagen. Skulane har derfor mykje å tene på samarbeid med eksterne aktørar frå kulturlivet; dei har ikkje berre stor kunstnarisk kompetanse, men også god formidlingsevne som profesjonelle.

Låg terskel

I kultursalen på Ny-Krohnborg skule blir dei eldre og yngre barn blanda for å skape ei treffsikker stemning. Hjelmeland har lang erfaring med formidling til barn.

– Vi spelte ein gong på Eikefjord skule, og oppdaga ein 15-åring som var god på gitar. Og no sit han der, seier Arle og peiker på gitarist Steinar Karlsen.

Songane dei framfører på turneen, kjem frå dei to albuma frå 2013 og 2015, Draumeblues og blåsus og Jubel og skrubbsår. Tekstane ber preg av tema som barn interesserer seg for: tog, traktor, rot og fritid. Fellesnemnaren er at barn skal få vere sjef i eige liv.

– Vi tar barn på alvor. Det skal vere låg terskel for å synge med, seier vokalisten.

Tilbake på scena syng Arle «Alt eg ve er å slappe litt av. La tankane flyte på eit ope hav», med refrenget skrive på ein plakat, og elevane syng med. På førehand har skulane fått CD-ar og aktivitetsbøker for å lære seg songane. Barna har dessutan laga teikningar til songane. No heng tegningane hulter til bulter på veggen i salen.

– Men det er ikkje berre enkelt å lage musikk for barn. Anten elskar dei det, eller så hatar dei det, fortel Arle.

– Kvifor blues? Det er ikkje den første sjangeren som slår meg når det gjeld barnemusikk?

– Vi spelar ikkje rein blues, men er frie i stilen. Mange tenker på blues som noko traudig. Vi ønsker å spele positiv musikk. Det er viktig å heile tida fornye seg, og det er kanskje problemet til bluesen. I staden for å fornye seg spelar ein på same regla.

Bandet er inspirert av 50-, 60- og 70-talsmusikken. Med rockabillystilarten kom også pønkarar på konsertane til Good Time Charlie. Musikken til barna er lik i forma, men annleis når det kjem til tekstane. Det er eit større tekstunivers å ta frå når vi skriv til vaksne, seier Arle Hjelmeland etter konserten.

– Barnemusikken har kortare, meir poengterte låtar. Men grooven er den same. Det er så mykje plastikkmusikk i dag. Vi ønsker at barn skal få høyre andre stilartar og musikk sungen på dialekt.

– Funkar sunnfjorddialekta til blues?

– Vi jobbar mykje med tekstane og med flyten. Med dialekten min flyt det lett, slår Arle fast.

Bandet spelar også familiekonsertar, men dei trur at blues er litt fjernt for dagens foreldregenerasjon.

– Det er stort sett besteforeldra som er vane med sjangeren, seier Arle.

Bandet får likevel skryt frå dei yngre generasjonane, som gjerne høyrer på platene gjennom lange bilturar og liknande. Skulane er også positive til sjangeren.

– Stilen vår er happy-go-lucky. Musikk som får ein i godt humør og som er enkel å vere med på. Samstundes skal han ha ein nerve som formidlar noko om livet, som smerte, draumar eller det å ta grep i eige liv.

Klokkeklang

Det klirrar i golvet når 150 barn trampar med føtene og klappar med hendene.

– Nei, kva er det du har med deg? Er det is?

Arle ser på Morten, som ber på ei lita eske. Bara blir fulle av håp.

– Nei, det er ikkje is. Eg har tatt med meg nokre instrument her, eg. Er det nokon i salen som vil komme fram?

Hender skyt i vêret. Barna klarer så vidt å halde seg på seta sine. Rommet blir fylt med barnerøyster: «Eg, eg!» Bassisten plukkar ut fem barn.

– Å, han blir alltid plukka ut, seier ei jente skuffa då ho ikkje blir valt. Roa breier om seg. Publikum har akseptert tapet.

– No skal de få kvar dykkar klokke med ulike fargar på. Og når eg seier fargen, så ringer de med klokka. Ok?

Bandet går tilbake til songen, Arle spelar på eit vaskebrett. Og sjølv om barna slit litt med å treffe til rett tid, så er lyden likevel så vakker saman med musikken at ein blir bergtatt.

«Eg lagar finfin lyd, eg lagar finfin lyd, og når eg blir stor, skal eg jammen lage songar», syng vokalisten igjen, mens ungane får ta aktiv del i musikken. Tre jenter på første rad voggar til musikken medan dei held rundt kvarandre.

Nøgde ungar

I salen sit barn med bakgrunn frå fleire land. Kunst gjev uttrykk som overgår både språk, kulturell bakgrunn og sosial tilhøyrsle. Musikk skapar opplevingar og refleksjon, for ikkje å snakke om fellesskap. Derfor meiner Kulturtanken at konsertar på skulane er eit demokratiseringsprosjekt. Kunsten utfordrar det etablerte og gir rom for aktiv deltaking.

Med unntak av ein gut som meinte tekstane blei for barnslege, var elevane nøgde med konserten med Good Time Charlie denne fredagen. Dei to sjetteklassingane Hana Batlak (11) og Mariam Ali Alzubaidi (11) var overraska over kor stilig blues kunne vere.

– Det var gøy å høyre musikk eg ikkje lyttar til til vanleg, seier Mariam.

Hana er einig. Vanlegvis høyrer dei begge på popmusikk.

– Blues er ikkje så populært. Men det finst i filmar og sånn. Det var nok meir populært i gamledagar.

– Men eg visste at bluesen kom frå Afrika og til Amerika og så til Europa, seier Hana som forstod alt Arle song.

Dei fem rosakledde kranglefantane spaserer ut av kultursalen etter konserten, sannsynlegvis med «Finfin lyd» på hjernen. Det har i alle fall eg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er så mykje plastikkmusikk i dag. Vi ønsker at barn kan få høyre andre stilartar og musikk sungen på dialekt.

Arle Hjelmeland, vokalist

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis