JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kjedelegare med kjeder

Sidan 80-talet har kafékjedene overtatt stadig meir av bybildet. Vil vi ende opp med byar utan lokalt preg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjøttbasaren på Bryggen i Bergen. På framsida i bygningen frå 1876 ligg Egon i første etasje og Starbucks i andre.

Foto: Elise Løvereide

6989
20170707

Bakgrunn

Multinasjonale kjeder

Sidan 80-talet har kjedene etablert stadig fleire kafear og restaurantar i bybildet

Multinasjonale kjeder betaler mindre skatt i Noreg enn norskregistrerte bedrifter gjer

Investor Jens Ulltveit-Moe sørgde for at Starbucks fekk opne kafé i Noreg i 2012

Starbucks har i dag 20 kafear i Noreg. McDonald’s og Burger King har høvesvis 73 og 46 restaurantar

Sentrumsutvikling

elovereide@gmail.com

I januar 2012 opna Starbucks sin første kafé i Noreg, den gongen på Gardermoen i Oslo. På berre fem år har selskapet, som blei etablert i 1971 i Seattle i USA, ekspandert til om lag 20 butikkar i Noreg. Dei fleste av desse ligg i Oslo-området, men kaffikjeda opnar stadig nye butikkar i dei andre store byane i landet.

McDonald’s, Burger King og andre hurtigmatkjeder byrja å etablere seg i Noreg alt på 1980-talet. Men det er først dei siste fem–ti åra at kafékjedene er blitt verkeleg synlege i bybildet. Støtt og stadig blir nye utanlandske kaffikjeder opna, som Wayne’s Coffee og Espresso House.

Også norske kafékjeder ekspanderer, mellom andre Godt brød, Kaffebrenneriet, Egon og kioskane Narvesen og Deli de Luca. Dei siste tre tiåra har talet på kioskar eksplodert, og i dag har vi rundt 550 av dei i landet.

Patriotisk kapital

Går vi attende til 1970-talet, var kafeane stort sett lokale. Fordelen med lokale, frittståande og sjølveigde kafear er at dei skaper lokalt preg i byane og bidrar til kafémangfald. Lokale gründerar representerer patriotisk kapital, og investerer ofte meir langsiktig enn dei børsnoterte selskapa gjer. Samstundes er bysentrum truga av kjøpesentera i bydelane, og populære kafékjeder som Starbucks kan bidra til å trekke folk mot sentrum for å gjenopplive bylivet.

I dag ser vi ofte at hovudgatene er dominerte av kjedebutikkar og kjedekafear. Som resultat oppstår stundom alternative gater der dei lokale etablerer seg, som Skostredet i Bergen eller Fargegata i Stavanger. Desse alternative gatene skaper ein god dynamikk i bybildet. Men blir dei populære nok, risikerer ein at kafékjedene dukkar opp også her, fordi dei kan tilby meir i husleige.

Best plassering

Då Starbucks skulle opne butikk i Stavanger våren 2015, var køen enorm. Først fekk dei som hadde VIP-kort, komme inn, deretter den resterande køen av ungdommar. Både arkitektar og kunstnarar reagerte på at Starbucks skulle fylle eit så stort rom i hjartet av byen, attpåtil i den gamle bankbygningen. I Bergen har det same skjedd. Starbucks opna den andre kafeen i byen i den gamle Kjøttbasaren, ein fasjonabelt bygning frå 1874 som i tillegg til kjøttbasar har husa bibliotek, kafé og fiskerimuseum.

Kjedene overtar altså bybildet med både talet på butikkar og sjølve plasseringa, fordi dei har råd til den flottaste og mest synlege plasseringa. Det ser vi på fleire av lokala til McDonald’s, både i Bergen, Stavanger og Kristiansand. McDonald har blitt ein av dei største restaurantkjedene i Noreg, med 73 restaurantar.

– Lokalt entreprenørskap, nærmiljøinitiativ og variasjon i tilboda blir skadelidande når dei store kafékjedene overtar. Dette er verdiar ein bør verne om, ettersom dei lokale er med på å skape levande og mangfaldige byar, seier Camilla Moneta, fagsjef i Norske Arkitekters Landsforbund.

Moneta meiner at dei kommersielle kreftene ikkje må få for stor definisjonsmakt, ettersom dei vil hindre kvalitetar som gjer byane attraktive og levedyktige.

– Sosial berekraft handlar om lik rett til deltaking i samfunnet og påverknad på lokalmiljøet. Når kommersielle krefter konkurrerer ut lokale næringsinitiativ, endrar stadene karakter til å bli meir standardiserte. Uttrykka og tilboda til dei multinasjonale kjedene vinn fram, og skaper eit formspråk bestemt av kommersielle omsyn, og ikkje av stadstilpassing. Slik endar vi opp med kjedelegare, styggare og mindre mangfaldige byar.

Mindre valfridom

Dei utanlandske kjedene får konkurransefortrinn på marknaden fordi dei kan ha avgrensa skatteplikt til Noreg og overføre pengar frå overskotet til moderselskapet som kanskje ligg i ulike skatteparadis. Praksisen har ført til at multinasjonale selskap gjerne betaler berre 2 prosent skatt. Lokale kafear får dermed ein konkurranseulempe, der dei må auke prisane for å overleve.

Framveksten av multinasjonale kjeder skaper på mange måtar mindre valfridom for den enkelte forbrukaren ved at han hindrar lokale entreprenørar i å danne alternativ. Det er kafé- og restaurantkjedene som til slutt avgjer kva vi alle samen skal ete og drikke. Men ifølge ekspert på byutvikling, Erling Dokk Holm, ville ikkje den «gamaldagse» varehandelen ha overlevd utan kjedene.

– Kjedene bidrar til aktivitet som er gunstig for dei lokale føretaka i sentrumskjernen. Kjededanning er ein rasjonell måte å organisere seg på som svar på ein konkurransesituasjon, seier han.

Forfall i sentrum

Ifølge Holm er det heller ikkje noko som tilseier at kjedene vil hindre lokale etableringar. Kafékjedene kan bety nytt liv i sentrum for ei lita bygd. I tillegg bidrar kjedene til betre økonomi for grunneigarane, noko som gir betre vedlikehald av bygningane.

– Sentrum forfell mange stader på grunn av kjøpesenterbygging utanfor byane. Dette er eit dobbeltsidig problem: Eg synest ikkje det er estetisk fint med kjededominans i byane, men problemet er heller at det blir investert for lite i sentrum, seier Holm.

– Vil ikkje alle byar til slutt sjå like ut, anten det er Moskva, Madrid eller Bergen?

– Dette er eit globalt og kapitalistisk system som ein kan vere for eller imot. Slik er det. Men mangfald hadde ikkje eksistert utan handel i sentrum generelt. Fargegata i Stavanger funkar fordi byen elles har kjedebutikkar. Kafékjedene kan selje billeg. Og eigarar vil alltid forsøke å danne ei kjede om bedrifta gjer det godt.

Kulturelt særpreg

Camilla Moneta fryktar på si side ikkje like byar, men ho trur mykje av den kulturelle ulikskapen likevel kan bli viska ut på sikt.

– Vi må vere på vakt mot det som øydelegg det kulturelle særpreget, og dei lokale næringsinitiativa. Dessutan har eg ikkje tru på satsinga på kjøpesenter fulle av Starbucks og McDonald’s. Noko av det som er viktig for levande byar og tettstader, er mangfald og sosial deltaking i nærmiljøet. I tillegg må vi bli meir medvitne på vern av historiske og kulturelle verdiar, seier ho.

Kjedene er kome for å bli. Spørsmålet er kva slags kjeder vi vil ha i byane våre. Mens somme er sympatiske og opptekne av kvalitet og nærmiljø, er andre først og fremst kapitalistiske. Å skape ein god balanse blir ein sentral del av byplanlegginga framover.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Noko av det som er viktig for

levande byar og tettstader, er

mangfald og sosial deltaking i

nærmiljøet.

Camilla Moneta, fagsjef i NAL

– Eg synest ikkje det er estetisk

fint med kjededominans, men

problemet er heller at det blir

investert for lite i sentrum.

Erling Dokk Holm, ekspert på
byutvikling

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis