JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Meir pengar til rike pensjonistar

Regjeringa har laga ei ny privat pensjonsordning. Ho vil gjera dei rike endå rikare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I framtida vil rike pensjonistar verta enda rikare og få råd til endå fleire makronar og endå fleire minkkåper.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

10993
20171110

Bakgrunn

Frå 1. november av har vi fått ei ny privat pensjonsordning.

No kan ein spara inntil 40.000 kroner i året til privat pensjon.

Ordninga gjev eit skattefrådrag på 9600 kroner i året.

Sparer du i 45 år, kan du få 3,3 millionar i ekstra pensjon.

PENSJON

jon@dagogtid.no

Av og til kan ein synest synd på dei øvre mellomlaga, særleg når dei skal betala skatt. Tek vi med arbeidsgjevaravgift og reknar det som skatt på løn, og det skal vi, sidan arbeidsgjevar tek desse pengane frå løna di, er marginalskatten på lønsinntekt 53,3 prosent. Men éi gruppe slepp unna med mykje lægre skatt, nemleg dei som ikkje lenger arbeider, pensjonistane, som har ein marginalskatt på 43,6 prosent. Dette opnar for skatteplanlegging: Flytt lønsinntekta di frå den tida du er lønsmottakar til den tida du er pensjonist. Få arbeidsgjevar til å spara meir til pensjon og/eller gjer det sjølv, slik får du samla lægre livsskatt.

No har regjeringa, til stor intern motstand frå byråkratane i Finansdepartementet, gjort det endå meir lønsamt å flytta inntekt frå lønsarbeid til pensjon. Dei har innført ei ordning dei kallar Individuell pensjonssparing, eller IPS. Dei som har pengar til overs – les: dei med god løn og høg likviditet – kan no spara inntil 40.000 kroner i året til pensjon, og det kan dei gjera med 24 prosent skattefrådrag, altså 9600 kroner. Når du så vert pensjonist, får du heller ikkje den normale skatteraten som altså kan vera opp til 43,6 prosent, du skal berre betala 24 prosent på dei pengane du sjølv har spart opp.

Og med det får norske pensjonistar som har hatt høg løn gjennom livet, endå høgre levestandard. Norske pensjonistar er elles den gruppa som har høgst formue. Mellom anna har dei i gjennomsnitt nær 1 million ståande på bankkonto til kvar tid.

Dei fattige betaler

Kven er det så som betaler for at vi no kan spara inntil 40.000 med skattefrådrag kvart år? Alle dei som ikkje kjem til å nytta seg av ordninga, altså dei utan innsikt i økonomi og dei som har så låge inntekter at dei i alle høve ikkje har råd til å spara til eigen pensjon. Verst er dette for alle som ikkje har arbeid i sektorar der ein har avtalefesta pensjon (AFP), som kan gje inntil 70.000 ekstra i pensjon kvart år. Det er som regel dei med lægst løn, dei som frå før var med på å subsidiera AFP, som no også må vera med på å subsidiera IPS, utan å få høve til å nytta godt av nokon av ordningane.

Vi har hatt slike ordningar før. Dei har etter tur vorte gjort så ugunstige av Finansdepartementet (FIN) at dei i praksis har døydd ut. Det er tre grunnar til at byråkratiet i FIN er mot individuell pensjonssparing med skattefrådrag: Alle former for skattefrådrag reduserer provenyet, altså inntektene til staten, og det er sjølvsagt FIN mot. Men den største kostnadene for staten er det reduserte arbeidstilbodet høg pensjonsinntekt fører til. Di meir pengar du kan få i pensjon, di tidlegare går du av og di mindre lønsarbeid tek du på deg som pensjonist. At nordmenn tek seg stadig meir fri, er ved sida av innvandring og eldrebylgja det største trugsmålet den norske velferdsstaten står andsynes. Den tredje grunnen er at FIN meiner slike ordningar er rein sponsing av finansnæringa.

Få snopet ditt!

Og ja, slike ordningar har tradisjonelt vore å stela godteri frå ungar. Den førre IPS-ordninga var talande. Med denne ordninga kunne du spara inntil 15.000 kroner i året med skattefrådrag, men pengane du sparte, fekk marginalskatt når du vart pensjonist, og ordninga var difor ikkje særleg gunstig. Ordninga eksisterte i ei tid då det var høgre inflasjon og høgre rente enn i dag.

Her er eit døme på kvifor ordninga var upopulær, henta frå eit ti år gamalt Dag og Tid: Om du sparte 15.000 i året i 30 år i den gamle ordninga og fekk 9 prosent i avkasting per år, ville du sitja att med 2.142.176 kroner før skatt og inflasjon. Som Albert Einstein sa det: «Den sterkaste effekten i verda er rentesrenteeffekten.» (Ja, han sa faktisk det.)

Problemet er berre at du ikkje fekk denne summen – Storebrand og Vital (no DNB) opererte ikkje gratis. Laga var fleire. Fyrst skulle dei i gjennomsnitt ha 1,5 prosent per år for å administrera ordningane, så kom dei vanlege forvaltingshonorara i dei underliggjande fonda og litt til. Gjennomsnittleg pris for å spara i aksjefond i Noreg var i 2007 1,4 prosent i året. Med andre ord: For mange vil den årlege kostnaden ved å spara i Storebrand PA og Vital Master Fund verta om lag 3 prosent, men her seier vi at kostnaden vart 2,5 prosent. Då er det berre å rekna: 9 prosent minus 2,5 prosent og 15.000 kroner i tretti år gjev ein sluttsum på 1.340.801 kroner. De las rett: Storebrand og Vital ville truleg taka nær 800.000 av avkastinga av det ein eventuelt investerte i pensjonssparing.

KLP endrar alt

Men sidan den gong har konkurransen om sparepengane vorte mykje hardare. Ei av årsakene til det er at KLP har entra den private sparemarknaden. Dei byrja for nokre år sidan å tilby noko som heiter indeksfond. Dette er fond som investerer i ein heil aksjeindeks. Det vil seia at dei kjøper aksjar frå alle eller dei største selskapa som er noterte på ein eller fleire børsar. Om til dømes Statoil har ein verdi på 20 prosent av Oslo børs, ja, så nytter KLP AksjeNoreg Indeks 20 prosent av det du investerer i fondet. på Statoil. Og best av alt, dette skjer automatisk. Dimed vert kostnadene særs låge av di ein ikkje treng å løna ein haug med aksjeanalytikarar for å gjera arbeidet.

Over tid slår elles indeksfond stort sett alt som er av såkalla dyre og aktive fond. Indeksfond gjev berre den avkastinga som marknaden gjev i gjennomsnitt. Aktive fond tapar av di dei både tek høge gebyr og av di halvparten av fonda i alle høve gjev ei lægre avkasting enn marknaden sidan berre halvparten til kvar tid kan slå gjennomsnittet. Men som vi alle veit frå statistikken, over tid hamnar vi alle på gjennomsnitt. Og når gebyra kjem i tillegg, er indeksfond det klart beste, som er ei rekkje nobelprisvinnarar i økonomi har synt.

Lureri?

KLP tilbyr no også IPS, og for det skal dei ha 0,4 prosent av inneståande i gebyr. Det er lågt, så lågt at Storebrand om du vel det norske indeksfondet deira, berre skal ha 0,2 prosent i gebyr i året. Når det er sagt: Storebrand vil ikkje at du skal velja den billigaste løysinga. Det mest lure om du skal spara lenge, er å setja alt i aksjar. Om du vil gjera det, tilrår Storebrand «Ekstra offensiv pensjon». Og kva er det? «Fondet investerer utelukkende i aksjer og fordeler midlene på en bred internasjonal aksjeportefølje. Dette sikrer at risikoen er fordelt på flere markeder, og forvaltningen er knyttet opp mot markedsindeksenes sammensetning», skriv Storebrand på heimesida si. Som vi ser, er dette altså eit indeksfond med eit finare namn. Og for dette tilbodet tek Storebrand 1,2 prosent i gebyr. Men Storebrand tilbyr også eit reint globalt indeksfond, og der er kostnaden berre 0,3 prosent.

Då kan vi rekna litt. Lat oss seia at du vel tilbodet Ekstra Offensiv Pensjon og får 6 prosent i avkasting per år, at inflasjonen er 2 prosent og at du sparer 40.000 i året i 30 år. Ei realavkasting på 4 prosent på aksjar er elles det Oljefondet er basert på. Når du går av som pensjonist etter 30 år, sit du med ein sum på 1.801.883 kroner i dagens pengar etter inflasjon, eller vel 1,8 millionar. Summen vert reelt sett større, sidan pensjonen vert fordelt over mange år og summen som til kvar tid står inne, vil forrenta seg.

Men kva skjer om du må betala 1,2 prosent i gebyr? Då går summen ned til 1.454.205 kroner. Storebrand tek med andre ord 350.000 av det du har spart. Om du derimot vel norsk indeks til 0,2 prosent og får same avkastinga, forsvinn berre 64.000. Og vel du Global Indeks, som i røynda er det same som Ekstra Offensiv Pensjon, forsvinn berre 95.000. Ved å fylgja råda som pensjonsrådgjevarane i Storebrand gjev, tener altså Storebrand ein stad mellom 250.000 og 300.000 kroner. Men i alle høve er den nye IPS-ordninga mykje billigare enn den førre, og skattefordelen er i tillegg klart betre.

Gå til far og mor

Så korleis bør ein gjera dette? Lat oss seia at du har foreldre med god økonomi, og dei anten er pensjonistar eller nærmar seg pensjonsalderen. Du er 25 år og skal inn i bustadmarknaden og har nett byrja å arbeida etter å ha teke utdaning. Sjølv om du alt i den fyrste jobben tener godt, vil du likevel nytta pengane foreldra dine har spart opp i BSU for deg pluss det meste av inntekta til bustad. Du veit at det er lurt å spara i bustad sidan du får rentefrådrag, i tillegg til at det ikkje er kapitalskatt på primærbustad. Du går til foreldra dine og bed dei om å få 3333 kroner i månaden til IPS. Dei lever lenge og held denne sparinga gåande i fleire tiår.

Kvart år får du skattefrådraget som du nyttar til bustadsparing. Sparepengane til foreldra dine vert altså nytta til å skaffa deg skattefrådrag som du igjen kan nytta til å få skattefrådrag på bustadlån. Forskot på arv har aldri vore meir lønsamt. Du sparer i 45 år og går av når du er 70. Sparer du i global indeks, sit du att med 3,3 millionar. Du har born, og du gjer det same for borna dine som foreldra dine gjorde for deg. Og best av alt: Pensjonspengar har ikkje formuesskatt.

IPS er dimed ei glitrande ordning for dei som har pengar frå før og vil auka formuen. Kva skjer om du har mange pensjonspengar og døyr før du har fått nytta alt? Då arvar borna dine desse pengane. Dei betaler ikkje arveavgift på pengane, men får normal kapitalskatt på 24 prosent når dei tek dei ut. IPS kan dimed føra til nokså store formuar.

Sponsing av dei rike

Men når ordninga er så god for dei som tener godt og alt har pengar frå før, kvifor innfører regjeringa så ordninga? I Noreg får du berre pensjonspoeng for inntekter inntil seks gonger grunnbeløpet i folketrygda, altså 562.000. Dei som tener mellom denne summen og 910.000, betaler 11,52 prosent ekstra i skatt. Dei som tener meir enn 910.000, betaler 14,52 prosent meir for løn over den summen. Men denne ekstra skattesatsen gjev altså null pensjonspoeng. Dimed får dei som tener mest, relativt minst i pensjon frå folketrygda. IPS er skapt for denne gruppa, og regjeringa seier ordninga skaper større rettferd.

Men det er òg denne gruppa som har størst skatteevne og som utgjer berebjelken i velferdsstaten. Det er òg denne gruppa som kan taka opp størst lån og nyt best av det gunstige skatteregimet for bustad. Men vi veit kva det står i Bibelen: « For den som hev, han skal få, so han hev nøgdi.»

Kjem så ei eventuell raudgrøn regjering til å avvikla ordninga? Sei det. Det vert berre fleire og fleire pensjonistar her til lands. Denne mest mektige veljargruppa har få våga å leggja seg ut med. Gifter 25-åringen seg med ein person som har rike foreldre, kan paret til saman få 6,6 millionar i pensjonsformue når dei går av. Det er pengar, det òg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vi veit kva det står i Bibelen: «For den som hev, han skal få, so han hev nøgdi.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis