Vedtak utan basis i forskinga
Stortinget har vedteke ei ny lærarnorm. Dimed må vi skaffa oss langt fleire lærarar. Kva reforma skal bøta på, er uklårt.
«Hode, skulder, kne og tå…»: Skulen vert det visst aldri semje om. Her legg Erna Solberg og Torbjørn Røe Isaksen fram Høgres skuleprogram på St. Sunniva skole i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen
Bakgrunn
I dag har vi ikkje ei statleg lærarnorm i grunnskulen.
Dei to neste år skal det i småskulen verta maksimalt 15 elevar per klasse.
Frå 5. til 10. skal klassene verta på maksimalt 20 elevar.

Skulen
jon@dagogtid.no
I Noreg er vi stolte av det såkalla trepartisamarbeidet: Vi får visstnok både ein koordinert lønspolitikk, ein koordinert reformpolitikk og – når krisa vert stor nok – ein koordinert finanspolitikk. LOs konkurranseutsette fløy skal syta for at lønskrava ikkje vert for høge, NHO er til for arbeidsfreden og for å klaga over for høge offentlege utgifter, og staten skal halda ei roande hand over det heile.
Men skal samarbeidet fungera, lyt staten vera den sterkaste parten. Det er Finansdepartementet som har den fulle oversikta, og det er staten som representerer klart flest og difor har den demokratiske legitimiteten. Etter at vi fekk Oljefondet og kom over den store bankkrisa i 1990-åra, er det ein del som kan tyda på at samarbeidet ikkje har fungert så godt.
Stadig fleire har vorte tilsette i offentleg sektor. Den konkurranseutsette delen av næringslivet har vorte mindre, og dimed svekt også innanfor LO. NHO har – i takt med at storleiken på Oljefondet har gått opp – vorte stadig ivrigare etter å få subsidiar frå staten, som AFP, billig kraft eller rause sjukmeldingspengar.
Jens og Kåre klaga
Men det er òg ein del som kan tyda på at staten har vorte mykje svekt. Jens Stoltenberg klaga i sjølvbiografien sin over at Norsk Industri, Fellesforbundet, miljørørsla og Senterpartiet gjekk saman om grøne sertifikat og hevda at subsidiar var klimavenlege. Men mykje av klaginga hans handla òg om at det var nær umogleg å halda att på utgiftsveksten i kommunal sektor, som produserer dei daglege velferdsgoda som mange av oss har vorte avhengige av. Det var fort mykje helsing heim att til ulike interessegrupper, meinte Jens. Før hadde nok både Konrad Nordahl og Lars Skytøen, til dømes, klaga stygt om eit LO-forbund hadde kome med krav om at det skulle vera éin tilsett vaksen per tre barn i barnehagane, men sånn har det altså vorte.
Kåre Willoch på si side hevda, gong etter gong, at leiinga i offentlege fagforbund alltid hadde ulike interesser frå medlemane. Dei på golvet ville ha høgre løn, dei i toppen ville alltid ha fleire medlemar. Berre lækjarforeininga, sa han, hadde vit nok til å sjå at om dei var få medlemar, kunne dei få høgre løn. Ei foreining Willoch i sine mange biografiar meinte hadde eit verkeleg stort gap mellom leiing og medlemar, var lærarlaga, som etter kvart vart fusjonert til eitt forbund, Utdanningsforbundet, som er dominert av lærarar som har gått lærarskule, det gamle Lærarlaget.
Om Willoch har rett i påstandane sine, vann leiarinteressene i haust ein av sine store sigrar: Noreg skal få mange fleire lærarar i barneskulen, og dimed får Utdanningsforbundet endå fleire medlemar. I dag seier Utdanningsforbundet at dei har 170.000 medlemar, ved fusjonen i 2002 hadde Lærarlaget 90.000 medlemar. I framtida kan vi trygt rekna med at det vert langt fleire.
Ny lærarnorm
Stortinget har i haust, etter framlegg frå KrF utanfor dei tradisjonelle tariffoppgjera, vedteke ei lærarnorm for grunnskulen. Norma vil, om vi ser på dei økonomiske tyngdelovene og ei stor mengd forsking både nasjonalt og internasjonalt, føra til lægre løn for lærarane og truleg dårlegare skuleresultat i takt med at prestisjen til læraryrket går endå meir ned. At tiltaket skal føra til betre lærings- og skuleresultat, bør få – om nokon – gjera seg von om.
I alle høve er vedtaket dette: Frå hausten 2018 skal det vera maksimalt 16 elevar i kvar klasse frå 1. til 4. klasse og maksimalt 21 elevar i 5. til 7. Frå hausten 2019 er intensjonen at vi skal vidare ned til høvesvis 15 og 20. I ungdomsskulen skal ein også ned til ein maksimal storleik på 20 frå hausten 2019 av.
«Betydelig flere lærere»
Om ein berre ser på gjennomsnitt, treng ikkje ei lærarnorma i småskulen vera så problematisk. På 1. til 4. steg er gjennomsnittsstorleiken per klasse 15,3 elevar, seier Utdanningsdirektoratet (Udir). Problemet er at vi ikkje kan tenkja gjennomsnitt om norsk skule, særleg ikkje barneskulen. I dag er det kommunane sjølve som avgjer kor mange dei vil ha i kvar klasse. I Oslo set dei ei grense ved 30 elevar, og på landsbasis går ein tredjedel av elevane i småskulen i klasser på 20 elevar eller meir. Men det er òg ein god del som går i klasser som har mellom fem og ti elevar. Difor gjev gjennomsnittstal eit misvisande bilete.
Kor mange nye lærarar treng vi så for å få til norma? Det er det i grunnen ingen som veit, sidan mange lærarar vel å gå i deltidsstilling. Kunnskapsdepartementet budsjetter med rundt 3000 nye årsverk til neste år. Utdanningsdirektoratet seier det berre slik: «Lærernormen vil kreve ansettelse av betydelig flere lærere i grunnskolen.» Men her strekker direktoratet på omgrepet «lærer», for skal du være lærar etter definisjonen skulane nyttar når dei gjev tilbod om varig tilsetjing, må du har fullført lærarskulen eller teke eitt år med etterutdaning i pedagogikk på toppen av ein bachelor- eller mastergrad.
Alt i dag slit skulen med å få tak i nok lærarar. 5,6 prosent manglar i dag godkjend utdaning og langt fleire underviser i fag dei sjølve ikkje har utdaning i, altså er det mange som har praktisk-pedagogisk utdaning, men som ikkje stettar kompetansekravet. 31 prosent av matematikklærarane i grunnskulen, til dømes, har ikkje utdaninga regelverket krev dei skal ha. Alt i dag vantar den norske skulen nær 30.000 kompetente lærarar. Med den nye lærarnorma KrF har fått gjennom, går talet rett opp.
KrF liker Oslo
At det nett er distriktspartiet KrF som står attom vedtaket, er kan henda litt underleg. KrF står særs svakt i Oslo og fekk berre 2,1 prosent røyster ved stortingsvalet, men det er altså Oslo som no må tilsetja ein bråte nye lærarar og dimed får den klart største auken i overføring av pengar over statsbudsjettet. Skal Oslo, som tradisjonelt har hatt svært høg dekning av fagkompetente lærarar og dimed gode skuleresultat, halda fram med dette, har kommunen ikkje noko anna val enn å henta lærarar frå distrikta.
Fylket som har mest distrikt i Noreg, er Finnmark, som har dei dårlegaste skuleresultata. Det er vanskeleg å sjå føre seg anna enn at stortingsvedtaket, som undervisingminister Torbjørn Røe Isaksen har peika på, vil føra til ei overføring av faglærde lærarar frå kommunar med dårlege skuleresultat til kommunar med gode resultat.
Men det finst diverre ikkje ein samanheng mellom klassestorleik og læringsutbyte og skuleresultat. Som nemnt har Oslo-skulen alt nokre av dei beste skuleresultata i Noreg, og det med dei største klassene. Men det er ikkje ein dokumentasjon i seg sjølv. Korrelasjon treng ikkje vera kausalitet, som det heiter i metodelæra; samanhengar er ofte spuriøse.
SSB veit best
Her kjem Statistisk sentralbyrå (SSB) inn. Noreg har nokre av verdas beste registerdata, som det heiter. Vi vert alle utstyrte med personnummer ved fødselen, og personnummeret fylgjer oss i all kontakt vi har med offentlege etatar, og i mange private samanhengar òg. I vår kom SSB-forskarane Edwin Leuven og Sturla A. Løken med den fyrste studien av «alt». Dei såg på elevar som fullførte ungdomsskulen mellom 1978 og 2008, og som sjølvsagt gjekk i vidt ulike klasser, store og små. Så såg dei på yrkeskarriere og inntekt. Var det slik at store klasser hadde ulemper samanlikna med små?
SSB skreiv dette: «Leuven og Løkken finner ingen effekt av klassestørrelse, og er i stand til å utelukke selv veldig små fordelaktige effekter. Disse funnene ser ikke ut til å påvirkes av hverken foreldrebakgrunn, skole eller kommunekjennetegn. Forskerne konkluderer derfor med at det ikke er noen positive langtidseffekter av å bli plassert i små klasser i grunnskolen.»
SSB har òg sett på kva som skjedde då Stortinget oppheva dei statlege maksgrensene for klassestorleik for skuleåret 2002, noko som igjen førte til større klasser, og fann ingen positiv effekt. Dei har sett på kva som skjedde då regjeringa i 2012 gav 1,2 milliardar ekstra til fleire lærarar i ungdomsskulen, og skriv: «Satsingen førte til mindre grupper i ordinær undervisning, men vi finner ingen tegn til at elevenes læringsutbytte økte.» Funna er kan henda å sparka inn opne dører, sidan dei samsvarer med ei rekkje internasjonale funn, men sidan Noreg har dei beste registerdataa, gjer SSB funna meir robuste.
Utan forsking
Trepartssamarbeidet har tradisjonelt vore basert på forsking. Dei tre partane har gjerne slått kvarandre i hovudet med rapportar og funn. Men det er sjeldan at tiltak vert gjennomførte utan at nokon av partane har forsking som støttar ynska deira.
Alle ynskjer naturleg nok ein betre skule og dyktige elevar.
Ei rekkje granskingar viser at vaksne norske arbeidstakarar har vore mellom verdas beste lesarar. Få vil nekta for at dette har hatt store og positive effektar på det norske samfunnet. Endå færre vil vel seia at det var ei ulempe at nær halvparten av gutane frå landsgymnasa ein lang periode i etterkrigstida enda opp som sivilingeniørar frå NTH.
Så kva gjev ein god skule? Det er vanskeleg å seia mykje sikkert om dette, men om vi ser på PISA, er det to ting som ser ut til å ha ein særs positiv effekt: statusen læraren har i samfunnet og sjølvrespekten læraren har. Korleis ein får til dette, varierer frå land til land. Men løn er ein sentral komponent både for status ute i samfunnet og for sjølvrespekten. Då er vi attende ved Kåre Willoch: Sjølv om Noreg er særs rikt, og rikdomen vår særleg har auka etter at vi fann olje for femti år sidan, har ikkje løna til lærarane og særleg lektorane halde fylgje med såkalla grupper ein såkalla kan samanlikna seg med. Lektorar er til dømes ikkje i nærleiken av tena så godt som sivilingeniørar, advokatar og lækjarar, noko dei gjorde før 1970-åra, då den store lærarauken kom. I takt med at lærarane har vorte fleire og dimed nær automatisk har fått lægre løn, sidan det har vorte mange fleire å løne, har òg prestisjen og – for den del – fridomen i yrket falle.
vanskeleg kognisjon
I 2012 publiserte forskarane Jarle Møen, Kjell G. Salvanes og Helge Sandvig Thoresen ein artikkel i forskingstidsskriftet Magma med tittelen «Har kvaliteten på lærere falt over tid?» – igjen på basis av at Noreg har gode registerdata og nokre av dei lengste tidsseriane for IQ-testar. Forskarane såg på dei som byrja på ei eller anna form for lærarutdaning rundt 1970 og fram til våre dagar. Vidare har dei samanlikna dei med dei som vart advokatar og lækjarar. IQ for både dei som tok lærarutdaning og dei som tok lektorutdaning, har falle til dels sterkt.
Forskarane dreg fram løn som ei av hovudårsakene til den triste utviklinga. Tradisjonelt tente lektorar dobbelt så mykje som ein industriarbeidar; no tener dei vel 20 prosent betre. Dessutan er det noko særmerkt med løna til lærarar; det er ingen samanheng mellom kognitive evner og løn. Om vi deler inn kognitive evner frå 1 til 9, er det i den høgt utdanna ålmenta ein skilnad i årsløn på vel 100.000 mellom dei med 4 og dei med 9. Mellom lærarar finn ein altså ikkje noko slikt. Flink eller uflink, det tyder ikkje noko.
Prestisjen vil kanskje endra seg når karakterkravet er vorte 4 i både norsk og i matematikk. Men for nokre år sidan ville Høgskulen i Volda tilby deltidsutdaning for personar som arbeidde som lærarar i skulen, men ikkje var kvalifiserte. Dei fekk ein god del søkjarar, men det vart ikkje noko av det nye studiet. Det var altfor få av søkjarane som stetta det dåverande kravet om 3 i matematikk og norsk.
Vi får trøysta oss med at lærarnorma heilt sikkert vert populær i Oslo vest, som i dag har landets største klasser.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Forskarane dreg fram løn som ei av hovudår-sakene til den triste utviklinga.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.