JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei nordnorsk hjartesak

Bodø skal få eit nytt hjarteinfarktsenter. Pasientane skal takast frå Tromsø. No ligg dei to byane i open konflikt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ved Norlandsykehuset i Bodø skal ein no få eit nytta senter for behandling av hjarteinfarkt. Det liker dei ikkje i Tromsø.

Foto: Tommy Angelsen / NTB scanpix

8296
20171229

Bakgrunn

Nord-Noreg har i dag berre eitt senter for akuttutblokking etter hjarteinfarkt. Det ligg i Tromsø.

No har styret i Helse Nord vedteke at også Bodø skal få eit slikt senter.

Men folk i Nord-Noreg ligg alt no i verdstoppen i overleving etter hjarteinfarkt.

Helse

jon@dagogtid.no

Fordomar, sa Edmund Burke, er ikkje-stadfesta sanningar. Kva tenkjer du på når du tenkjer hjarteinfarkt? Truleg ein rullingsrøykande, kokekaffidrikkande og transfeittetande fiskar frå Lofoten. Fordomen var sann før, nordlendingane døydde oftast av hjarteinfarkt i Noreg. Slik er det ikkje lenger. Men trass i nedgangen og dramatisk betre læking etter infarkt vedtok styret i Helse Nord, som held til i Bodø, den 13. desember at Bodø skal få eit eige PCI-senter. PCI står for Perkutan koronar intervensjon, det vi på folkemunne kallar utblokking.

Vedtaket har sett sinna i kok i Nord-Noreg. Eit slikt senter er nemleg dyrt og må føra til kostnadskutt andre stadar i helsesystemet, i tillegg er det slik at universitetssjukehuset i Tromsø som andre universitetssjukehus er avhengig av eit størst mogleg pasientgrunnlag for å halda kvaliteten oppe. For som vi alle veit: Skal ein gjera godt arbeid, er ein avhengig av å kunne øva. Men no skal altså Nord-Noreg gå frå eitt PCI-senter i Tromsø til to PCI-senter, eitt i Tromsø og eitt i Bodø.

Opplevd tryggleik

Kva er så grunngjevinga frå administrasjonen i Helse Nord og styret? Jau, noko dei kallar «opplevd trygghet» for folkesetnaden i Nordland. Ikkje røynleg tryggleik altså, men opplevd tryggleik. Kva er det til dømes folket i Bodø-regionen som går gjennom hjarteinfarkt opplever etter sjukdomen? I Noreg har vi mange register, mellom anna har vi eit hjarteinfarktregister. Det syner at folk i Bodø-regionen ligg heilt i landstoppen i overleving i dei 30 kritiske dagane etter eit hjarteinfarkt, og det utan at sjukehuset i Bodø har hatt eit PCI-senter.

Ein kan faktisk stilla spørsmål ved om Nord-Noreg i det heile treng eit PCI-senter i den forstand at det finst alternativ akuttbehandling for såkalla STEMI-hjarteinfarkt. Hovudgrunnen til at Tromsø i dag har eit slikt senter, er medisinutdaninga ved Universitet i Tromsø. Akutt utblokking av kransårene i hjartet kan berre skje om pasienten kan leggjast på operasjonsbordet éin til to timar etter eit STEMI-infarkt. Difor er det i dag berre aktuelt med slik akuttutblokking for dei som bur i og utanfor Tromsø.

Ikkje eit problem

Men det er ikkje eit stort problem, fortel fem nordnorske kommuneoverlækjarar, inkludert Olav Gunnar Ballo, i eit lesarinnlegg i Nordlys. Alternativet til akuttutblokking er noko som vert kalla prehospital trombolyse, som på folkemunne vert kalla «plumbobehandling», altså blodproppoppløysing. Plumbobehandlinga er tilgjengeleg over alt i Nord-Noreg, og langtidseffekten er like gode både ved akuttutblokking og plumbo.

Når så plumboen er gjennomført etter eit STEMI-infarkt, vert pasientane i Nord-Noreg i dag frakta til Tromsø for vidare PCI-behandling. I Tromsø tek dei så røntgenbilete av krans-arterien etterfylgt av naudsynt tilleggsutblokking. Som dei fem overlækjarane skriv: «Det spiller liten rolle for hjerteinfarktets størrelse om en pasient med hjerteinfarkt fra Helgeland flys til Bodø eller til Tromsø for sekundær PCI når prehospital trombolyse er gitt.»

Folk i Nord-Noreg ligg i dag både nasjonalt og internasjonalt på topp i overleving etter akutt hjarteinfarkt, same kva kommune du høyrer heime i. PCI-senteret i Tromsø har med andre ord hatt eit stort nok pasientgrunnlag til at dei har kunne spesialisera seg tilstrekkjeleg. «En oppsplitting og svekkelse av det solide hjertemedisinske behandlingstilbudet på UNN-Tromsø vil ramme alle hjertepasienter i Nord-Norge som helhet, også de som bor i Nordland,» skriv dei fem.

Mads Gilbert

Det dei fem kommuneoverlækjarane seier, er på ingen måte unikt i saka. Det har kome inn ei mengd høyringssvar i saka, og det dei fleste har til felles, er at dei åtvarar styret i Helse Nord om å splitta opp eit sterkt og stort fagmiljø i Tromsø. Klinikkoverlækjar Mads Gilbert og avdelingsoverlækjar Frode Sørensen ved Universitetssjukehuset i Tromsø skriv at ja, hjarteinfarktfrekvensen mellom nordlendingar med unnatak av Tromsø er høg, men ein ny desentralisert behandlingsmodell har ført til at mortaliteten «ved akutt STEMI er redusert med 50 prosent» mellom år 2000 og 2011.

Dei seier vidare at dei kan få ned mortaliteten gjennom ei vidare spesialisering og betra luftambulansetilbod. Og til NRK sa Gilbert fylgjande: «Vi ber alle styremedlemmene i Helse Nord om å stemme imot forslaget fra Lars Vorland (direktøren for Helse Nord, red. merk.). Blir forslaget vedtatt, vil det svekke og ikke styrke det samlede tilbudet til hjertepasientene i Nord-Norge.»

Kvifor kom likevel vedtaket om å splitta opp miljøet i Tromsø i to delar? Det spekulerer Kjell Arne Røvik, professor i statsvitskap, på i eit anna lesarinnlegg i Nordlys. Røvik er professor ved Universitetet i Tromsø, som no helst vil verta kalla Norges arktiske universitet. Han viser til at det knapt finst medisinskfaglege grunnar til ei oppsplitting og landar på at det heile handlar om politikk.

Den gruppa i Nord-Noreg som har størst grunn til å klaga, seier han, er dei som bur i Finnmark. Ved Kirkenes sjukhus er det berre éin spesialist i hjartemedisin, og i Hammerfest er det ingen. Men ingen i Finnmark har bede om å få eit PCI-senter, og heller ikkje har styret i Helse Nord planar om å innføra noko slikt der. Og det sjølv om finnmarkingane har god grunn til både «opplevd» og røynleg «utrygghet.»

Liten lekkasje

Eitt av argumenta frå administrasjonen i Helse Nord i Bodø er at dei vil stogga lekkasjen av PCI-pasientar til Sør-Noreg. Distansen frå særleg Helgeland til Tromsø vert for stor. Men i 2016 vart det til saman utført 1492 PCI-ar på pasientar frå dei tre fylka i Nord-Noreg. Berre 131 av desse behandlingane skjedde utanfor Nord-Noreg. Avstand ser ikkje ut til å ha vore avgjerande, for brorparten av desse 131 vart uførde på Feiring-klinikken og var planlagde sidan Feiring-klinikken ikkje har akuttbehandling. Og Feiring-klinikken ligg lenger vekke frå Helgeland enn kva Universitetssjukehuset i Nord-Noreg gjer.

Økonomien i prosjektet er også nokså dårleg utgreidd, hevdar Røvik. Administrasjonen meiner det kjem til å kosta 14 millionar å ha eit dagtilbod i Bodø, og eit døgntilbod vil koma på 20 millionar i året. Førebels er det berre planar om eit dagtilbod. Men berre eit dagtilbod er nesten meiningslaust, seier ei ekspertgruppe som har sett på saka, sidan hjarteinfarkt ikkje fylgjer vanleg arbeidstid. «Det foretas for eksempel ingen kost-nytte-analyse av tiltaket», skriv Røvik. «Ingen trenger tvile på at etablering av et dagtilbud i Bodø i løpet av få år er omgjort til et døgntilbud.»

Nesten alle frå Bodø

Røvik spekulerer òg i om det er slik at leiinga i Helse Nordland er skeivrekruttert, og at den sterke Bodø-dominansen gjer at vedtaket vart trumfa gjennom: «Det finnes knapt ledere i Helse Nord i Bodø som er rekruttert fra andre sykehus i landsdelen.» Det ein i alle høve kan slå fast, er at sjukehustilbodet i Nord-Noreg no vert sterkt endra. Mannen bak det heile, direktøren i Helse Nord, Lars Vorland, seier likevel fylgjande: «Jeg er tydelig på at UNNs universitetssykehusfunksjon ikke skal svekkes. Jeg er også tydelig på at ved en eventuell etablering av et PCI-tilbud ved Nordlandssykehuset, skal ikke UNN bygges ned.» Om dette vert faktum, må det tyda at andre tilbod må byggjast ned sidan rekninga må verta dekt ein eller annan stad.

Nordlys har på si side no fremja framlegg om å flytta heile administrasjonen til Helse Nord frå Bodø til Finnmark slik at dei kan få andre perspektiv. Marianne Telle, som er styreleiar for Helse Nord, har på si side bede folket i Tromsø om å vera meir rause med resten av landsdelen. Den utsegna har ikkje nett hjelpt på stemninga i Tromsø. Men vi kan i alle høve slå fast at folk i nord ikkje er for all desentralisering. Ikkje ein gong Mads Gilbert.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kva er så grunngjevinga både frå administrasjonen i Helse Nord og styret? Jau, noko dei kallar «opplevd trygghet» for folkesetnaden i Nordland.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis