Bot
Eg håpte i det lengste at det gule eg skimta på frontruta, var eit haustlauv. Det var det ikkje. Den knallgule strimla med lita, svart skrift var frå Bymiljøetaten i Oslo kommune. 900 kroner ville dei ha fordi eg hadde parkert nokre centimeter for nært krysset. Eg hadde stega opp om lag fem meter då eg parkerte bilen, og teke sjansen på at det gjekk fint ein søndag ettermiddag på Storo. Det vart ein dyr klesvask. Ærendet var nemleg å låne vaskemaskina til ei veninne.
Heldigvis har eg ingen problem med å bruke pengar, så så sur vart eg ikkje. Å klage på bota fall meg ikkje inn, sjølv om eg i ettertid har sett at ein kan nå fram med det. Parkering mindre enn fem meter frå kryss var den vanlegaste grunnen til parkeringsbot i Oslo for eit par år sidan – og er det truleg enno.
Ein kveld hunden og eg var på veg heim frå jobb, såg eg eit par parkeringsvakter i full aksjon i Pilestredet. Kvifor sjekka dei bilane når det var gratis parkering etter klokka 20? tenkte eg med meg, men ville ikkje leggje meg oppi det, som han sa, mannen, kjerringa hadde skite i senga.
Då vi passerte dei to, heiv den eine seg ned på alle fire for å helse på hunden. Då lét eg ikkje sjansen gå frå meg, og forklarte at eg nyleg hadde fått parkeringsbot på grunn av femmetersregelen.
– Du må rekne frå den kantsteinen der avrundinga byrjar, forklarte parkeringsvakta.
– Kvifor kan de ikkje berre markere femmeteren med ei stripe i vegen, spurde eg, som hadde fundert på å gå til aksjon med sprayboksar på eiga hand.
– Vi kunne godt ha tenkt oss å merke femmeteren, men politiet vil ikkje, påstod parkeringsvakta.
Eg kom ikkje så langt at eg fekk spurt kvifor politiet ikkje vil det. Hadde det vore kommunekassa som drog i handbrekket, ville eg ha forstått det. Men politiet? Eg håper dei kan love bot og betring.
Tiriltunga
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.