Den levande som ikkje var med
Den klassiske sosialdemokraten Odvar Nordli er nok den siste statsministeren i sitt slag.
Odvar Nordli fotografert i samband med lanseringa av ei av bøkene sine.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
hompland@online.no
Det har vore ei triveleg samkome i rikskringkastinga med dei som styrte landet: Den moderleg kontrollerande Gro Harlem Brundtland, den distanserte Jens Stoltenberg, den uheldige Thorbjørn Jagland, den forsonande Kjell Magne Bondevik og den spisse Kåre Willoch som skrytte av at han tidleg såg «utviklingsmuligheter» i den heimekoselege Erna Solberg.
Statsvitaren Hilmar Rommetvedt kommenterte bordplasseringa: «Gro og Kåre måtte naturligvis sitte så langt fra hverandre som mulig. Det samme med Jens og Thorbjørn. Dermed havnet også Erna og Kjell Magne langt fra hverandre, selv om jeg tror de to godt kunne sittet ved siden av hverandre.»
DEI SEKS blei presenterte som «våre siste nålevende statsministre». Det er feil. Den fanatisk moderate og retorisk elegante Jan P. Syse, som var statsminister 1989–1990, døydde rett nok i 1997. Men Odvar Nordli (statsminister 1976–1981) fylte 90 år 3. november. Han heldt seg i ro heime i Mjøstun på Tangen, for han er svekt av alderen og dårleg til beins. Men han blei hylla som ein bauta som alltid har kjempa for at dei med sterkast rygg, skal bera den tyngste børa.
Som avgått statsminister ytra Nordli seg sjeldan om rikspolitiske spørsmål. Men av og til klarte han ikkje å halda seg, som då han meinte at det var ei skam med 70.000 fattige barn i verdas rikaste land. Eller då han på slutten av 1990-åra med ein einaste replikk torpederte Arbeidarpartiets lefling med å la private få ansvar for å driva sjukeheimar: «Je vil itte på anbud!» Det var tale i slekt med hans «medfødte angst for arbeidsledighet».
ODVAR NORDLI er ein klassisk sosialdemokratisk politikar frå folkedjupet. Han er nok den siste statsministeren i sitt slag: Ein gåverik mann frå små kår som tok handelsgym, skreiv lokale revyviser, blei kommunerevisor og gjekk den raude fylkesvegen til Stortinget. Då han blei varaordførar i Stange som 23-åring og ville ha greie på arbeidsoppgåvene, svarte ordføraren: «Dær dæ ær medda, går je; dær dæ bærre ær kaffi, går du.» Då n’Odvar blei regjeringssjef, fekk han denne attesten frå gamleordføraren: «Jo da, dætta går nok bra dæ. Statsminister i Norge dug’n nok tel, men ordfører i Stange vart’n æller.» Sitata stammar sjølvsagt frå den sjølvironiske humoristen sjølv .
DEI GODE hjelpeskrivarane mine har stor godhug for Odvar Nordli. Vertinna minnest han som ein varm og liketil kar med triveleg dialekt og lun humor som kom med underfundige, slåande og spontane replikkar når han fekk rulla ein røyk og tenkt seg om.
Byråsjefen sette størst pris på Nordli som ein jordnær og pragmatisk politisk handverkar i komiteane. Han var heil ved, sette seg grundig inn i alle saker og gløymde aldri dei sosiale og geografiske røtene han kom frå.
«Denne natta glømme je itte», sa Nordli etter stortingsvalet i 1977. Han beheldt fleirtalet då det på morgonkvisten blei funne ein sekk bortgløymde røyster i Nordland.
Dei første regjeringsåra var ei rimeleg lykkeleg tid med den første oljen, men sidan vart det verre – med Alta, Volvo og dobbelvedtak. Odvar var ein omsorgsfull statsminister, men han orka ikkje dei beinharde og personlege maktkampane i bøttekotta i Arbeidarpartiet. Han fekk mange «tryntørker», blei trøytt og var plaga av migrene. Han trekte seg meir eller mindre friviljug, og etter interne manøvrar i Partiet overtok Gro Harlem Brundtland 4. februar 1981.
ETTER AT HAN gjekk av som statsminister, var Nordli fylkesmann i Hedmark, medlem av Nobelkomiteen, styreleiar i Kommunalbanken og Det norske hageselskap. Han skreiv dei vakre bøkene Morgenlandet. Innlandet i ly av fjella og Vi så kornmoglansen. Om drøm og hverdag. Han gav også ut lokale forteljingar og Storting og småting. Minner langs vegen. Best likte han seg med fiskestong i Bittermarka: «Kaffevarme ved et fiskevann, en vårdag langt inne i hedemarksskogene. Her er jeg i nærheten av noe jeg vil kalle lykke». Aldri mistreivst han og kona Marit meir enn då dei blei plasserte på statsministerstas i Villa Stenersen i Tuengen allé.
SPALTISTEN har god nytte av skarpe lesarar som held han i øyra og rettar opp slurvefeil, som i spalta 24. november. To politiske dyr frå Senterpartiet har peika på at Carl I. Hagens stortingsgruppe voks frå null til fire ved stortingsvalet i 1981 – ikkje berre til to. Det er heller ikkje rett at Venstre fall ut av Stortinget det året, men Hans Hammond Rossbach og Mons Espelid var aldri i regjeringsdrøftingar med dei borgarlege partia. I Bondeviks første sentrumsregjering (1997–2000) hadde Venstre seks på Stortinget og fire i regjeringa. Utteljinga var betre i Bondeviks andre regjering (2001–2005): to stortingsrepresentantar og tre statsrådar.
DENNE HELGA skal Trine Skei Grande og hennar samansette flokk på sperregrensas rand avgjera om dei vil sluka framstegskamelar for å få ein flik av regjeringsmakta – utan kristeleg velsigning. Dei minnest kanskje Jan P. Syses formaning: «Vi må henge sammen eller bli hengt hver for oss.»
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Ein liketil kar som kom med
spontane replikkar når han fekk rulla ein røyk og tenkt seg om.»
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.