Det er av sine eigne ein skal ha det
Jens Stoltenberg er ikkje Noregs general i Nato; han er Natos sekretær i Noreg.
Generalsekretær i Nato Jens Stoltenberg og president i USA Donald Trump då dei møttest i Brussel i mai i år.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB scanpix
hompland@online.no
Med full ryggdekning frå norske styresmakter har me «ein av våre eigne» i posisjon som generalsekretær i Nato. Dette legg eit kjøvande lokk over norsk militær- og tryggingspolitisk debatt, som var trong nok frå før. Handlingsrommet er snevra inn; lojaliteten til Stoltenberg og Nato stenger for det gamle idealet om forsøk på brubygging. Credo er at det som er godt for Nato og USA, er godt for vasallstaten Noreg. Om det ikkje alltid skulle vera like innlysande, er det ei utfordring å la seg overtyda om at me uansett må vera den beste og mest lydige i klassen. Som i Libya.
VERTINNA møtte ein gong Thorvald Stoltenberg og lét seg sjarmera av den gode stemninga han skapte rundt seg. Ho har følgt med son hans og har inntrykk av han er like jovial og triveleg: ein kar det er lett å lika og lika seg i nærleiken av. Men så tenker ho at den Gud gir eit embete, gir han også forstand til å tilpassa seg og gjera den jobben han er sett til av dei som har sett han der. Men ho tykkjer han ser sliten ut og trur ikkje Nato er rett stad for sånt eit godt menneske.
STILLINGSKRAVET for Stoltenberg i Nato er å vera sekretær for generalane, særleg dei amerikanske. Som tilleggsutfordring har han fått forundringspakken Donald Trump: Jens skal prøva å forstå han, unnskylda han, tala vel om han og ta alt i beste meining. Det var ei oppvising i naudsynt servilitet då Stoltenberg som ein slags hoffnarr guida Trump rundt på Nato-møtet i Brussel. Han prøvde vel å lura realitystjerna varleg inn i politisk røyndom, men det er fåfengt med ein figur som har ei klar melding til alle som ikkje dansar etter hans twitrande pipe: You’re fired!
Stoltenberg har akseptert å vera gissel i rolla som løpegutt for Pentagon. I tillegg er han pengeinnkrevjar og torpedo for Trumps inkassobyrå. Og han pressar på for at Nato-landa skal følgja USA og gå tyngre inn att i Afghanistan, som om Godal aldri hadde funnest.
den NORSKe tryggingspolitikken ligg ikkje fast i skuggen av Stoltenberg; han rullerer i takt med Nato-pakta. Forsvarsplanar og militære manøvrar varierer med Natos rolle i amerikanske strategiar. For tida er det å ringa Russland endå tettare inn, paradera med stridsvogner ved grensene og flytta basar og vargflokken av marinesoldatar austover. US Marines skal på skiferie stadig lenger nordover, for dei må ha «boots in the snow» for å øva på vinterkrig om dei skal hindra at Finnmark blir eit nytt Krim.
Nato, som har 15 gonger så stor militær kapasitet som Russland har, og atomvåpen til å utsletta Russland 30 gonger, rustar kraftig opp. Med Noreg på slep. Det første av dei 52 nye krigsflya har landa på Ørland. Nato og Stoltenbergs krav om 17 milliardar meir i året og 2 prosent av BNP i militærutgifter er blitt ei norsk truvedkjenning og eit mål på nasjonalt sinnelag og ansvar. Alt anna er knefall for den russiske faren. 2 prosent-målet for militærutgifter trumfar Paris-målet om å hindra 2 gradar global oppvarming.
I eit slikt scenario eller krigsteater er Nobels fredspris til ICAN, som arbeider for eit forbod mot atomvåpen, og som Stoltenbergs regjering i si tid støtta, ei illojal handling som undergrev Natos atomstrategi – og med det Noregs tryggleik.
SPALTISTEN har nyleg fått korreks frå ein uvanleg påpasseleg lesar for ein mislykka fleip i denne spalta for eit halvt år sidan. Der brukte han tullenamnet «Murmansk-regionen» på det som retteleg heiter Barentsregionen, har sekretariat i Kirkenes og omfattar tre fylke i Noreg, to län i Sverige og tre i Finland, pluss Murmansk oblast, Arkhangelsk oblast, republikken Komi, republikken Karelia og Nenetsk autonome okrug i Russland.
Barentssamarbeidet frå 1992 var eit smykke for dåverande utanriksminister Thorvald Stoltenberg. Det skulle redusera spenninga og sikra fred, stabilitet og folk-til-folk-samarbeid i regionen. Det gjekk bra lenge på begge sider av Storskog, men etter Ukraina blei det kriminelt mykje verre. Den russiske ambassadøren tok til å skriva trugande lesarbrev i avisene, og Jens Stoltenberg pressa på for større løyvingar, fleire soldatar, skjold og Nato-våpen i nord – gjerne produserte på Kongsberg.
PARENTES: Ein kan sjølvsagt ikkje sjå bort frå at Spaltisten er eit offer for Putins lakeiar i FSB (SVR, Tsjekaen, NKVD, KGB) gjennom hacking og løynd påverknad med alternative fakta – det vil seia propaganda. I tillegg har han, som Stein Ørnhøi, sett russarar le. Og det er farleg, det.
Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Vertinna tykkjer han ser sliten ut og trur ikkje Nato er rett stad for sånt eit godt menneske.»
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.