JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det er noko urovekkjande over taktløysa til kong Donald

Den ukultiverte framferda til Trump fyrer oppunder allmenn uhøflegheit og skuggar for den økonomiske suksessen hans.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Er det berre eit spørsmål om tid før Trump, til liks med Hawthornes King George, vert sett springande rundt i Rose Garden i nattdrakta si i ein freistnad på å berge Melania frå ein imaginær storflaum?

7314
20171208
7314
20171208

I Alan Bennetts skodespel The Madness of George III vert Storbritannia råka av ei politisk krise når monarken misser vettet. Du hugsar kan hende den framifrå tolkinga til Nigel Hawthorne i rolla som kong George i filmversjonen, i byrjinga utrøytteleg, om noko oppfarande, i utøvinga av kongelege plikter, men så vart han brått vilt og ravande galen.

«Eg snakkar og snakkar og snakkar», fortel han dronninga i ein klår augneblink. «Eg høyrer orda, så eg må jo ha snakka dei.» Og di meir forvirra kongen blir, di meir truleg vert det at plassen hans blir overteken, om så berre som prinsregent, av den storvomma eldste son hans.

Historikarar held fram med å diskutere om galenskapen til George III var resultatet av blodsjukdomen porfyri eller ein annan plage. Bennett gjer framlegg om – utan tvil fantasifullt, men det gjer seg i dramaet – at den eigentlege årsaka var sjokket frå opprøret i dei amerikanske koloniane («a paradise ... lost»).

Vel, det som går rundt, kjem att. For i desse dagane er det i USA spørsmålet vert stilt stadig hyppigare: Er statsleiaren galen blitt? I ei ny bok, The Dangerous Case of Donald Trump, åtvarar 27 psykiatrar og andre ekspertar på psykisk helse – inkludert Judith Lewis Herman ved Harvard Medical School og Bandy Lee ved Yale School of Medicine – om at «ingen som er så psykisk ustabil som Mr. Trump, burde få den makta over liv og død som høyrer presidentembetet til».

Gløym alt om Robert Muellers Russland-etterforsking og utsiktene til riksrett mot Trump om demokratane vinn fleirtal i Representanthuset i mellomvala neste november. I desse dagane funderer det liberale USA over paragraf 25 i grunnlova, som slår fast at dersom visepresidenten og eit fleirtal av regjeringa informerer Kongressen skriftleg om at presidenten er «ute av stand til å utføre dei oppgåvene og pliktene som høyrer embetet til», då tek Mike Pence over. Og om Trump insisterer på at han er OK, heilt OK, kan han bli sett til sides av to tredjedels fleirtal i begge husa.

Galenskapen til kong Donald er ikkje noko nyhende i Washington. Men inntil for eit par veker sidan handla det i Storbritannia om at Trump var slem, ikkje galen. Så retvitra presidenten tre meldingar frå nestleiaren av fascistgruppa Britain First, kvar av dei viste ein video med siktemålet å skildre islamsk vald.

Då Theresa May gav uttrykk for sin motvilje mot dette, slo Trump attende: «Ikkje fokuser på meg, fokuser på den øydeleggjande terrorismen til radikal islam som skjer i Storbritannia. Her klarar vi oss godt!»

Uheldig nok adresserte Trump dette svaret til @theresamay i staden for @theresa_may. Med ei einaste twittermelding fekk han retta merksemda til dei 44 millionar følgjarane sine – og dermed alle verdas nyheitsmedium – mot den uheldige 41 år gamle Theresa May Scrivenor frå Bognor Regis i West Sussex, mannen, borna hennar og dei seks Twitter-følgjarane ho har.

Ettersom dei ikkje har lese The Dangerous Case of Donald Trump, reagerte den britiske politiske klassa på gamlemåten. I Underhuset stod opposisjonsrepresentantane på rekkje og rad og fordømde president Trump som «fascist», «dum» og «rasistisk, inkompetent og tankelaus». Den britiske ambassadøren i Washington, Sir Kim Darroch, la inn klage i Det kvite huset. Planar for Trump-vitjing i London i januar vart lagde på is.

Hald berre fram. Presidenten er galen, ikkje slem. Eller, om han er slem, er det fordi han er galen. For litt sidan fortalde han at den illgjetne Access Hollywood-tapen er falsk. Førre helg fantaserte han om at han hadde avslått framlegget frå Time om å gjere han – for andre året på rad – til Person of the Year. Det er berre eit spørsmål om tid før Trump, til liks med Hawthornes King George, vert sett springande rundt i Rose Garden i nattdrakta si i ein freistnad på å berge Melania frå ein imaginær storflaum.

Motargumentet mot alt dette kjem frå min gode ven Bret Stephens. Langt frå å vere galen, seier han, utnyttar Trump på listig vis makta som ligg i sosiale medium til å drive dei politiske motstandarane hans inn i deira eigen galenskap, til å mobilisere dei lojale tilhengjarane hans i middelklassen – som elskar alt dette – og å avleie merksemda til alle frå alt det som går gale på hans vakt.

Eg har eit litt annleis syn. Som Bret trur eg ikkje Trump er sprø, ikkje så sprø som King George, i alle fall. Han er berre taktlaus, og det har han alltid vore. Men i motsetnad til Bret trur eg ikkje at Trump mislukkast. Han er på randa av eit viktig gjennombrot i lovgjevinga, med ein pakke skattelettar for næringsliv og privatpersonar som er like populær i Wall Street som han er hata av demokratanes økonomar.

Ja, eg veit det. Færre enn 40 prosent av amerikanarane meiner presidenten gjer ein god jobb. Demokratane leier på meiningsmålingane, og dei har ein rimeleg sjanse til valsuksess neste år. Men den amerikanske økonomien veks med om lag 3,5 prosent. Børsmarknaden set rekordar – opp med ein firedel sidan Trump vart vald. Og, sjølv om eg nærer ei viss uro for auke i budsjettunderskotet, er det respektable økonomar som insisterer på at den republikanske skattelova ikkje berre tener dei rike, men òg arbeidar- og middelklassefamiliar gjennom å stimulere investeringar og vekst, og at Trump-administrasjonens arbeid med å fjerne brysame reguleringar vil ha endå fleire positive verknader.

Når det gjeld utanrikspolitikken, kjem sanningas augneblink i den nordkoreanske rakettkrisa stadig nærare etter at Kim Jong-un testa ein langdistanserakett for to veker sidan. Kina må handle, eller så vil USA gjere det. I mellomtida er IS nedkjempa i Midtausten, og, som del av ein forbløffande revolusjon ovanfrå, har kronprinsen i Saudi-Arabia vend seg mot jihadistane.

Problemet er at i si ubotelege taktløyse druknar Trump konsekvent alle teikn på meiningsfulle politiske bragder med øyredøyvande og ufruktbar støy.

I dette er han dessverre ikkje unormal. Tvert om, han er ikjøtinga av tidsånda vår. Twittermeldingane hans – forhasta, råe og fulle av feil – er berre eit symptom på eit meir allment forfall i det å vere høfleg som sosiale medium har oppmuntra til. Eit faktum: Ifølgje ei nyleg offentleggjord avhandling av forskarar ved New York University, har ei twittermelding 20 prosent større sjanse for å bli send vidare for kvart moralsk-emosjonelle ord – til dømes «hat» – ho inneheld. På Twitter og Facebook vert ekstreme synspunkt berre overgått av fake news.

Eitt av mange problem med forfallet i høflege veremåtar er at uhøvisk språkbruk er så vanskeleg for andre å ta alvorleg. Det fører til at seriøse saker som islamsk ekstremisme og trugsmålet frå Nord-Korea blir bagatelliserte, og folk trur, feilaktig, at det er Trump vi burde uroe oss over.

Det vert sagt at Mahatma Gandhi ein gong vart spurd om kva han tykte om vestleg sivilisasjon. Det ville vere ein god idé, svara han. I denne tida med vestleg u-sivilisasjon er eg einig. Problemet er ikkje at kong Donald er galen, og ikkje eingong det at han er slem. Ved George, det er den infernalske taktløysa hans.

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Presidenten er galen, ikkje slem.
Eller, om han er slem, er det fordi han er galen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis