Det nye Kommune-Noreg
HORNINDAL KOMMUNE: No byrjar strafferegimet til Jan Tore Sanner å verka. Om nokre år vil både Ørsta og ei rekkje andre kommunar oppdaga at det kostar å stå åleine.
Bjørn Navelsaker og Anne Kristin Tronstad i GRS Riflestocks, her i lag med ordførar Stig Olav Lødemel.
Foto: Knut Hustad
Kommunereform
jon@dagogtid.no
Når ein som journalist sit på kontoret, veit ein på eit vis kvar ein skal. Dagane går nokolunde som planlagt. Reportasjeturar kan derimot enda opp på underlege stadar, til dømes at vi hamnar på Sunnmøre når vi er i Nordfjord. Planen var å intervjua ordføraren i Hornindal kommune, eller Honndalen, som vestlandingar flest kallar staden. Brått står fotografen og eg på ein våpenfabrikk og siktar med kvart vårt geværskjefte.
På ein gard oppe i ei fjellside i Honndalen, rett under der det seinare kom eit skisenter, byrja ein gardbrukar å lima i hop treverk til møblar. Etter kvart vart kjellaren for liten, så han bygde eit uthus, så skjøtte han på eit uthus til og endå eit. Så kunne han ikkje utvida meir grunna fonnfaren. No er fabrikken difor utvida med eit svært telt, for telt er det lov å setja opp i fonnfarlege område. Men for fem år sidan var det slutt, norske møblar vart for dyre. Etterkomarane måtte finna seg noko anna å gjera.
Kva var det dei kunne? Lime tre. No sel dei geværskjefte som så vert påmonterte ulike våpensystem. Grunnmodellane kan justerast i alle moglege retningar og kan lagast i 2000 ulike variantar. Men tre er litt tungt. Difor tinga dei ei form frå Kina som dei kunne nytta til å smelta kompositt til skjefte. Kvart år sel dei over 7000 treskjefte og 5000 komposittskjefte. Målet i år er å selja 15000 skjefte, og kundane finst i 45 ulike land. Har du råd til eit skjefte til knapt 6000 kroner, er det godt mogleg det kjem frå ei fjellside i Honndalen og er merkt med «GRS Riflestocks».
Fordommar
Grunnen til at eg dveler ved denne high tech-fabrikken, er fordommar. Eg har alltid sett på vesle Honndalen med sine 1200 innbyggjarar som ei bakevje. For frå Honndalen kom det berre ljåar og nokre ovsterke idrettsfolk – Frode Grodås stod i mål på Chelsea, Anders Fannemel sette verdsrekord i Vikersund. Bøndene på si side var smedar, og kvar vår gjekk dei over fjellet Kviven for å selja ljå og langorvar.
Men det var før og ikkje no. Liv Signe Navarsete frå ei av grannebygdene fann ut at ein skulle bora ein tunnel på 6,4 gjennom Kviven. Nye E39, utan bompengar, går no rett gjennom Honndalen, og med det har honndølane gjort voldingar av seg. Og då er vi framme ved temaet vi kom til Honndalen for å ta opp med ordførar Stig Olav Lødemel frå Høgre: kommunesamanslåingar og det faktumet at pengane no drys over det som vert nye Volda kommune, som – om vi skal tru Lødemel – fyrste året fører til at den nye kommunen får nær 40 millionar i ekstraløyvingar.
Ørsta, derimot, som valde å stå utanfor alt det fine som Sanner ynskte seg, tapar garantert 4 millionar og mykje meir om dei nye kommunegrensene gjer at eit av dei store kraftverka på Vestlandet hamnar i Volda i staden for i Ørsta. Det som går føre seg på grensa mellom Nordfjord og Sunnmøre, går i desse dagar føre seg overalt i Noreg. Vi får eit A- og B-lag i Kommune-Noreg: Dei som har gjort det Sanner vil, får mykje meir pengar, medan dei som vedda på at Senterpartiet kom i regjering, får mykje mindre.
Stor-Sunnmøre
Men kommunesamanslåingane er på ingen måte over, seier Lødemel, som er ein storvoren elektrikar og verksemdeigar på 40 år, og som går i jakke frå Moods of Norway for å støtta den konkursråka verksemda frå Stryn.
– Om de kjem attende om nokre år, er Stryn, Hornindal, Stranda, Volda og Ørsta éin kommune. Kommunen vil innehalda Olden, Loen, Honndalen, Geiranger og Hjørundfjorden og vert landets største reiselivskommune. Då vert det fart på ting, skal eg lova dykk.
Ein som ser noko annleis på ting, er ordføraren i Ørsta, Stein Aam. Han er frå Senterpartiet og i si tid kjend for å vera den snøggaste spissen i sju prestegjeld. På sine eldre dagar har han vorte meir av ein doktor Stockmann.
– Det har vore ein taktikk frå Sanner å pressa veljarane i kommunar som på demokratisk vis vel å stå åleine. Diverre fekk Sanner halda fram med dei konsekvensane det fekk, men vi skal makta dette. Vi i Ørsta skal overleva sentraliseringspresset i framtida òg.
Men så var det krafta, då. Dei fleste kommunane i Noreg hadde i si tid medeigarskap i eitt eller fleire magasin i Fjell-Noreg. Det har både Ørsta og Volda framleis, men mest eig Ørsta av kraftselskapet Tussa Kraft. Men det som framleis ikkje er avgjort, eller i det minste er i spel, er kven som skal vera grunneigar, og dimed få eigedomsskatten, konsesjonsavgifta og konsesjonskrafta som utbygginga av Tysse-fossen i 1950-åra førte med seg.
Kvit fisk
Tussa-anlegget er svære saker, kan Lødemel fortelja.
– Som de veit, kopla dei etter kvart røyrgater til fjella her i Honndalen. For nokre år sidan stengde dei desse for vedlikehald. Eg var med på eitt av laga som gjekk inn. Vi gjekk til saman 1,4 mil i tunnelane. Det er eit utruleg arbeid gamlingane gjorde. Og så nøyaktige dei var. I taket hadde dei mellom anna skrive hellingsgradene med tre desimalar etter komma. Men mest fascinert var eg av evolusjonen. Fiskane der inne hadde ikkje sett dagslys på tiår. Dei var heilt kvite.
– Men alt vatnet Honndalen gjev frå seg, får de ikkje særleg godt betalt for?
– Nei, vi får 700 000 i året. Etterkomarane etter grunneigarane som gav frå seg rettane, er ikkje særleg nøgde. Men då Hornindal kommune gjorde avtalane med sunnmøringane, var dei mest opptekne av at Tussa Kraft skulle nytta arbeidskraft frå Honndalen til utbygginga. Dimed har vi ikkje eigarskap i Tussa Kraft i det heile.
Men no kan dette altså endra seg heilt; nye Volda kommune kan av alle ting verta grunneigar av magasinet, som aldri har lege i Volda kommune. Før Tyssefossen vart utbygd, var han landets nest høgste, med eit fritt fall på 533 meter. Han låg inst i Hjørundfjorden på Bjørke, staden morfaren til Kåre Willoch kom frå. I 1964 vart Hjørundfjord kommune ein del av Ørsta kommune. Fossen vart bygd ut ved hjelp av eit stort spleiselag mellom kommunane på Søre Sunnmøre, modellen var den vanlege i Kommune-Noreg. Men vertskommunen der magasina ligg, har som nemnt alltid tent betre enn medeigarane via konsesjonsavgift, konsesjonskraft og eigedomsskatt.
No står slaga om desse ekstrapengane i mange kommunar i Noreg. For Ørsta, Volda og Honndalen handlar det igjen om den nemnde Kvivsvegen til Navarsete. Ungane på Bjørke går i dag på vesle Austefjord skule, som ligg i Volda. I framtida kjem dei mest truleg til å gå på Hornindal skule, som no skal få eit stort nybygg. Med Kvisvegen har innbyggjarane på Bjørke fått ei reisetid på 15-20 minutt både til Volda og til Honndalen. Reisetida til kommunesenteret Ørsta er derimot på om lag 40 minutt. Til det gamle kommunesenteret Sæbø i Hjørundfjorden kjem ein seg berre med båt, noko som tek 30-40 minutt, men det er ikkje grunnlag for ei båtrute. No har dei unge på Bjørke, det vil seia dei som har born i barnehage eller skule, laga ein folkeaksjon. Dei vil verta ein del av nye Volda kommune. Ørsta kommune har på si side vore så ukloke at dei har gjeve uttrykk for at dei leie av å betala i dyre domar for barnehage og skule i Volda kommune.
Alt hamnar i Volda
Dimed kan Tyssefossen over natta hamna i Volda. Saka er på ingen måte avgjord, men når ho éin gong truleg hamnar hjå fylkesmannen i Molde, kan kanskje ikkje Ørsta gjera seg ei stor von om å få halda på magasinet på Bjørke, for som kjend: Fylkesmennene er det Jan Tore Sanner som styrer. Avhengig av om Stortinget gjev kommunane rett til framleis å skattleggja produksjonsutstyr via eigedomsskatten, kan Ørsta tapa mellom 5,3 og 7,8 millionar om fossen hamnar i Volda. Desse pengane hamnar då i kommunekassa til nye Volda. Ørsta kommune gjekk i si tid iherdig inn for den nye Kvivsvegen langs E39, men nye og betre vegar skaper altså uintenderte konsekvensar.
Elles var innbyggjarane i Volda iherdig for å slå seg saman med Ørsta, men så skipa ein lækjar ved sjukehuset ein aksjon på Facebook. Han peika på at når Ålesund fekk bru og ny veg til Søre Sunnmøre via den vedtekne nye E39, ville den nye storkommunen verta grannekommunen til Ålesund. Og sa han at to grannekommunar med to sjukehus neppe ville overleva i framtida. Dimed sa voldingane tvert nei til å verta ein del av Ørsta.
I staden såg voldingane mot sør, mot Honndalen, for å få tak i ekstrapengar. Innbyggjarane i Honndalen, synte den såkalla brukargranskinga, var klart for å få med seg Stryn i ein ny storkommune, men så sa innbyggjarane i Stryn nei. Dimed vart det samanslåing av vesle Hornindal kommune og Volda, og dimed byrja gulrot og piskregimet til Sanner å virka.
40 millionar
Her byrjar Lødemel å ramsa opp løyvingane. Honndalen har fått pengar til bussrute til Volda, fiber og ymse anna. I tillegg får dei halda på nye frie inntekter som Sanner gav til ei mengd norske kommunar i påvente av at dei skulle slå seg saman. På toppen får nye Volda kommune eit eingangtilskot på 20,5 millionar for å letta samarbeidet og få datasystema til å snakka saman.
– Ja, det er altså ein del pengar. Med eingongstilskotet snakkar vi om opp mot 40 millionar fyrste året, men dei ekstra frie inntektene varer berre i tjue år, med nedtrapping dei siste fem åra.
Men får nye Volda kommune tak i Tyssefossen, kan altså summen verta endå mykje større. Stein Aam i Ørsta trur derimot at kommunesamanslåing i alle høve vil verta svært dyrt.
– Desse vel 20 millionane kommunane får som eingangstilskot, tviler eg sterkt på er nok. Det er ein langsiktig og vanvittig stor prosess å slå saman kommunar. Eg har snakka med ordførarar som har slege seg i hop både på Nordmøre og på Austlandet, og dei snakkar om eit stort arbeid som på ingen måte er fullfinansiert. Her trur eg Sanner har lurt ein del menneske.
Éin mann kan ikkje alt
Men kvifor har det vore så viktig for Honndalen å slå seg saman med ein annan kommune? Kommunen har i alle år vore veldriven, og via dugnad, tippemidlar og ymse andre tilskot har dei makta å byggja kunstgrasbane, idrettshall som er stor nok for handball, friidrettsstadion og eit stort skisenter. Ein skal kort sagt leita lenge etter ei bygd med så mange ulike tilbod som Honndalen, og det utan å ha innført eigedomsskatt.
– Dei lovpålagde oppgåvene er berre for mange. Vi har ei rekkje tilsette som har ei mengd ulike funksjonar: miljø, planlegging, teknisk etat, brannsjef, alt har hamna på éin person. Når nokon vert sjukmeld, sit vi der utan å kunne tilby innbyggjarane det dei har rett på og som vi berre må ha. Vi slit òg med å få tilsett nye folk når kvar stilling må innehalda så mange funksjonar.
Men den største skulda for at nordfjordingane i Honndalen har vedteke å verta sunnmøringar, ligg på fylkestinget i Sogn og Fjordane. I si tid sette dei ny fylkesveg til Stranda på andreplass på prioriteringslista, men så fann dei ut at dei ikkje ville ha vegen, og vedtok i staden ein veg i ytre strøk. Den største arbeidsplassen i Honndalen, med 90 tilsette, er trefabrikken til møbelprodusenten Ekornes. Frank Sve, den tidlegare Frp-ordføraren på Stranda – ja, han som skaffa kommunen Noregs høgste skuld – styrer samferdselsbudsjetta til Møre og Romsdal. Han har lova ny veg mellom Honndalen og Stranda – ein veg Ekornes er avhengig av.
Før vi dreg frå Honndalen, tek Lødemel oss med på tur; han syner entusiastisk kvar den nye vegen skal gå.
I Noreg er all politikk samferdselspolitikk. Det og kraftpolitikk. Snart får nok bøndene i Honndalen betalt for alt vatnet dei i si tid gav sunnmøringane.
Men eitt problem har ordføraren. Honndølane er redde for at det historiske namnet Hornindal skal forsvinna. Difor har dei starta prosjektet Hornindal 514, for å finna ut av korleis dei skal halda på namnet. Kampanjenamnet er valt av di Europas djupaste vatn, Hornindalsvatnet, er – som alle med litt topografikunnskap veit – 514 meter djupt.
– Men trur du ikkje at dei har målt på ny og no meiner det er 509,6 meter djupt, seier Lødemel.
Ein kampanje med namnet Hornindal 509,6 vert litt vanskeleg. Hornindal Guns and Rifles høyrest betre ut.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nye E39, utan bompengar, går no rett gjennom Honndalen, og med det har honndølane gjort voldingar av seg.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.