Ein kristeleg havarikommisjon
Politikarar som drøymer søtt om å vera i vippeposisjon, vaknar opp til eit mareritt.
I slutten av desember takka Knut Arild Hareide nei til vidare tingingar om regjeringssamarbeid.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
hompland@online.no
Høgrebølgja rulla over landet og gjorde Kåre Willoch til statsminister i 1981. Kristeleg Folkeparti ville ikkje vera med i regjeringa på grunn av lova om sjølvbestemt abort som Stortinget hadde vedtatt med ei røysts overvekt i 1979. Høgre var samla mot, men året etter fristilte dei sine partipiska representantar, og då var det ikkje lenger fleirtal på Stortinget mot «fosterdrapslovi». KrF ville ikkje sitja i ei regjering som administrerte ei slik lov. Dei valde å vera «vekkerop i fri stilling», men for husfredens skuld la dei til «for ei tid». Og Willochs reine høgreregjering sette døra på gløtt for dei borgarlege støttepartia. Det var berre to, for Venstre hadde falle ut av Stortinget, og Willoch nekta alltid for at Carl I. Hagens tomannsgruppe var sømeleg borgarleg.
I PINSEHELGA 1983 heldt den pragmatiske senterpartileiaren Johan J. Jacobsen ein tungetale som opna for å gå inn i Willoch-regjeringa dersom KrF slo lag. Fleire frå den gamle garden av partieigarar klarte ikkje å halda tann for tunge. Ein av dei var folkeminnegranskaren Kjell Bondevik (1901–1983) som hadde meint at det var von i hangande snøre då han tinga om å bli statsminister etter at den lausmunna Per Borten fall i 1971, men det enda med at han blei djupt såra og vonbroten. Bondevik den eldre greip til Esau og Jakob (1. Mos. 25, 29–34) og åtvara partiet mot å «selja førstefødselsretten sin for ein rett linser». Men den yngre Bondevik klarte ikkje å knipa att lenger. Og det var enklare for KrF å sluka kamelar når hestehandlarane i Senterpartiet hadde børsta dei.
Sidan har KrF vore i regjeringar – med og utan Høgre. Men også som fast budsjettpartar med Brundtlands mindretalsregjeringar i Harald Synnes’ tid i finanskomiteen. KrF søker alltid makt og linsevelling. I gode stunder med ein sigar og eit glas raudvin attåt.
KATASTROFEVALET i haust var eit vekkerop. KrF berga seg så vidt over sperregrensa, men er trengt tilbake til opphavet i det historiske bibelbeltet i sørvest. Og etter valet er det berre blitt verre. Frå fylkesmannshornet konstaterer Valgerd Svarstad Haugland at veljarar forsvinn både til høgre og venstre, utan at nye kjem til.
KrFs eigen havarikommisjon har kome med ei knusande evaluering av typen «alt som kunne gå galt, gjekk galt». Partiet mangla eit overordna politisk prosjekt og gjorde dårlege prioriteringar. Dei snakka generelt om verdiar, men klarte ikkje å konkretisera dei vakre orda. Dei tapte eigedomsretten og forvaltaransvaret for gamle hjartesaker utan å finna nye. Vaklande uspel var ikkje formelt forankra i ansvarlege partikanalar. Partileiaren flørta med Arbeidarpartiet, men stod også fast på eit urealistisk regjeringsalternativ. Samstundes meinte partiet at om det ikkje blei ei sentrum-høgre-regjering med Erna Solberg som statsminister, ville KrF mest sannsynleg gå i opposisjon.
HAVARIKOMMISJONEN konkluderte med at bodskapen var for uklar. Det einaste dei noterte på plussida, er at partiet så langt har halde det dei lova og er i ein slags opposisjon. Ikkje underleg at denne dødsdomen på vilkår blei offentleggjort ein fredag kveld kokka 19, for då held kommentariatet kviledagen heilag.
Rådet frå havarikommisjonen er at partiet må vera meir samordna for å utnytta vippeposisjonen i Stortinget mellom mindretalsregjeringa og mindretalsopposisjonen som treng KrF-røyster for å få fleirtal mot regjeringa. Det er eit velmeint råd, men heilt ubrukbart. Ein kan ikkje vera kraftfull utetter når det er fullt av indre spenningar og uklare posisjonar innetter i heilt sentrale spørsmål – både strategiske og taktiske. Nokre tar til orde for å bytta namn. Fleirtalet i leiinga er like allergiske som før mot samarbeid med Frp, men halvparten av veljarane seier ja eller kanskje.
For å vera kraftfull i vippeposisjon må ein vera samd om kvar det sikre tyngdepunktet er. Eit sentrumsparti må alltid leva i spenninga mellom to sider, men dersom spenningane er like sterke internt, mel ein seg sjølv i inn i stadig nye hjørne. Då kan ein lengta etter stilla i dødsskuggens dal.
DET KRISTELEGE partiet er for tida i eit klassisk dilemma, ein frustrerande tap-tap-situasjon, Catch-22, etter nummeret på ein militær regel i Joseph Hellers roman. Dei kan ikkje visa kva dei kunne ha fått til i regjering utan å vera i regjering, men dei har sjølve stengt den døra. Dei kan ikkje visa kva dei kunne fått til saman med ei Støre-regjering, for dei har bunde seg til Solberg som statsminister. Dei kan likevel ikkje la vera å gjera noko, men same kva dei gjer, blir det feil.
VERTINNA var på hels med Bondevik den eldre og minnest han som ein framifrå stemnetalar som sa ja-ja og nei-nei med malmfull røyst. Ho lurer på om Kjell framleis ville ha meint at det er von i hangande snøre for KrF. Ho reknar med at han i alle fall ville ha gripe til den om at eit hus som skal stå på trygg grunn, må byggast på Klippen og ikkje på sand (Matt. 7, 24–26).
Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bondevik den eldre trudde det var von i hangande snøre.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.