Frå gruveulukke til Facebook
Ordskiftet etter Kings Bay-ulukka var minst like hardt som etter Sylvi Listhaugs Facebook-oppdatering.
Ordskiftet i Stortinget etter Kings Bay var så skarp at Einar Gerhardsen sat med solbriller.
Foto: NTB scanpix
Mistillit
jon@dagogtid.no
Så gjekk Sylvi Listhaug av. Meir vidgjetne personar har gått av før henne etter mistillit eller trugsmål om mistillit, til dømes Jens Christian Hauge. Hauge var i den tidlege etterkrigstida Noregs mest vidgjetne person etter Einar Gerhardsen og tente nett Gerhardsen som forsvarsminister i den fyrste regjeringa etter valet i 1945. Men då Gerhardsen dana si tredje regjering i januar 1955 og fortalde Hauge at han måtte verta justisminister, hadde den profilerte advokaten fått nok og nekta. Han sa til Gerhardsen at han ville konsentrera seg om advokatpraksisen, og at det ikkje «passet» å verta justisminister. Gerhardsen peikte på at ingen hadde spurt han om det passa å vera statsminister heller. Hauge gav då etter.
Men Hauge var heile tida på jakt etter eit høve til å gå av. Det fekk han alt i november 1955. Passande nok handla det om at Milorg-sjefen ville rekkja ut ei hand til dei som hadde trakka feil under krigen. Ein god del embetsmenn som ikkje hadde vore medlem av Nasjonal Samling, hadde likevel vorte fjerna frå stillinga si etter 1945, og det utan lov og dom. Etter kvart hadde dei fleste fått att stillinga, mellom anna av di domstolane hadde kome til at dei ikkje hadde gjort noko alvorleg gale. Hauge laga difor ein proposisjon til Stortinget der han gjorde framlegg om å gje embets- og tenestemennene løn i den perioden dei hadde vore borte frå stillinga. Han meinte at det var det einaste rette, og at det var på tide med forsoning.
Solbriller
Av litt uklare grunnar gjorde Gerhardsen den feilen at han ikkje instruerte Aps gruppe om å røysta for framlegget, og korkje Hauge eller Gerhardsen sette stillinga si på spel. Ein Ap-representant laga eit forslag om ikkje å godta Hauges innstilling. Framlegget frå representanten vart vedteke med 72 mot 66 røyster. Hauge hevda at nederlaget de facto var mistillit og søkte Gerhardsen offentleg om å få gå av. For ikkje å tapa andlet fann Gerhardsen at han ikkje hadde noko anna val enn å godta søknaden.
Hauge var no fri til å seia kva han ville når han ville. Det gjorde han ikkje. I motsetnad til Listhaug heldt han stort sett totalt kjeft i pressa. Men det var ikkje eit reelt mistillitsframlegg Hauge hadde møtt, det møtte derimot ei samla regjering 20. juni 1963 etter dødsulukkene i gruvene i Kings Bay på Svalbard. Den 28. august – etter den fyrste direktesende stortingsdebatten i fjernsynet nokon gong, der mellom andre Gerhardsen sat med solbriller på grunn av NRKs lyskastarar – gjekk Gerhardsen-regjeringa av. Det er faktisk den einaste gongen etter 1945, om vi då ikkje reknar med Listhaugs avgang på grunn av Facebook, at nokon har gått av etter mistillitsfleirtal i Stortinget. Sidan Kings Bay er den einaste historiske parallellen til Facebook-gate, får vi mimra litt.
Kings Bay finst ikkje
For det fyrste finst det ingen geografisk stad som heiter Kings Bay. Gruva låg i Ny-Ålesund, som ligg i Kongsfjorden. Difor heitte gruveselskapet Kings Bay, og som så ofte før, starta ulukka med ein sunnmøring. I 1916 starta drifta av gruva i Ny-Ålesund; verda, særleg dei landa som deltok i fyrste verdskrigen, hadde stadig større trong for kol. Dette såg selfangstreiaren Peter S. Brandal frå Brandal på Hareidlandet, han kjøpte eit område i Kongsfjorden for 250.000 kroner og grunnla det som seinare vart Ny-Ålesund. Det var ikkje Brandal som fann på namnet Ny-Ålesund. Nei, han grunnla det han hadde tenkt skulle verta ein stor internasjonal metropol: Brandal grunnla byen Brandal City.
Utpå hausten 1916 kom Brandal attende til nett Brandal med 300 tonn kol frå selskapet Kings Bay Kul (sic) Company lasta om bord i skutene «Signalhorn» og «Polaris», og pengane byrja å rulla inn. Det gjekk lenge bra for Brandal, men i 1929 omkom to arbeidarar i gruvene, og Brandal fekk ordre av sysselmannen om å stengje. Deretter kom Wall Street-samanbrotet, og Brandal gjekk konkurs. Men før jol i 1933 vart alle aksjane i Kings Bay overførte til staten, og drifta kom difor etter kvart i gang att. Så kom krigen, og regjeringa i London evakuerte alle nordmenn på Svalbard til England etter fyrst å ha øydelagt store delar av gruvegangane.
Molotov
Og nett dårlege gruvegangar vart svepa for regjeringa Gerhardsen. Etter andre verdskrigen – då Trygve Lie elles hadde lovd Molotov felles norsk-sovjetisk forsvars- og gruvedrift på Svalbard – vart det viktig for Nato-landet Noreg å halda oppe aktiviteten og hevda norsk suverenitet der oppe. Dessutan kunne kol gje oss valutainntekter. Difor var både storting og regjering heilt samde om at Kings Bay skulle opnast att. Derimot var ingen viljuge til å betala for ei skikkeleg oppgradering av sikringssystemet i gruvene, og tragedie på tragedie fylgde. Særleg avgassane vart eit problem på grunn av manglande luftekanalar.
Den 4. desember 1948 kom den fyrste eksplosjonen. Redningsmannskapet hadde ikkje gode nok surstoffsapparat, og det gjekk mange dagar før dei 15 omkomne kunne hentast ut. Men regjeringa gav ordre om vidare drift. Den 7. januar 1952 døydde ni til etter ein ny smell. «Det er ikke mulig med absolutt sikkerhet å si hva som har forårsaket tenningen av gassen, men kommisjonen anser det overveiende sannsynlig at tenningen er oppstått gjennom gnister framkommet ved elektrisk strømoverslag i et støpsel i en kabel som førte til en kullboremaskin», skreiv granskingskommisjonen. Regjeringa gav på ny ordre om vidare drift. Den 19. mars same året døydde 19 til etter endå ein eksplosjon. I tillegg kom fleire mindre ulukker der einskildindivid døydde.
Lite lærdom
No skulle ein tru at både Stortinget og regjeringa hadde forstått alvoret, og det gjorde dei på eit vis, gruvene vart stengde. Men i 1956 kom Stortinget etter innstilling frå regjeringa til at drifta skulle starta på ny, men då under visse føresetnader. «Hvis driften ved Kings Bay-gruvene skal fortsette, må alle de sikringstiltak som de tidligere og den siste kommisjon har anbefalt, gjennomføres. Når det er gjort, mener kommisjonen av 1953 at det fra sikkerhetsomsyn er fullt forsvarlig å fortsette driften», skreiv kommunalkomiteen i innstillinga si. Det vart løyvd 22 millionar til ei oppgradering, og i vedtaket til Stortinget kan vil lesa dette om føresetnadene for opning: «at der blir gjort alt som gjerast kan for å nå fram til litande tryggingstiltak mot slike ulukker som har vore tidlegare i denne verksemda; at tryggleiksføresegnene frå Statens Arbeidstilsyn og bergmeisteren på Svalbard blir fylgde heilt ut, og at der ved kolproduksjonen i gruvene – til kvar tid – blir nytta arbeidsmåtar som gjev den største trygd mot ulukker».
Gerhardsens banesår
Føresetnadene vart banen for Einar Gerhardsen. Dei 22 millionane vart anten for lite eller nytta på feil vis. I alt budde det 223 personar i Ny-Ålesund i 1962, 105 av desse var gruvearbeidarar. Klokka 22.45 den 5. november 1962 small det for siste gong. 21 menn arbeidde nattskift. Dagen etter las NRK opp namna på dei døde. Alle 21 vart lista opp, men ingen hadde gjeve melding til familiane om at alle var omkomne, og eit av dei største trauma i norsk etterkrigstid vart skapt. I alt 75 menneske døydde mellom 1948 og 1962, og det sjølv om Stortinget etter ulukka i 1953 hadde kravd og vedteke at drifta måtte vera trygg for å driva vidare.
Gruva vart straks stengd etter ulukka i 1962, og elleve av dei omkomne vart aldri henta ut, sidan store delar av gruvene vart rekna for utrygge for redningsmannskap. Sorenskrivar Per Tønseth frå Hokksund vart utnemnd til leiar for granskingskommisjonen, og rapporten var heilt utan nåde. Eit særleg stort problem, sa kommisjonen, var det at luftingsvegane korkje vart inspiserte eller kunne inspiserast slik dei var lagde, og det sjølv om tryggingsføreskriftene la særleg stor vekt på nett det. Men tragisk nok: Kommisjonen kom ikkje fram til kva som var årsaka til sjølve ulukka.
Lurveleven
I alle høve. Då kommisjonen la fram rapporten våren 1963, vart det eit lurveleven som nesten kan samanliknast med det Listhaugs Facebook-oppdatering har ført til dei to siste vekene. Nett som Listhaug meinte Gerhardsen seg utsett for ei heksejakt, og han uttalte i ein tale i Odda i juni at «man nesten lurer på om man lever i en rettsstat i dette landet». Likevel såg han etter kvart inga anna råd enn å akseptera industriminister Kjell Hollers ynske om å gå av. Den 4. juli vart Trygve Lie – den same mannen som i 1944 hadde lovd Sovjet felles styring av Svalbard – utnemnd til ny industriminister.
Det var ikkje nok for Stortinget, som kalla seg sjølv inn til ein unik sumarsesjon. Ordskiftet varte i fire dagar, og heile tida filma NRK. Korkje før eller seinare har det vore så stor interesse for ein politisk debatt. Men i motsetnad til hjå Listhaug i Stortinget førre veke, fanst det ikkje nokon vilje i Gerhardsen til å gje etter. Han var like nådelaus mot opposisjonen som granskingskommisjonen var mot regjeringa. Særleg nådelaus var han mot Finn Gustavsen og SF, som etter Gerhardsens syn mangla både ideologisk grunnlag og moralsk kompass. Gerhardsen fortalde vidare at han hadde planar om å opna gruvene på ny, og at han hadde bede ulike statsrådar finna ut kva som skulle til for å få det til.
Forsoninga kjem
Gerhardsen var òg djupt såra over at rapporten og ulukka vart utnytta politisk: «Det falt meg ikke inn at rapporten skulle bli signalet til en av de mest omfattende politiske aksjoner vi har hatt i vårt land på mange år.» Og han la til: «Og jeg vil gjerne vite hva statsministeren skulle ha gjort. Hva er hans feil eller forsømmelser?» Aps parlamentariske leiar, Nils Hønsvald, gjekk endå lenger. Han karakteriserte tilnærminga til Gustavsen og SF som «en vits».
Dei som har vore triste og leie for den harde tonen i norsk politisk debatt dei siste dagane, kan altså trøysta seg med at det ikkje var mykje betre før heller, og at til og med Gerhardsen på lik line med Listhaug har lurt på om vi lever i ein rettsstat her til lands. Det gjekk elles som vi veit nokså bra med Gerhardsen sjølv om han måtte gå av som statsminister. Nokre veker etter hadde Gustavsen og SF gløymt utskjellinga og røysta Gerhardsen inn att som statsminister. Etter dei harde orda kjem som regel forsoninga. Korkje Facebook eller Kings Bay er slutten på alt samarbeid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei som har vore triste og leie for den harde tonen i norsk politisk debatt dei siste dagane, kan altså trøysta seg med at det ikkje var mykje betre før heller.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.