Café Opera er ein etablert kafé i Bergen. Nye kioskar og kaffikjeder har dukka opp i nabolaget, men dagleg leiar Torstein Ryland er ikkje uroa.
Dagleg leiar av Café Opera i Bergen, Torstein Ryland, fryktar ikkje konkurranse frå kafékjedene, sjølv om dei er synlegare enn nokon gong.
Foto: Elise Løvereide
Fem studentar starta Café Opera i 1985. Dei laga eit kafétilbod som dei sjølv sakna i byen. 32 år seinare er Café Opera populær både som restaurant og kafé om dagen og som bar om kvelden.
Kafeen ligg ved Den Nasjonale Scene midt i Bergen sentrum, og er omringa av fleire kioskar på kvart gatehjørne.
– Dei har ein tendens til å legge seg opp mot kvarandre, seier Ryland, som er dagleg leiar, og som har jobba på Café Opera i 20 år.
Men trass i dei nye konkurrentane trur ikkje Rydland at stamkundane har forsvunne.
– Ikkje alle etableringar konkurrerer med oss. Mange går nok innom Starbucks for ein kaffi og ein muffin. Men dei går gjerne framleis hit for å ete. Forhåpentlegvis vil ungdommane som går på Starbucks, utvikle ein smak for kaffi, og kome hit når dei er eldre, håper han.
– Korleis var konkurransen i Bergen sentrum for 20 år sidan?
– Før var det gjerne færre kafear i byen, men også fleire gjestar rundt dei som fanst. Det var elles få kioskar å sjå.
I Bergen var det Café Opera som var først ute med kontinentale kaffidrikkar som cappuccino, americano og caffè latte. I Oslo var Kaffebrenneriet ein av dei første kaffikafeane, i 1984. I dag får ein kaffidrikkar overalt, men Ryland fryktar ikkje konkurransen.
– Det er ein vanskeleg bransje, men eg trur ikkje det vil bli som det er i daglegvarebransjen, der det berre er kjeder. Folk tenker kanskje at Starbucks og Espresso House er trygt og attkjenneleg; dei veit kva dei får. Det er kanskje ikkje spennande, men det er godt nok.
Frittståande, lokale kafear kan stundom vere vanskelege å få auge på om ein er turist, men søker ein på nettet, får ein tips om gode kafear. På Café Opera kjem turistane frå og med april månad.
– Det hjelper på at turistbussane kjem køyrande forbi, seier Ryland.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ikkje alle etableringar
konkurrerer med oss.
Torstein Rydland
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen