Gravearbeid i Washington
Står ein opp tidleg nok, og held ein tempoet oppe, får ein innblikk i kva presidenten ser på TV.
Denne historia, om det indre livet i Det kvite huset, har to føresetnader: ei redaksjonsleiing som er viljug til å lata journalistar bruka seks eller ni månader på eitt journalistisk prosjekt, og journalistar som tek på seg slike oppgåver ved sida av den vanlege jobben.
Ved starten er det ingen garanti for at investeringa vil kasta noko av seg, altså at historia nokon gong kjem på trykk. Gullgravarar er ikkje åleine om å grava og grava utan å finna gull.
Kor lang tid tek det å finna ut at Donald Trump er vaken rundt halv seks kvar morgon og oppdaterer seg ved å slå på TV-en ved senga? Enkelt nok; det står eit klokkeslett på twittermeldingane hans, og for journalisten er det berre å stå opp klokka 05.30 sjølv – den minste kunst for alle natteramnar, som vi veit.
Det er lett å sjå mellom linene i denne banebrytande skildringa at pressefolka har halde jamn kontakt med mange av dei som har slutta, eller fått sparken, frå Trump-staben i desse 11 månadene. Det er spor frå folk som arbeidde for han i den tida han «berre» var ein sjølvoppteken eigedomsmagnat, eller med dei som hadde fått nok da valsigeren var i hamn 9. november i fjor.
Ein av dei er utan tvil Jason Miller, som var pressesjef for kandidat Trump, og som fekk tilbod om å verta pressetalsmann i Det kvite huet. Han sa nei «av omsyn til familien». Og det skal han ha: Det vart mykje familie å ta omsyn til. Kona hans hadde termin våren 2017, og elskarinna hadde termin eit par månader seinare. Før han ofra seg heilt for privatlivet, ga han Trump det rådet at han skulle halda fram med tvitringa.
Andre dråpar peikar mot Sean Spicer, den første pressetalsmannen, som kjelde.
Men det er òg tydelege merke av godt verna kjelder som enno toler tempoet.
I tillegg har journalistane sitt: Ein av dei tre som har skrive artikkelen, eller levert mykje av råmaterialet, er 50-åringen Glenn Thrush. Han vart suspendert frå New York Times for ein månad sidan. Han hadde stjernestatus, og statusen brukte han på to vis: Han leverte glitrande artiklar, kommentarar og reportasjar. Samstundes var han i årevis altfor «hjelpsam», det vil seie klåfingra, mot litt for mange unge kvinnelege journalistar, og klimaskiftet denne hausten gjer at han nok ikkje kjem attende til presserommet i Det kvite huset. For livets glade gutar går sola aldri ned – før ho brått gjer det, og til skilnad frå USAs 45. president ikkje står opp att klokka halv seks neste morgon.
Det var ei tid da detaljar som desse ikkje kom på trykk før det dagast for tjukke memoarar eller historiebøker. Da var hovudpersonen ekspresident. Etter at journalistikk no går i døgndrift, og det ikkje berre i fjernsynskanalane, har turtalet, tidspresset og prestasjons- og leveringskrava stige til nye og helsefarlege høgder.
Men det vert stoff av det.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det var ei tid da detaljar som desse ikkje kom på trykk før det dagast for tjukke memoarar.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.