Krig

Kjærleik i ei Trump-tid

Førre veke var ukrainarane utsette for store kjenslemessige svingingar.

Minnestaden for falne ukrainske soldatar på Sjølvstendeplassen i Kyiv fyllest tre år etter den russiske invasjonen. Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB
Publisert Sist oppdatert

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast om Ukraina for Dag og Tid.

Treårsdagen for fullskalakrigen med Russland fall ikkje heilt saman med valentinsdagen. Men det gjorde tryggingskonferansen i München. Likevel var det ikkje mykje snakk om kjærleik i samtalane og føredraga i München då europeiske og amerikanske politikarar og statsleiarar var samla for å snakke om den russisk-ukrainske krigen. I staden fortalde ein representant for den amerikanske regjeringa kvifor han ikkje liker dagens Europa.

Ord om kjærleik høyrdest mykje betre i Lviv, på Lysjakiv-gravplassen, der Natalija Palamartsjuk las dikt ved grava til mannen sin, Vasyl, som døydde i krigen i fjor. Ho drog aleine til kyrkjegarden og lét dei tre borna vere att heime. På valentinsdagen ønskte ho å vere aleine med mannen ho hadde vore gift med i 21 år. Vasyl Palamartsjuk er ein av over hundre ukrainske forfattarar og poetar som er drepne i denne krigen.

Fortviling og sinne

Dei fleste ukrainarane tenkte sant å seie ikkje mykje på valentinsdagen dette året. Etter Trumps telefonsamtale med Putin var nokre ukrainarar overvelda av fortviling, medan andre rett og slett var rasande. På sosiale nettverk er det framleis fullt av pessimisme, bitre kjensler og dystre profetiar. Det kjennest som Ukraina ligg på operasjonsbordet, og to kirurgar bøyer seg over landet med skalpellar i hendene.

Men bølgja av pessimisme og panikk i det ukrainske samfunnet byrja styrkje seg før Trump ringde til Putin. Førre veke var ukrainarane utsette for store emosjonelle svingingar, og ein nedtur kom på grunn av vedtaket i det ukrainske parlamentet om å tillate kjøp av to gamle russiske kjernekraftreaktorar frå Bulgaria til bruk i det ukrainske kjernekraftverket i nærleiken av Khmelnytskyj. 

Avgjerda blir framleis heftig diskutert. Å kjøpe noko «made in Russia» verkar umoralsk for mange ukrainarar. I tillegg er desse reaktorane utdaterte, dei treng reservedelar, og normalt vil dei måtte haldast ved like av Russland og få russisk kjernebrensel. Sjølvsagt kan ein kjøpe amerikansk kjernebrensel og tilpasse det til reaktorane, men det vil auke driftskostnadene monaleg. Og er det føremålstenleg, når ein er i krig, å bruke pengar på anna enn våpen og ammunisjon, og endåtil på ein ny reaktor som Russland kan øydeleggje med to eller tre ballistiske missil?

Tilsynelatande for å vende merksemda til ukrainarane frå kjernereaktorar til noko tryggare, godkjende parlamentet, dagen etter vedtaket om kjernereaktorane, ei lov som skipa ein nasjonal bønedag.

Det kjennest som Ukraina ligg på operasjons­bordet, og to kirurgar bøyer seg over landet med skalpellar i hendene.

Kvar 24. februar frå no av vil Ukraina be for tryggleiken til kjernereaktorar under krigen og for Ukrainas framtid generelt.

Ukrainarane, som alltid har ledd av at russiske prestar velsignar dei ballistiske missila Iskander og kalasjnikov-åtaksrifler, vakna brått opp i eit land med ein nasjonal dag for bøn.

Samtalen mellom Trump og Putin gjekk føre seg dagen etter godkjenninga av lova om den nasjonale bønedagen – 13. februar. Den venlege samtalen deira, som vara i halvannan time, verka straks stimulerande på den russiske økonomien: Russiske aksjeprisar gjekk i vêret, og rubelen styrkte seg mot dollaren.

Forretningsmenn

Det vart klart for ukrainarane at dette ikkje var ein samtale mellom leiaren for den demokratiske verda og ein autokratisk aggressor, men ein samtale mellom to forretningsmenn som er opptekne av handelstilhøve og ivrige etter å kome i gang att med gjensidig fruktbar handel. Det einaste som stoggar dette, er Ukraina. Åtaket på landet førte til ein internasjonal, men langt frå total, isolasjon av Den russiske føderasjonen.

Trump–Putin-samtalen, saman med dei underlege vedtaka i det ukrainske parlamentet, vart årsak til noko som likna nervøst samanbrot til og med blant ein del tenåringar.

Brann i sarkofagen over atomreaktoren som eksploderte i Tsjernobyl i 1986. Sarkofagen vart råka av ein russisk drone 14. februar i år, melder ukrainske styresmakter. Foto: IAEA / NTB

Den 16 år gamle dottera til den kjende ukrainske dramatikaren Natalija Vorozjbyt kunne ikkje halde tårene attende etter å ha lese utsegnene til Trump. «Det er betre å leve under bomberegn enn under 'freds'-tilhøva til desse to kynikarane», gret ho. «For under bombing kan ein håpe at ein ikkje blir treft av bombene, men under denne påtvinga 'freden' er det ikkje noko slikt håp.»

Da Zelenskyj snakka i München om behovet for einskap i det ukrainske samfunnet, vart han kritisert av fleire kjende menneskerettsaktivistar og -organisasjonar i Ukraina.

Før han drog til München, skreiv Zelenskyj under på vedtaket i Det nasjonale rådet for tryggleik og forsvar om sanksjonar mot ein del oligarkar. Lista omfattar den femte presidenten i Ukraina, Petro Porosjenko, som difor ikkje kunne vere til stades under München-konferansen sjølv. I staden laut han svare på spørsmål frå etterforskarane kvar dag, og forsvare seg mot skuldingar om forræderi framsette av Det nasjonale rådet for tryggleik og forsvar. Petro Porosjenko-stiftinga, som kjøpte våpen og ammunisjon til det ukrainske militæret, kan ikkje fungere lenger. Alle verdiane til Petro Porosjenko er frosne.

«Sanksjonar kan ikkje tene som verktøy til å bringe kriminelle for retten», erklærte menneskerettsorganisasjonane i ei felles fråsegn. «Sanksjonar kan ikkje erstatte kriminelt ansvar, fordi rettsprinsippa blir undergravne av dei politiske motiva som styrer dei som ilegg sanksjonar. Bruken av sanksjonar i staden for gransking og ei rettferdig rettssak inneber øydelegging av demokratiet i Ukraina.»

Petro Porosjenko er framleis leiar for opposisjonen og partiet Europeisk solidaritet. Volodymyr Zelenskyj har kjempa mot han lenge, og denne kampen har nådd eit nytt toppunkt som set Ukraina i eit svært ufordelaktig lys. Kan hende er årsaka til Zelenskyjs kamplyst tanken på eit presidentval som USA har insistert på.

Same kva, sanksjonane mot den tidlegare presidenten bidreg ikkje til einskap i det ukrainske samfunnet. Og utan einskap vil det vere svært vanskeleg for ukrainarane å kome seg gjennom den aktuelle militær-politiske perioden i landet.

Ukrainske metall

Dette heng ikkje berre saman med tingingar med Putin. Saka gjeld òg forholdet til USA, som krev garantert tilgjenge til ukrainske sjeldne metall. Trump har bestemt seg for å flytte relasjonar med Ukraina, inkludert militære omsyn, over i ei kommersiell ramme. Ukraina har lite handlingsrom. President Zelenskyj hadde lova amerikanarane desse metalla i byte for vidare militær hjelp. Men den opphavlege avtalen som var lagd fram av den amerikanske finansministeren, inneheldt ingen garantiar om hjelp til eller tryggleik for Ukraina, og difor underteikna Zelenskyj ikkje denne avtalen.

Fram til no har ukrainske spesialtenester identifisert over ti private kinesiske selskap som allereie arbeider på okkupert ukrainsk territorium.

Ein vesentleg del av dei sjeldne metalla finst i dei territoria som er okkuperte av Russland, som Donbas og ein del av Zaporizjzja-regionen. Sjølvsagt er desse sjeldne metalla interessante for både Russland og Kina, og private kinesiske selskap har alt sikta seg inn på desse territoria, openbert for å utvinne og bearbeide desse metalla. Kan hende planlegg Russland å betale Kina med dette som takk for hjelpa i krigen mot Ukraina? Eller gjer sanksjonane det vanskeleg for Russland sjølv å utvikle metallførekomstane, slik at dei treng kinesiske investeringar for å utnytte dei effektivt?

Fram til no har ukrainske spesialtenester identifisert over ti private kinesiske selskap som allereie arbeider på okkupert ukrainsk territorium, der dei set i verk førebuande tiltak for å byggje opp att øydelagd infrastruktur.

Treårsdagen for fullskalakrigen med Russland og elleveårsdagen for Russlands første åtak på Ukraina og annekteringa av Krim, har trekt ei nye bølgje av utanlandske journalistar til Ukraina. Dei er meir interesserte i kva ukrainarane meiner om utsiktene til ein slutt på krigen i år, enn i situasjonen ved fronten.

Ved fronten er situasjonen fastlåst. Russiske styrkar har framleis ein viss framgang, sjølv om kostnadene i liv har vore svært høge, og ukrainarane har seinka framgangen ved effektiv bruk av kampdronar for å hindre russisk transport av ammunisjon og utstyr langt inne på fiendtleg område.

Nokre stader, som i nærleiken av Pokrovsk, har ukrainske styrkar seinka den russiske offensiven og frigjort ein del bygder ved å presse russiske styrkar fleire kilometer bakover.

Det ukrainske militæret trur eigentleg ikkje at det vil vere råd å underteikne ein fredsavtale med Putin. Dei har sett seg føre å halde fram med å kjempe, sjølv om dei klagar over at dei er utslitne og manglar eit system for demobilisering eller vanleg rotasjon.

   

Bak fronten

Ikkje eingong ein jobb bak fronten er trygg for soldatane.

Ikkje eingong ein jobb bak fronten er trygg for soldatane. Russiske spesialtenester pla angripe militært personell borte frå fronten ved å leite seg framtil unge og tankelause sabotørar og brannstiftarar på sosiale nettverk, men dei har nyleg endra taktikk. Dei har lurt godtruande ukrainarar til å levere pakkar på ei spesifikk adresse. Dei er lova pengar for å levere vara til ein ukjend tredjepart. Det dei ikkje veit, er at pakken er ei bombe, og når dei kjem til inngangen på eit mobiliseringssenter eller ein annan stad der soldatar eller komande soldatar er samla, blir bomba detonert via ei telefonoppringing frå Russland eller frå dei okkuperte territoria, eller av og til frå byen der bomba er.

Ei kvinne som bar på ein handlebag, nærma seg ei gruppe ukrainske soldatar i Mykolajiv for nokre dagar sidan – og brått kom ein eksplosjon. Kvinna og tre ingeniørsoldatar vart drepne og seks andre alvorleg skadde. Dette er ikkje den første av slike saker.

Russiske medium melder stolt om slike «suksessar» som prov på at det finst ei væpna pro-russisk undergrunnsrørsle i Ukraina. Det russiske folket ser ut til å trenge desse «prova» for å oppleve at sigeren for det russiske militæret kjem nærare.

Den 14. februar, midt under München-konferansen, var eg redd for at eit liknande terroråtak kunne hende i Kyiv eller Lviv under romantiske jernbanereiser organiserte av det ukrainske jernbaneselskapet spesielt for familiane til militært personell. Militære kunne kjøpe ein kupé for seg sjølv og sine kjære, og ha to timar saman på eit tog som ikkje hadde nokon endestasjon – berre ein tur på to timar rundt i byen.

Gudskjelov gjekk valentinreisene utan ei einaste sabotasjehandling.

Uføreseieleg framtid

Den 14. februar er bak oss, til liks med tryggingskonferansen i München. Framfor oss er ei uføreseieleg framtid der Europa ikkje lenger kan satse på amerikansk støtte og Ukraina svevar mellom det fjerde året med fullskalakrig og forhandlingar med Russland. Forhandlingar som Europa ikkje får ta del i, og der dei amerikanske partnarane er meir opptekne av kor fort ein avtale kan kome i stand, enn av å verne ukrainske interesser og oppnå ein rettferdig fred.

I tillegg tek Trump meir og meir avstand frå Ukraina i det offentlege. At han no i eit X-innlegg har kalla president Zelenskyj ein diktator, er noko russiske politikarar gler seg over. Trump tek i praksis parti med Putin, som han tydelegvis ikkje ser på som ein diktator.

Maktbalansen i verda har endra seg dramatisk. Det ser ut til at Putin, med hjelp frå Trump, no vil freiste å oppnå det han ikkje har greidd med den russiske hæren og den nordkoreanske ekspedisjonsstyrken i Ukraina.

Omsett av Lasse H. Takle