JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Bondeinntektsauke – men til kven?

Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum lovar å gje bønder meir pengar, men dei seier lite om kva retning politikken skal ta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet har fått gjennomslag for at bøndene skal få meir pengar. Men Hurdals-plattforma seier lite om kva regjeringa elles vil med landbruket i Noreg.

Foto: Javad Parsa / NTB

5820
20211015
5820
20211015

Noko har skjedd med Senterpartiet. 62 år etter at partiet trong to landsmøte og åtte røystingar for å endre namn frå Bondepartiet til Senterpartiet, stod Trygve Slagsvold Vedum onsdag i Hurdal og la fram den nye regjeringsplattforma utan å bruke orda «bonde» eller «jordbruk» éin einaste gong.

Derimot sa dei begge to, altså både Støre og Vedum, «ta heile Norge i bruk» fleire gonger, og kapitla om næring og kommunal- og distriktspolitikk er dei to lengste i Hurdals-plattforma, med sine sju og åtte sider.

Landbruk har fått fire sider, og det er ikkje tvil om at eg kunne ynskje meg meir direkte tale på dei sidene for å kunne seie noko konkret om korleis landbrukspolitikken kjem til å sjå ut dei neste fire åra. Lat oss likevel gjere eit forsøk.

Kor skal gapet tettast?

Plattforma byrjar med å slå fast at inntektsgapet mellom bønder og andre næringar skal tettast – og at det inkluderer eit nytt inntektsgrunnlag basert på nivå og ikkje berre inntektsutvikling – noko som vil seie at bønder kan få større inntektsauke enn andre grupper dei komande åra. Etter det massive og tungtvegande bondeopprøret frå i vår, er ikkje det meir enn minimum av kva ein måtte forvente.  

Minst like interessant som kor mykje meir pengar som skal puttast inn i jordbruket, er det i kva for ein del av jordbruket kronene vert putta. Eller sagt på ein annan og betre måte: «I opptrappingsplanen må det også vere ei retningsendring. Det ser vi ikkje at det står noko om der», som leiaren i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS), Kjersti Hoff, sa til Nationen rett etter plattformpresentasjonen onsdag.

Dette er det ikkje like mykje semje om i jordbruket. I uttalen frå Norges Bondelag, til dømes, står det ingenting om ny retning. Retninga NBS ynskjer, er ei som reelt flyttar kroner og øre frå store produsentar til mindre, og ikkje minste frå liter eller kilo produsert produkt til dekar eller hektar utnytta jordbruksland. Usemja mellom dei to organisasjonane vart òg tydeleggjord i vår, då NBS pressa Bondelaget til å offentleggjere deira primærkrav inn i jordbruksforhandlingane.

Difor er det ekstra spennande å sjå kva retning denne regjeringa, som i skrivande stund framleis er namnlaus og enno ikkje har fått nokon landbruksminister, vel å ta.

Sjølvforsyninga

Det er setningar i plattforma som sender tankane i retning av – ja, nettopp ei retningsendring. Her står at ein vil sette eit tak på tilskot i all produksjon. Det vil seie at bønder ikkje kan vekse seg så store som helst og likevel rekne med å ta imot produksjonstilskot frå staten. Så langt har dei nok begge organisasjonane med seg. Deretter står det at ein vil auke sjølvforsyningsgrada i Noreg til 50 prosent – korrigert for, og dette er heilt nytt, fôrimport.

Per i dag har Noreg minst to sjølvforsyningsgrader. Den offisielle var i 2019 på 44 prosent. I kolonnen ved sida av er sjølvforsyningsgrada korrigert for kor mykje som er produsert gjennom bruk av kraftfôrråvarer som er importerte frå utlandet. Dette talet er 36 prosent.

I kapittelet om havbruk vil regjeringa stimulere «til økt bærekraft gjennom et eget program for produksjon av bærekraftig fôr basert på norske ressurser». Eit slikt punkt kunne dei godt ha hatt om landbruk òg, men det har dei ikkje. I staden nyttar dei vagare formuleringar som å sørgje «for betre berekraft i landbruket gjennom auka bruk av utmarksbeite, setring, klimatilpassing, investering i jord og etablering av eit nasjonalt senter for fjellandbruk».

Og det kan jo bety om lag kva som helst.

Kor tøff er Trygve?

Men om den betra berekrafta landbruket skal få gjennom bruk av utmarksbeite og stølar, også skal vere ei økonomisk berekraft, vert det naudsynt å vri tilskotssystem vekk frå dagens helling mot storleik på produksjon, og over på betaling etter storleik på – og ikkje minst driftsforhold ved – produktivt areal. Det vert naudsynt å sjå mot land som Austerrike, der ein, som i Noreg, har høgproduktive og lågproduktive område, og tilskotssystemet er basert på å utjamne skilnader i produksjonsforhold. Systemet er bygd kring eit driftsvansketilskot som gjev større utbetalingar di brattare enga er, og di høgare ho ligg over havet.  

Det ville gjort norsk utmark meir lønnsam og vore eit verkeleg løft for norsk matproduksjon. Men dei risikerer å få delar av landbruket mot seg. Eg er difor skikkeleg spent på om dei – og no tenker eg særleg på Senterpartiet, som mellom andre har ein tidlegare bondelagsleiar på stortingsbenken – vågar.

Feigar ut i butikken

Noko det alt er temmeleg tydeleg at dei ikkje vågar, er å ta attende makta frå daglegvarebransjen. Å «sikre ein betre maktbalanse i verdikjeda» vert håplaust om dei einaste tiltaka er «betre tilsyn, større openheit og meir rettferdig fordeling av verdiane i heile kjeda». Daglegvarebransjen kjem ikkje til å legge til rette for å vere opnare utan konkrete, juridiske verkemiddel. Det einaste verkemiddelet regjeringa Støre/Vedum kjem med, er endå ei stortingsmelding. Det vert i så fall den tredje sidan 2011.

Og det er alvorleg – for utan meir kontroll her er det vanskeleg å seie kva som vert att av inntektsauken dei lovar bøndene. Dei seier ingenting om det, men det er vanskeleg å sjå føre seg at det store inntektsgapet skal tettast utan at noko av rekninga hamnar på liter- og kiloprisar i butikken.

Men kor mykje er vi, sjølv dei av oss som bryr oss om og vil betale for norsk matproduksjon, viljuge til å betale for ein liter mjølk når vi ikkje veit kor mange av dei kronene daglegvarebaronen stikk rett i eiga lomme?

Siri Helle

Siri Helle er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Noko det alt er tydeleg at dei ikkje vågar, er å ta attende makta frå ­daglegvarebransjen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis